Landsmøte 2021

Kritisk mot valkomiteen i NSO:
— Eg er den best eigna kandidaten

Daniel Hansen Masvik blei ikkje innstilt som leiar til Norsk studentorganisasjon. — Dei foreslo ingen med erfaring, seier han.

Dei andre kandidatane kan vera på Oslo S i løpet av ein time. Det kan ikkje eg, seier Daniel Hansen Masvik frå UiT. Han synest det er viktig at NSO ikkje vert ein hovudstadskanal.
Publisert Oppdatert

Valkomiteen i Norsk studentorganisasjon (NSO) har innstilt NMBU-student Tuva Todnem Lund som leiar. Dette skjedde med dissens, mindretalet ønskjer Jonas Økland frå BI, som sit i dagens arbeidsutval. Men den tredje leiarkandidaten, Daniel Hansen Masvik fra UiT Noregs arktiske universitet, har ikkje fått plass på lista over dei valkomiteen meiner bør få verv det neste året.

Masvik peikar på at verken innstilt leiar Lund eller Herman Siggerud, som er innstilt som nestleiar, har erfaring frå tillitsverv i NSO. Dei to er i dag studentleiarar ved Noregs miljø-og biovitskapelege universitet (NMBU) og Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT).

— Eg vart overraska då eg såg innstillinga. Eg meiner eg er den best eigna kandidaten, med erfaring frå både eit medlemslag som ligg langt unna Oslo, og to år i NSO sitt sentralstyre, seier Masvik til Khrono.

Vil laga forum

I intervju med Khrono har både Masvik og Lund peika på at dei ønskjer å gjera noko med NSO som organisasjon dersom dei vert leiarar.

— Kva skil dykk på dette punktet?

— Eg har sete på innsida og slepp å bruka tid på å skjøna korleis organisasjonen er sett saman, seier Masvik.

Han peikar på at Lund i eit intervju med Universitas har sagt at ein gjeng pampar i NSO har synsa over kva studentane treng.

— Eg er oppteken av informasjonsflyt begge vegar. Ein må òg anerkjenna det mangfaldet av medlemslag som er i NSO.

Ei konkret målsetjing frå Masvik er å laga eit forum der både sentralstyret i NSO og medlemslaga kan samlast.

— Eg vil ha eit NSO med rom for alle, og eg vil heva takhøgda.

Leiarval laurdag

— Korleis skal ein gjera NSO kjent blant alle studentar?

— Eg meiner NSO må verta kjend for dei gjennomslaga ein får. Samstundes må ein òg snakka fram dei små utdanningsinstitusjonane, seier Masvik.

Landsmøtet startar torsdag, med leiarval laurdag føremiddag. Masvik seier han kjem til å nytta tida fram til valet med å jobba med delegasjonane og visa fram skilnadane mellom dei tre kandidatane.

— Er du ferdig med studentpolitikk dersom du ikkje vert vald?

— Eg har litt studering att, så det er ikkje sikkert ein har sett det siste til meg.

Mot komiteinnstilling tidlegare

Det er ikkje uvanleg at NSOs landsmøte ikkje stemmer i takt med valkomiteen si innstilling. Sist Khrono gjorde ein oversikt over dette viste det seg at ein måtte heilt tilbake til 2011 sist gong valkomiteens innstilling blei fulgt til punkt og prikke.

I 2017 blei UiTs kandidat, Mats Beldo, valt til ny leiar, medan valkomiteen hadde innstilt Hans Christian Paulsen frå Universitetet i Oslo til leiarvervet. Også dette året var det kritikk mot oslodominans blant kandidatane, og landsmøtet sette sjølve saman den nye leiinga.

Masvik stilte som leiarkandidat i NSO i 2020 også, men trekte seg i mars same år.

Klæboe: Har peika på dei beste

I innstillinga frå valkomiteen heiter det at dei har hatt «fokus på å sette sammen et arbeidsutvalg som har tydelige visjoner om hvilken retning organisasjonen skal ta, både politisk og organisatorisk. Vi mener de innstilte kandidatene vil utfordre hverandre faglig og politisk, og sammen skape gjennomslag for norske studenter».

— Valkomiteen si innstilling er ikkje tilfeldig. Me meiner me har peika på dei beste, seier valkomiteen sin leiar Nikolai Klæboe.

— Har manglande erfaring vore eit tema?

— Det er ei vurdering som er gjort, og me har sett på nytenking, seier Klæboe.

Powered by Labrador CMS