Kina
Kritisk fase for akademisk samarbeid: — Trur ikkje Kina vil støtte Russland
— Eg ser ikkje at det er i Kinas interesse, seier professor Stein Kuhnle. Universitetet i Bergen samlar forskarar til konferanse om kinasamarbeid i ein kritisk fase.
— Eg ser ikkje at det akademiske samarbeidet er trua akkurat no. Men verda endrar seg fort, seier Stein Kuhnle, professor emeritus ved Universitetet i Bergen (UiB) og ein av dei norske akademikarane som over lengst tid har hatt samarbeid med kinesiske kollegaer og institusjonar.
Kuhnle står i spissen for UiBs Kina-symposium 11. mai. Bakteppet er blant anna den stadig meir tilspissa og polariserte debatten om samspelet mellom Kina og vestlege, demokratiske land, dei seinare åra.
Med den russiske invasjonen i Ukraina har arrangementet fått eit brennaktuelt moment: Kor Kina posisjonerer seg i konflikten vil kunne få avgjerande følgjer for akademisk samarbeid med landet.
— Men eg ser ikkje at det er i Kinas interesse å støtte Putin. Kina er mykje meir integrert i den globale økonomien enn Russland. Det akademiske samarbeidet er også veldig mykje større. Eg trur Kina vil halde ei veldig forsiktig linje for å unngå å hamne i bås med Russland, seier Kuhnle.
Dersom Kina derimot skulle finne på å støtte Russland militært eller aktivt bryte med vestlege sanksjonar, kan det føre til eit brot også i det akademiske samarbeidet med Kina, trur han.
Frå litteratur til klima
Det er nettopp spørsmåla om korleis akademisk samarbeid kan gjennomførast og oppretthaldast i ein spent geopolitisk situasjon som står på programmet i Bergen 11. mai. Kina-symposiet kjem i kjølvatnet av at rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen nyleg har varsla ei nedtrapping av kinasamarbeid på institusjonelt nivå.
Norske forskings- og utdanningsinstitusjonar har likevel eit omfattande samarbeid med kinesiske partnarar.
«Korleis handterer vi forverra relasjonar? Korleis skal vi vurdere den politiske og sosiale utviklinga i Kina?», er blant spørsmåla konferansen vil ta opp, ifølgje programmet. Til å sitje i panela kjem ei rad autoritetar innan kinaforsking og -samarbeid frå ulike fagfelt – frå skjønnlitteratur til statsvitskap og klimaforsking.
Tidlegare i år peikte den norske E-tenesta på at spionasje og digitale åtak frå Kina og Russland representerer dei største tryggleikstruslane innanfor akademia. Det norske Utanriksdepartementet har nyleg sendt eit omstridd forslag til nytt regelverk for kunnskapsoverføring og eksportkontroll til høyring.
— I norsk interesse
— Det er nok gode grunnar for å vurdere risiko på utvalde område og ha oversikt. Samstundes er det viktig at vi ikkje bygger byråkratiske hindringar som kan svekke motivasjonen og interessa for å samarbeide med kinesiske institusjonar om forsking, undervisning og studentutveksling. Det er heller ikkje i Noregs langsiktige interesse om dette blir for tungvint, seier Kuhnle.
I dagens polariserte klima meiner han det er ein fare for at det skal bli knytt mistanke til eit kvart samarbeid, utan at det er grunnlag for det.
— På ein eller annan måte må vi forhalde oss til kvarandre, Kina og Noreg – og andre land. Både for å kunne balansere i spennet mellom paranoia og naivitet, og for å bygge gjensidig tillit, er det viktig at vi får kjennskap til vilkåra kinesiske akademikarar jobbar under og kan jobbe under. Det er også i norsk interesse at Kina har kunnskap om Noreg og Norden, seier Kuhnle, som understrekar at det er i norsk eigeninteresse å engasjere Kina i samarbeid om bilaterale og globale spørsmål.
Putins «eventyr»
Ifølgje Kuhnle er det akkurat no ein heftig debatt i Kina om korleis stormakta skal stille seg til krigen i Ukraina. Ei av dei markante stemmene tilhøyrer Shanghai-professoren Hu Wei. I ein artikkel som mellom anna er publisert i The U.S.-China Perception Monitor argumenterer han for at Kina må unngå å ta Putins side og agere for å hindre Putins «moglege eventyr».
«Kina er det einaste landet i verda som kan gjere dette, og må utnytte denne unike fordelen til fulle», skriv Wei, og meiner dette kan stanse krigen, i det minste hindre eskalering. Gevinsten for Kina, meiner Wei, er at Kina vil få ros internasjonalt for å sikre verdsfreden. I sin tur kan dette hindre isolasjon og auka sjansane for betre relasjonar til USA og Vesten.
Kina-symposiet går av stabelen i UiBs aula 11. mai.