Dagens studentar er meir medvitne om klima enn generasjonane før, og forventar òg noko anna frå universiteta, meiner NMBU-prorektor Solve Sæbø. Foto: Anne Skifjeld

Lagar felles plattform for berekraftsundervisning

Berekraft. Berekraft bør inn i all undervisning, meiner gruppa som har jobba med ei felles, digital berekraftsplattform.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Dagens studentar krev å vera ein del av å finna løysingar, og dei vil vera med på kunnskapsskapinga. Og det er bra!

Det seier Solve Sæbø, prorektor ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU).

Fakta

Nasjonal plattform for bærekraft i høyere utdanning

Under den store bærekraftskoferansen i bergen skal man fredag diskutere den nye plattformen for bærekraft i høyere utdanning.

Framleggingen blir streamet.

Les også: Plattformen

13:00-14:10 National Platform for SDG Quality in Higher Education

  • Dr. Solve Sæbø, Pro-rector Education, Norwegian University of Life Sciences

Comments on the National Platform for SDG Quality in Higher Education by:

  • Dr. Kenneth Ruud, Pro-Rector for research, UiT – The Arctic University of Norway
  • Dr. Sjur Baardsen, Rector, Norwegian University of Life Sciences
  • Dr. Svein Stølen, Rector, University of Oslo
  • Dr. Anne Borg, Rector, Norwegian University of Science and Technology
  • Dr. Dag Rune Olsen, Rector, University of Bergen and Chair, Universities Norway

Moderator:

  • Mr. Dankert Vedeler, former co-chair of the global SDG Education 2030 Steering Committee

14:10–14:20 Closing remarks

  • Mr. Henrik Asheim, Minister of Research and Higher Education, Government of Norway

Khrono treffer han i pausen av første dag av den store berekraftskonferansen ved Universitetet i Bergen - SDG Confersence Bergen.

Universitetet i Bergen skriv sjølv om konferansen at her treffest universitets- og høgskulesektoren, næringsliv, fagrørsle, frivillige organisasjonar og dei som fattar avgjerdsler. Mål: Å drøfta korleis sektoren skal arbeida med berekraftsmåla.

Ein ny pedagogikk

Sæbø har leia ei arbeidsgruppe som det siste året har jobba med ei felles plattform. Der skal institusjonane kunne dela døme på korleis ein jobbar med berekraft innanfor undervisning. Plattforma vert formelt vist fram under siste del av konferansen.

Dagens studentar krev å vera ein del av å finna løysingar, og dei vil vera med på kunnskapsskapinga.

Solve Sæbø

— Me viser fram nokre døme på korleis ein kan setja fokus på berekraft. Ein kan til dømes snakka om bereraftdilemma i eit eksisterande kurs, ein kan ha eigne kurs knytt til berekraft, og ein kan òg ha eigne program, til dømes masterprogram. I tillegg kan ein ha institusjonelle tiltak som til dømes berekraftspilotar, som dei byrja med ved UiT, seier Sæbø.

Då det vart bestemt i fjor at ein skulle ha eit felles arbeidsverktøy, var det sagt at det særleg var utdanning som skulle stå i fokus. Slik har det òg vorte. Det trengs ein ny pedagogikk, heiter det i rapporten som vert lagt fram.

— Universitetspedagogikken har stort sett vore retta mot djupnelæring innanfor ein dispilin, men for å rusta studentane med det dei treng for å løysa berekrftsutfordringane er ikkje dette nok, seier Sæbø.

— Kva treng dei i staden?

— Dei treng framleis djupnekunnskap. Men dei treng òg andre dugleikar, seier Sæbø, og nemner både tverrfagleg samarbeid, kritisk sans og kreativitet som viktige døme på slike.

Gruppa som har jobba fram plattforma har sett på både kva som trengs av utvikling av pensum og læringsformer, og kva hinder ein kan sjå.

— Me må utdanna studentar som kan forstå eit system. Dersom ein løyser ei berekraftutfordring risikerer ein å øydelegga innafor andre felt. Studentane må forstå dette samspelet, seier Sæbø.

Innovativ kraft

Også FN ser til studentane. Dr. Petter Messerli, som hadde årets SDG Bergen-førelesing, la vekt på studentane si rolle då han talte på konferansens første dag.

— Eg har stor tru på at universiteta og studentane er den viktigaste vektstanga i arbeidet med FN sine berekraftige utviklingsmål. På fire år kan ein utdanna folk som vil gå inn i det offentlege og næringslovet med kunnskap og kompetanse som kan brukast i samfunnet. Det er eit stort potensiale der, sa han til På Høyden.

I ein kronikk i Khrono skriv UiB-rektor Dag Rune Olsen, saman med rektorane frå dei andre universiteta som er med og arrangerer berekraftkonferansen – NTNU, UiO, UiT og NMBU, at «Det hviler et tungt ansvar på oss som leder universiteter i dag: vi må utruste våre studenter med den kunnskapen og de ferdigheter de trenger for å bidra til å snu den katastrofale utviklingen som er med på å true både vår sivilisasjon og vår klode».

— Studentar har eit vidsyn og er innovative. Dei står ikkje fast i dei faglege tradisjonane, men er ei innovativ kraft. Det er ein ressurs me må bruka, meiner Solve Sæbø.

Powered by Labrador CMS