Kunstig intelligens

Medie­professor: — Kunstig intelligens vil ta jobben frå mange forskarar

Dei som snur seg fortast vil klare seg best, trur Petter Bae Brandtzæg.

Kunstig intelligens kjem i løpet av få år til å endre arbeidskvardagen for forskarar og studentar radikalt , meiner professor og forskingsleiar Petter Bae Brandtzæg.
Publisert Oppdatert

— Vi trudde automatiseringa først og fremst skulle ramme manuelle yrke. Det motsette skjer, det er vi på utdanningstoppen som blir ramma. Det trur eg ikkje mange hadde sett for seg, seier Petter Bae Brandtzæg, som er professor i medieinnovasjon ved Universitetet i Oslo og sjefforskar ved Sintef Digital.

Fakta

Kunstig intelligens

  • Kunstig intelligens (KI/AI) er digitale system som utfører oppgåver som normalt krever menneskeleg intelligens.
  • KI utfører handlingar, fysisk eller digitalt, basert på tolking og behandling av strukturerte eller ustrukturerte data med sikte på å oppnå eit bestemt mål. Visse KI-system kan også tilpasse seg gjennom å analysere og ta omsyn til korleis tidlegare handlingar har påverka omgivnadene.
  • Chatbot, eller talerobot, er eit avansert dataprogram og språkteknologi basert på kunstig intelligens som kan føre samtalar med brukarane. (kjelde: EU/regjeringen.no, Sintef

Diskusjonane går høgt etter lanseringa av samtaleroboten ChatGPT frå det amerikanske selskapet Open AI, som er langt meir avansert enn tidlegare, liknande verktøy. Samtaleroboten, eller chatboten, er basert på kunstig intelligens (KI) og kan skrive avhandlingar, dikt eller løyse matematiske oppgåver i høgt tempo.

Som Khrono har skrive, er ei av bekymringane at studentar skal ta ChatGPT i bruk til å skrive eksamensoppgåvene sine.

Potensialet er nærast endelaust, men også utfordringar og farar står i kø med teknologien, som blir stadig meir tilgjengeleg for folk flest og utviklar seg svært fort.

— Teknologien har verkeleg skote fart i løpet av det siste året. Eg har jobba med chatbot sidan 2016. Sidan den tid har det skjedd ein revolusjon. Den språkbaserte teknologien bak ChatGPT er rett og slett mindblowing, til å bli slått i bakken av. Eg synest den skriv fabelaktig godt på enkelte område, seier Brandtzæg.

Vil ta jobben frå mange

Medieprofessoren er ikkje i tvil om at maskinene i form av kunstig intelligens (KI) kjem til å ta jobben frå mange i kunnskapsorienterte og kreative yrke dei neste åra.

— Tekstskriving og språk er noko veldig mange forskarar driv med. No blir dette kraftig effektivisert. Veldig mykje av arbeidet kjem til å bli gjort av kunstig intelligens. Då blir det sjølvsagt eit spørsmål kor mange forskarar vi vil trenge, seier han.

— Veldig mange vil måtte tenke nytt, dette kjem til å komme for fullt dei neste 3—4 åra. Sjå for deg ein arkitekt som har brukt vekevis på å designe ein fasade. No kan KI gi deg eit forslag til fasade på få sekund med eit tastetrykk.

For dei forskarane som ikkje forsvinn i dragsuget, kan livet også bli enklare, ifølgje Brandtzæg. Ein annan av Open AIs intelligente språkmodellar, GPT3, kan for eksempel bidra til å skrive søknader.

— Det vil jo lette arbeidet for forskarane. Men knekke ryggen på Forskingsrådet.

Hallusinerer

Det siste er Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur, einig i. Ho trur derimot ikkje, som Brandtzæg, at mange forskarar kjem til å miste jobbane sine når kunstig intelligens kjem for fullt.

— Nei, det trur eg vil skje i berre liten grad. Eg trur det fortsatt blir bruk for dei fleste av oss, og at vi vil bruke KI som støtte i arbeidet. Eg trur også vi kjem til å verdsetje det menneskelege og den munnlege samtalen i større grad.

Rettberg er ein av forskarane bak Senter for digitale forteljingar ved Universitetet i Bergen, som nyleg fekk status som Senter for framifrå forsking (SFF). Målet er å utforske korleis menneske og samfunn blir påverka av at liva våre meir og meir blir styrte av algoritmar.

