Debatt

Lærerutdanninga nord og ned?

Skal ikkje Nordland lenger ha ei fullverdig lærarutdanning for grunnskulen, spør Karl Jan Solstad.

Det har vært flere protestaksjoner mot nedleggingen av studiested Nesna på Helgeland, som dette bildet er fra.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I 1918 fekk Nordland sin første lærarskule. På denne tida var det i Nordland stor lærarmangel. Tanken var at ein lærarskule ville styrkje rekrutteringa til læraryrket i fylket.

Utbygginga av grunnskuleverket i etterkrigstida og store barnekull førte igjen til skort på lærarar.

Løysinga blei i alt sju såkalla «statens lærarskuleklassar», strategisk lokaliserte for å betre lærarrekrutteringa i dei områda der behovet var størst. Bodø fekk sine lærarskuleklassar i 1951. Alle desse provisoriske utdanningane blei snart gjort om til permanente lærarskular. I Nordland har det altså i nærmare 70 år blitt utdanna lærarar på to ulike stader.

Trua på ein samanheng mellom utdanningsstad og den geografiske rekrutteringa både til utdanninga og til skuleverket i det aktuelle området, kunne snart stø seg på forsking. Ei kartlegging av lærarane i grunnskulen i Nordland i 1969-70 slo fast at lærarar utdanna i landsdelen, oftare tok arbeid her enn dei som hadde utdanninga frå Sør-Noreg.

Ei ny lærarundersøking som femna om heile Nord-Noreg, kom fram til det same (NOU 1978: 50). Seinare, i 1997, fann Einar Jetne at 70 prosent av lærarane i distriktsskular på Helgeland hadde utdanninga si frå Nesna, noko som galdt 55 prosent for heile Nordland.

Må omsynet til god lærarrekruttering og ei kvalitativt best mogleg utdanning av lærarar i fylket vike for Nord universitetets harde prioriteringar for å sikre sin universitetsstatus?

Karl Jan Solstad

No veit vi at Høgskolen på Nesna dei seinare åra sleit med rekruttering av studentar, noko Bodø òg har gjort. No kan unge menneske sine preferansar for studiestad gå i bølgjer. Nokre år med litt sviktande rekruttering burde kanskje ikkje vere spikaren i kista for ein veletablert institusjon med førsteklasses fasilitetar.

Må omsynet til god lærarrekruttering og ei kvalitativt best mogleg utdanning av lærarar i fylket vike for Nord universitetets harde prioriteringar for å sikre sin universitetsstatus?

I det sentralt styrte strevet for offentleg sparing, sterkare fagmiljø, sentralisering osb. har høgare utdanning dei seinare åra vore under press for å samle seg i færre og meir «robuste» einingar. Såleis blei i 2016 høgre utdanning i Nordland og Nord-Trøndelag del av det som no skulle heite Nord universitet, rett nok under klåre føresetnader om at det faglege arbeidet ved dei ulike studiestadene skulle vidareførast. Likevel, berre tre år seinare vedtok Nord-universitetet å leggje ned lærarutdanninga på Nesna.

Slik studiane ovanfor tyder på, er truleg nedlegging av Nesna som studiestad for nye lærarar eit stort tap for grunnskulen i Nordland og spesielt for Helgeland. Så blir det vel gjort desto meir for at lærarutdanninga ved Campus Bodø skal få dei aller beste vilkåra? Dessverre, truleg ikkje.

Med dei harde prioriteringane som eit universitet må gjere når det kjempar for si stilling som, ja nettopp, universitet, blir det vanskeleg å prioritere fag (som praktiske og estetiske) og aktivitetar (praksisopplæring) som anten gjev lite utteljing på doktorgradsstatistikken eller som er økonomisk særleg ressurskrevjande.

Lærarutdanninga står lagleg til for hogg. Vi har til dømes dei seinare åra sett meir bruk av innleigde timelærarar i praktisk-estetiske fag. Slike lausarbeidarar kan sjølvsagt vere dyktige nok, med vil ikkje som fast tilsette sikre eit levande fagmiljø.

No blir biletet for lærarutdanninga i Nordland ytterlegare komplisert ved at leiinga for grunnskulelærarutdanninga ligg i Levanger. Rimeleg nok er det der viktige premissar blir lagt òg for det som skal skje i Bodø og Nordland.

Til dømes synest det å bli slik at lærarstudentar som ønskjer seg spesialisering i visse praktisk-estetiske fag, må til Levanger for å fullføre lærarutdanninga. Dette fremjar ikkje rekrutteringa til lærarutdanninga i Bodø og heller ikkje til grunnskulen i Nordland.

Då lærarutdanninga i 2004 blei flytta frå heilt akseptable lokale i Rønvik til Mørkved-senteret, kom ho faktisk til nye og velutstyrte lokale, òg for dei ulike praktiske og estetiske faga.

No kan det bli slik at spesialrom for til dømes «kunst og handverk» (forming) eller «mat og helse» dels blir ståande ubrukte eller ikkje blir halde i hevd. Nødvendig vedlikehald og kontinuerleg oppgradering er ikkje noko som innleigde timelærarar kan ta seg av.

Det som vi her har peika på med nedlegginga av Nesna og (ned)prioriteringar for den lærarutdanninga som er igjen i Nordland, vil eg tru gjer spørsmåla i innleiinga til denne kronikken alt anna enn urimelege. Kort sagt: skal ikkje Nordland lenger ha ei fullverdig lærarutdanning for grunnskulen?

(Dette innlegget stod først på trykk i Avisa Nordland 7. juli 2020.)

Powered by Labrador CMS