Kunstig intelligens

Kunstig intelligens: — Vil bli bruk for fleire kunnskaps­arbeidarar

Ingen grunn til at forskarar skal frykte for jobbane sine. Tvert imot, ifølgje NHH-professor Tor W. Andreassen.

— Er det noko Noreg treng, så er det auka produktivitet. Kunstig intelligens kan gi oss det — dersom vi har humankapitalen og kunnskapsarbeidarane vi har bruk for, seier professor Tor W. Andreassen.

Det er all grunn til å tru at det blir bruk for færre forskarar i den nære framtida, slo medieprofessor Petter Bae Brandtzæg fast i Khrono nyleg. Bakgrunnen var ny teknologi bygd på kunstig intelligens (KI), som no raskt gjer sitt inntog, mellom anna i form av den mykje omtalte samtaleroboten ChatGPT.

No peikar ein annan professor i stikk motsett retning.

— Vi vil få ein auka etterspurnad etter forskarar, kunnskapsarbeidarar og kvitsnipparbeidarar i Noreg. Brandtzæg og andre forskarar treng ikkje bekymre seg eller legge jobben inn i kveldsbøna, seier Tor Wallin Andreassen, professor og innovasjonsforskar ved NHH til Khrono.

Han får støtte av Pierre Lison, seniorforskar ved Norsk Regnesentral og ekspert på språkteknologi og maskinlæring. Han trur ikkje samtalerobotar vil føre til vesentlege endringar på arbeidsmarknaden for akademikarar.

— Det kan hende visse oppgåver blir endra eller effektiviserte. Men vi må hugse på at teknologien erstattar oppgåver, ikkje jobbar. Nokre funksjonar blir borte, andre kjem til. Eg trur ikkje forskarar kjem til å få sparken, seier han.

— Som ein tsunami

Samtaleroboten ChatGPT frå det amerikanske (og Elon Musk-finansierte) selskapet Open AI, har fått mykje omtale dei siste dagane. Det dreier seg om avansert språkteknologi basert på kunstig intelligens, som kan løyse oppgåver i eit forrykande omfang og tempo — og med forbløffande presisjon.

Som Khrono har skrive, er ei av bekymringane i desse dagar at studentar skal ta samtaleroboten i bruk til å skrive eksamensoppgåver.

Andreassen skriv også om tematikken i ein kronikk i Dagens Perspektiv.

Fakta

Kunstig intelligens

  • Kunstig intelligens (KI/AI) er digitale system som utfører oppgåver som normalt krever menneskeleg intelligens.
  • KI utfører handlingar, fysisk eller digitalt, basert på tolking og behandling av strukturerte eller ustrukturerte data med sikte på å oppnå eit bestemt mål. Visse KI-system kan også tilpasse seg gjennom å analysere og ta omsyn til korleis tidlegare handlingar har påverka omgivnadene.
  • Chatbot, eller samtalerobot, er eit avansert dataprogram og språkteknologi basert på kunstig intelligens som kan føre samtalar med brukarane.

Kjelde: EU/regjeringen.no, Sintef

Til liks med Brandtzæg peikar Tor Andreassen på at maskinen — eller gjetteteknologien, som han kallar det — kjem til å pumpe ut enorme mengder tekst og informasjon, eller på fagspråk: predikasjonar.

Det er nettopp dette som vil føre til stigande etterspurnad etter kunnskapsarbeidarar, meiner han.

— Predikasjonane vil komme mot oss som ein tsunami. Men det er opp til mennesket å vurdere substansen og ta avgjerslene.

— Teknologien genererer berre svar på spørsmåla vi stiller. Det kan vi bruke mindre tid på i framtida. Men det vil krevje stor merksemd og ressursar å tolke det som kjem ut. Det er dette som er den kritiske flaskehalsen. Predikasjonar blir tilgjengeleg for kven som helst. Men dette berre aukar behovet for kompetente menneske som kan gjere vurderingane. Like ein pilot som alltid må vurdere utfallet dersom autopiloten foreslår å lande i Atlanterhavet.

Treng menneske

Andreassen, som forskar ved senteret Digital Innovation for Growth ved NHH, er mest bekymra for at vi skal mangle forskarar og andre kunnskapsarbeidarar, når kunstig intelligens for alvor gjer sitt inntog.

— Det er mangel på spisskompetanse i STEM-faga i dag, det skremmer meg litt. Det hastar med å få opp humankapitalen, seier økonomiprofessoren (STEM: forkorting for Science, Technology, Engineering, Mathematics, red.merkn.).

Økonomiprofessoren meiner kunstig intelligens kan bli akkurat den produktivitetsmaskinen Noreg har bruk for.

— Er det noko Noreg treng, så er det auka produktivitet. Kunstig intelligens kan gi oss det, dersom vi har humankapitalen og kunnskapsarbeidarane vi har bruk for.

Andreassen legg til at sjølv om det blir fleire av dei, kan innhaldet i jobbane kome til å endre seg. Nokre kategoriar vil forsvinne, nye kome til. Han peikar på historiske parallellar frå næringslivet: I banknæringa opplevde ein nedbemanning, særleg i kundefronten, fordi teknologi tok over. Men dette genererte behov for andre jobbar. Det same skjedde innanfor reiseliv, ifølgje professoren.

— Då reknearka kom, trudde mange at økonomane kom til å forsvinne. Sidan har etterspurnaden etter økonomar berre auka.

«Fabelaktig»

I intervjuet med Khrono sist veke, karakteriserte Petter Bae Brandtzæg den nye språkteknologien som «fabelaktig god» og «mindblowing». Blant anna derfor utfordrar — og overgår — han menneskeleg effektivitet for eksempel i grunnleggande tekstarbeid, ifølgje medieprofessoren.

Spådomen om at dei manuelle yrka vil ryke med automatiseringa er dermed snudd til at det i staden blir mange på utdanningstoppen som må basere seg på å finne andre ting å gjere, ifølgje Brandtzæg.

Ikkje alle var einige i den vurderinga, blant dei Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen. Ho var inne på same spor som Andreassen er:

— Det vil blant anna handle om kjeldekritikk, om å sjå på korleis vi kan finne ut kva som er påliteleg av det chatboten seier. Vi treng å utvikle ein kunnskap om korleis vi brukar teknologien, sa ho.

På godt og vondt

Språkteknologieksperten Pierre Lison peikar på at kunnskapsgrunnlaget for samtaleroboten er avgrensa til tekstsamlinga som er blitt brukt til å «trene» han.

— Nye eksperiment som kan skape ny kunnskap er ikkje noko desse systema kan lage, påpeikar han.

Seniorforskar Pierre Lison trur ikkje på dårlegare tider på den akademiske arbeidsmarknaden.

Lison trur heller ikkje ny KI-basert teknologi nødvendigvis vil auke det digitale gapet mellom yngre og eldre generasjonar.

— Samtalerobotar som ChatGPT er ganske intuitive i bruk og har ei kommunikasjonsform og eit naturleg språk både unge og eldre kan bruke, på sine morsmål. Når dette er sagt, der er visse veikskapar. Nokon gonger gjettar systemet seg til svaret. Dette krev evne til kjeldekritikk.

Potensialet for misbruk, for eksempel i form av falske nyhende og propaganda, er understrekar det aukande behovet for slik kritisk kompetanse, meiner Lison.

— Det kjem til å komme nye og betre versjonar, allereie om nokre månader kjem ein ny versjon av GPT, som er «språkmotoren» bak. Heilt sikkert er det at teknologien kjem til, på godt og vondt, å føre til vesentlege endringar på mange samfunnsområde.

Powered by Labrador CMS