Dei siste dagane har Rettberg brukt til å studere ChatGPT nærare.

Professor Jill Walker Rettberg er spent på om ho greier å avsløre talerobot-genererte eksamenssvar i år.

— Denne chatboten er veldig imponerande, men han har sine avgrensingar. For eksempel oppgir ikkje ChatGPT kjelder. Og han hallusinerer, det er faktisk ordet produsenten brukar. Det er ikkje alltid han snakkar sant. Samstundes kan han verke veldig overtydande når han ikkje snakkar sant. Så sjølv om veldig mykje er riktig, må kvar einaste påstand sjekkast om det skal bli påliteleg.

Rettberg er akkurat no spent på kva som ligg i bunken med eksamenssvar. Ho trur det er svært sannsynleg at dei som sit med sensur i tida framover vil få i alle fall delvis genererte tekstar frå studentar.

— Eg kjem til å sjå litt ekstra etter om titlar er korrekte, og om eg ser typar feil eg ikkje har sett før. Dette er slike ting ein plagiatkontroll ikkje kan ta.

Rettberg er i gang med å integrere KI og talerobotar i undervisninga. Studentane skal bruke dei og få oppgåver med sikte på å reflektere om korleis teknologien kan brukast.

— Det vil blant anna handle om kjeldekritikk, om å sjå på korleis vi kan finne ut kva som er påliteleg av det chatboten seier. Vi treng å utvikle ein kunnskap om korleis vi brukar teknologien. Får vi til det, trur eg samtalane med talerobotane kan bli fruktbare.

Spyr ut tekst

Petter Bae Brandtzæg samanliknar omveltinga vi er inne i med då fotografiet tok over for teikning og måleri.

— Plutseleg kan alle skrive. Tekst blir eit råmateriale som vil bli spydd ut av maskiner i enorme mengder. Det kjem til å radikalt endre måten vi skriv på, akkurat slik fotografiet gjorde.

Han trur dei som greier å tilpasse seg teknologien, fort nok, vil vinne i konkurransen om jobbane i framtida.

— Dei som lukkar augo, er i trøbbel, seier han.

Professoren er langt ifrå nokon einsidig teknologipessimist. Men det er nødvendig å kunne lære å ta teknologien i bruk på ein kritisk og konstruktiv måte.

— På nokre måtar er dette ein trussel mot menneskeleg kreativitet og produktivitet. Alt kan bli gjort svært raskt med små kostnader. Men det ligg også ei demokratisering av skrivinga i det, fordi det blir tilgjengeleg for fleire. Det blir for eksempel viktig at studentar får lære korleis ein kan og bør bruke kunstig intelligens i tekstskrivinga. Når det gjeld eksamen, trur eg vi i stor grad må tilbake til penn og papir.

Han understrekar at KI ikkje kan gjere jobben åleine. Meir enn nokon gong før må menneske styre og samarbeide med maskinene på ein god måte.

— Då kan dei tilføre og skape veldig mykje bra. For eksempel kan dei bidra til å gjere undervisning og læring meir spennande. Det er mykje magi å hente med ein aktør som kan komme med innspel på direkten, og ofte gode og overraskande innspel, seier Brandtzæg

Han er også i gang med å planlegge eit undervisningsemne der KI skal vere ein hjelpar og partnar.

Verdispørsmål

Både Rettberg og Brandtzæg peikar samstundes på den mangelfulle danninga til den amerikanske samtaleroboten.

— Det er verdiar, feilslutningar og bias i slike språkmodellar som vi må lære oss å vere kritiske til. Dette er eit mektig verktøy som vi må behandle med ein viss skepsis, seier Brandtzæg.

Rettberg peikar på kulturfaktoren. Meir enn halvparten av dataa systema er trente opp med, er frå USA. På ChatGPT er det i tillegg lagt eit «verdilag» oppå den vanlege KI-teksten frå 40 amerikanarar.

— ChatGPT er eksplisitt og ope trent opp med amerikanske verdiar. Men vi vil alle som brukarar vere med å trene han opp gjennom data vi legg igjen. Dersom norsk kultur skal bli ein del av dette må vi kanskje legge arbeid i å bidra med data frå for eksempel NRKs arkiv og Nasjonalbiblioteket, seier ho.

Powered by Labrador CMS