NTNU er versting på nynorsk

Mange klagar, men nynorsksyndene held fram, fortel Norsk Målungdom. Tal frå ny klageportal syner at det framleis står dårleg til, og NTNU er ein versting.

Publisert   Sist oppdatert

Norsk Målungdom har laga klageportalen for å gjere det lettare for studentar å klage når lærestadane ikkje fylgjer mållova.

Målungdommen fortel no at tala frå i haust syner at det framleis står dårleg til.

(Foto: Ole Gunnar Dybvik og Mia Holvik)

— Kvart år opplever mange studentar at dei ikkje får eksamen på nynorsk, seier leiar Synnøve Marie Sætre til Khrono, og ho legg til:

Det er rett og slett ikkje godt nok. Mållova skal følgjast.

Synnøve Marie Sætre
Leiar, Norsk Målungdom

— Det alvorlege er at vi ikkje ser noko betring. Det verkar som om mange av universiteta og høgskulane ikkje tek seg bryet med å prøve å oppfylle krava frå Mållova, og nynorskstudentane sit att som taparane, meiner ho.

15 klagar - 5 frå NTNU

Kirsti Lunde som er skrivar i Norsk Målungdom fortel at dei i haust gjennom portalen har fått inn 15 klagar.

— Vi må sjølvsagt vere forsiktige med å bruke tala frå denne portalen, det kan ha kome fleire klagar utanom portalen vår, og det kan hende at det er studentar som lar vere å klage, presiserer ho, og fortset:

— Men alle dei store institusjonane er representerte på klagelista vår, mellom anna universiteta i Oslo, Stavanger, Bergen og Tromsø, Høgskolen i Oslo og Akershus og altså også NTNU

— Ille at det ikkje blir betring

Leiar for målungdommen trur kanskje ikkje situasjonen har blitt verre, men ho synest det er ille at ein ikkje ser nokon betring.

— I vår hadde vi jo denne saka på NTNU Gjøvik, der prøva var gitt på eit veldig dårleg språk, og denne saka fekk stor merksemd, seier Sætre og legg til:

— Me har nokre verstingar som går att. Det syner at lærestadane ikkje tek studentane sine rettar på alvor, meier ho.

Kva studentane klagar på, er det same frå semester til semester.

— Vi får nokre klagar på svært dårleg språk, men nesten alle klagane vi får inn, går på at eksamenssettet berre fanst på bokmål, seier Sætre.

Språkdirektør trudde det var tull

Det var den «nynorske» varianten av eksamensoppgåva i statistikk og økonomi ved NTNU Gjøvik, i mai i år som vakte stor oppsikt i sosiale medium. Han var skriven på så hjelpelaust dårleg nynorsk at fleire trudde det var fleip.

Les også: Hjelpeløs nynorsk på NTNU

Her er nokre døme:«Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp tå ny»….«Verdsetj investeringas lønnsemd ut tå nåverdimetoda…»…«Kvisleis er investeringa si internrente…», «Bedrifta verdsetj au ei anna maskin til anskaffingskost…».

Språkdirektør Åse Wetås trudde det heile var ein spøk. 

— Når eg såg at det stod «kvisleis», trudde eg det heile berre var tull. Men om det er harselas med nynorsken eller mangel på kunnskap, så er det trist begge delar, sa Wetås til Khrono den gongen.. Ho legg likevel til at hjelpa er nær: 

— Vi i Språkrådet stiller gjerne opp med nynorskkurs. Uansett ser det ut som om det er dårleg kvalitetssikring på NTNU Gjøvik, sa språkdirektøren til Khrono i vår.

Les også: Tips til deg som slit med nynorsken

Bovim tok grep

NTNU fortel kommunikasjonsdirektør Christian Fossen, at rektor Gunnar Bovim tok ordentleg tak i nynorsk-saka etter Gjøvik-episoden og slo fast at slike feil ikkje skal finnast på NTNU.

Fossen tek atterhald om at han ikkje kjenner det konkrete innhaldet i klagane som er send NTNU, men fortel:

— Vi har omlag 150 individuelle eksamenar årleg ved NTNU. Det er faglærarane sitt ansvar å sørgja for at oppgåvesettet finst på dei målformene som krevst. Ved NTNU kan ein velje engelsk, bokmål eller nynorsk.

— Vi skal ha høg kvalitet og oppgåvesettet skal finnast på dei målformene som det er bede om. Det skal òg vera eit korrekt godt språk, seier han, samstundes som han konstaterer at dei kan bli betre, all den tid NTNU er overrepresentert på klagelista.

— Utan at det skal vere ei orsaking, så er vi den største institusjonen, og tala våre vil av den grunnen på nokre område vere litt høgare enn på mindre lærestader, seier Fossen.

HiOA fekk refs for eit år siden

Hausten 2015 fekk Høgskolen i Oslo og Akesrhus (HiOA) refs frå Språkrådet. I eit brev til HiOA skriv Språkrådet at undervisningsspråket på førelesningane ikkje påverkar studentane sin rett til å få eksamen i eiga målform.

Dei ber om tilbakemelding frå HiOA på korleis dei vil sikre språkrettane til studentane. I tillegg er dei ikkje nøgde med rapporteringa til høgskulen:

«Samtidig minner me om at Høgskolen i Oslo og Akershus ikkje har levert nokon rapport om korleis de generelt vekslar mellom målformene dei siste åra, trass fleire purringar. Det ventar me at de gjer for 2015.»

Sjå heile brevet her

Ikkje berre kritikk

— Det blir gjort ein god jobb på fleire lærestadar. Mange gjennomfører digitale eksamenar der det er lett å ha eksamenssettet tilgjengeleg på begge målformer, og mange har gode ordningar som sikrar at kvar student får eksamen på rett målform, skryt Sætre.

Alle klagene Norsk Målungdom sender inn, går òg i kopi til Språkrådet, som pålegg lærestaden å svare for korleis dei vil hindre at noko liknande skjer igjen. 

— Dei fleste lærestadane lovar å gå gjennom rutinane sine, men fleire svarar berre med ei orsaking og at dei ikkje ønskjer at noko liknande skal skje igjen, fortel Sætre.

— Det er rett og slett ikkje godt nok. Mållova skal følgjast, og då må ein gjere skikkelege tiltak, ikkje berre ønskje at problemet skal gå over.

Les også: Superlæraren kan nynorsk i alle fag