Debatt ●Jan Morten Loftesnes og Renate K. Nordnes
Kvalifiserte lærarar er naudsynt for å sikre god opplæring
Det hjelper lite at KS sine leiarar uttrykkjer at lærarutdanna lærarar ikkje er så viktige, skriv Renate Nordnes og Jan Morten Loftesnes, som begge er tillitsvalde.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Dei siste vekene har lønskonflikten mellom Kommunesektorens organisasjon (KS) og tre lærarorganisasjonar spissa seg til. Som lærarutdannarar og medlemmar av Utdanningsforbundet er vi særleg bekymra for den stadige nedgangen i søkartal til dei ulike barnehage- og lærarutdanningane.
Utdanningsforbundet er den største lærarorganisasjonen i landet. Dei har ulike medlemsgrupper og over 190.000 medlemmer. Ei av medlemsgruppene er lærarutdannarar. Vi som utdannar lærarar vil naturleg nok hevde at utdanning er særleg viktig innan utdanningssektoren, og at tilgang til kvalifiserte lærarar er naudsynt for å sikre elevar god opplæring.
Difor blir vi provoserte av utsegner frå mellom anna Tor Arne Gangsø og Helge Eide i KS om at «Lærarkrisa kan avblåsast». Ikkje berre bagatelliserer KS-leiarane manglande lærarkrefter, noko som i seg sjølv er alvorleg sidan det burde vere deira oppgåve å bidra til auka rekruttering i staden for å bortforklare og tåkelegge lærarmangelen.
Verre er det at dei i same slengen undergrev viktigheita av ei pedagogisk utdanning, for å sikre at barnehage og skule kan rekruttere fagutdanna personale. Dei skriv mellom anna at innan fag- og yrkesopplæring i vidaregåande skule er det fagarbeidarar og «annan pedagogisk kompetanse» som kan fylle hola.
KS-leiarane burde vite, og ikkje minst støtte, at eit krav om lærarutdanning ligg til grunn for at ein lærar er betrakta som kvalifisert, og at omgrepet «annan pedagogisk kompetanse» vert tolka noko ulikt i praksis. Som lærarutdannarar reagerer vi altså på retorikken til KS.
Til Nationen skriv Eide og Gangsø at «Utdanningsforbundet bruker en snevrere lærerdefinisjon enn lovverket, slik at tallene på «ukvalifiserte lærere» virker større enn de faktisk er.» Forskrift til opplæringslova opnar også opp for at det er mogleg å tilsette personar som ikkje har godkjent lærarutdanning i faste undervisningsstillingar. Kravet om kva som ligg i konseptet «tilsvarande pedagogisk kompetanse» er for oss striden si kjerne.
Når vi veit at enkelte kommunar søkjer etter skuleungdom som tek seg eit friår etter vidaregåande for å fylle undervisingsstillingar, er smottholet blitt noko vidt. Då hjelper det lite at KS sine leiarar uttrykkjer at lærarutdanna lærarar ikkje er så viktige. Vi tvilar også på at dette synet er med på å heve status for læraryrket eller støttar behovet for å ta ei femårig lærarutdanning.
Kva er det som gjer at det er viktig at dei som underviser har ei lærarutdanning? Gjennom utdanninga utviklar studentane pedagogisk, fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Dei lærer at Per ikkje lærer på same måte som til dømes Kari eller Ahmed. Ein utdanna lærar har tileigna seg særlege kunnskapar om barn og unge sine sosiale og faglege utviklingsmoglegheiter, og korleis dette kan setjast i system for å utvikle alle elevane sitt individuelle potensial i ein sosial samanheng.
Vi veit at stadig fleire elevar vert knytte til rådgivingstenesta og helseapparatet, men det førebyggande arbeidet og kunnskapen om korleis ein kan byggje relasjonar, empati og forståing for ulikskap er noko ein tek opp i lærarutdanninga. Det er også noko som læraren gjennom god klasseleiing heile tida jobbar med på ulike nivå.
Vil det vere viktig å møte praktiske og didaktiske modellar med ulike teoretiske perspektiv? Ha kunnskap om skuleutvikling, klasseleiing og læreplanutvikling? Utvikle pedagogiske grunnsyn og prøve dette ut i ein vegleia situasjon, både på lærarutdanningsinstitusjonen og i praksisopplæring? Har ikkje dette ein samfunnsmessig verdi? Når vi ser kva KS sine leiarar kommuniserer ut, er vi i tvil om kva dei meiner. Vi tør påstå at det som kjem til uttrykk er eit syn vi er sterkt usamde i.
Berre lærarar er lærarar. Vi utdannar lærarar som i dag brukar minimum fem år på si utdanning. Vi har fått følgje opp lærarstudentar som no er kvalifiserte lærarar med høg grad av motivasjon, integritet og stoltheit for sitt kommande yrke. Difor er det ikkje godt å oppleve at skuleeigarrepresentantar frå KS snakkar ned tydinga av lærarutdanninga, og at haldningane dei representerer kan vere med på å undergrave profesjonen.
Lærarorganisasjonane som streikar gjer ikkje dette på grunn av at dei er grådige. Dei streikar for løn, men òg for å bli sett, høyrt og anerkjent. Ein kvalifisert lærar er ein god lærar. Då held det ikkje å peike på at vi ikkje har noko lærarkrise, eller at kven som helst kan gå inn og ta over undervisninga.
Auka status og løn vil truleg sørgje for at vi som lærarutdannarar får fleire studentar, og det trur vi faktisk at vi treng for å sikre kvalitet i utdanningslaupet for Kari, Per og Ahmed.
Nyeste artikler
Har varslet behov for å kutte opp imot 100 årsverk. Kun åtte får tilbud om sluttpakke
Tilbake til penn og papir?
Hva vil vi med barnevernspedagogutdanningen?
Risikofylt forskning, pandemier og biovåpen
Åpen forskning muliggjør forskningsnær utdanning
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Juss-nestor mener Kjerkols fuskesak må behandles på nytt
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024