Debatt ● eigil hole lønning

Krigen om boka

Høgskulen på Vestlandet – vonleg snart eit universitet – burde kanskje sjå seg sjølv i spegelen og ta ei vurdering på om ei slik krigføring mot boka, sjølve symbolet på kunnskap, er noko dei er tente med.

Ingen av dei mange akademikarane eg har kontakta har visst om at denne filialen skal leggjast ned, men alle eg har snakka med har reagert med vantru på avgjersla, skriv Eigil Hole Lønning om at Akademika ved Høgskulen på Vestlandet sin campus i Bergen kan gå inn i sitt siste studieår.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I sumar kunne ein lesa i siste nytt om arealsituasjonen på Høgskulen på Vestlandet. Her kom det fram at kontora ikkje skulle vera åstad for private effektar. I tillegg vart tilsette «talde som geitekillingar» (gjerne utanfor kjernetid) — i eit forsøk på å få oversikt over kontorbruk og for å danna datagrunnlag for framtidig kontorutvikling. 

Mest interessant – tykkjer eg - var det at me som tilsette fekk melding om at me ikkje måtte kjøpa inn for mange bøker eller ha for mange bøker på kontora. Situasjonen har så langt skapt reaksjonar blant mange tilsette, og fleire undrar seg om kva for prioriteringar som rår ved eigen institusjon. 

No held saka fram med å overraska, for no har det vorte slutta at bokhandelen Akademika vert kasta ut frå campus Bergen innan utgangen av inneverande studieår. Campusen husa i fjor 10.000 studentar og over tusen tilsette. Slik eg forstår det har slutninga kome frå administrativt hald igjen. Argument for å fjerna bokhandelen ved institusjonen synast mellom anna å vera at den ikkje vert brukt nok, at det er digital litteratur som er framtida, og at arealet dei har i dag kan nyttast meir effektivt med bakgrunn i dei nemnde grunnane. 

Lat oss sjå litt på verdien av ein bokhandel i sektoren. Kvifor treng me ein bokhandel ved ein høgre utdanningsinstitusjon?

Bokhandlar ved universitet og høgskular vert flittig brukt av studentar heile året, og særleg ved studie- og semesterstart, i eksamensperiodar for meir erfarne studentar, og ikkje minst i avhandlingsarbeidet til dei endå meir erfarne. Eg trur ikkje eg er den einaste Khrono-lesaren som minnast tida som fersk student og kor lettande det var å treffa ein sentral og synleg bokhandel som kunne hjelpa meg med det meste av det eg trengde til å ta fatt på studietida, eller i innspurten på graden kor fleksibel tilgang på litteratur var avgjerande. At eg då fekk høve til å kjøpa denne litteraturen, og ikkje korttidslåna den, var også trygt i ein turbulent akademisk fase. 

Eg undrast over kor ein har det frå, at studentar ikkje nyttar bokhandelen nok eller at dei føretrekk digital litteratur. Tilsette ved Akademika fortel meg at særs mykje tid går med til støtte av studentar til alt frå bestillingar av litteratur til spesifikke prosjekt, organisering av bokpakker og meir. Og når det kjem til mediepreferansar for litteratur syner ei undersøking gjort av Akademika sjølv (på eit utval av 1523 studentar) at så få som 0,9% prosent av studentane føretrekk alt av litteraturen sin heildigital. Så mange som 82,3 prosent av studentane svarar at dei har preferansar for om lag 50 prosent papirlitteratur (33,1 prosent av svara), 75 prosent papirlitteratur (33,7 prosent av svara) eller 100 prosent papirlitteratur (15,5 prosent av svara). 

Reint pedagogisk er det dessutan mykje som støttar oppunder lesemedium som er frie for alle distraksjonane til dømes ei datamaskin fører med seg (det kan eg sjølv skriva under på). Ein kan undrast om ein har brukt same metode for å undersøkja bruksfrekvens ved Akademika som ein brukte for å undersøkja kontorbruk.

I tillegg til å yta naudsynt hjelp til studentar både jamt i året og i pressperiodar er funksjonen til bokhandelen særs viktig for undervisarar og forskarar gjennom heile året. Gjennom planlegging og tilretteleggingsarbeid støttar og hjelper bokhandelen undervisarar med innkjøp og organisering av pensum. Til dette er det ikkje nok med ein liten kiosk kor ein kan henta ut bøker. Det trengst plass til både organisering av bøker samt eit fagmiljø som kan handtera desse oppgåvene i samarbeid. I tillegg – og dette ligg hjarta mitt nærast – tilbyr Akademika heilt uvurderleg hjelp til forskarar og undervisarar når det kjem til å finna alt frå det nyaste til det eldste av litteratur som er mogleg å finna, og bestilla dette inn. Dette vert ofte gjort i form av fjernbestillingar som kan vera utfordrande sjølv for ein røynd akademikar, og spisskompetansen til dei tilsette kjem godt med i dette både når det kjem til å finna litteraturen samt den beste prisen. Om ikkje funnet av god litteratur appellerer til avgjersletakarane, så burde i alle fall prisen gjera det. At bokbestillingane deira i tillegg kan førast direkte til forskingsprosjektmidlar eller andre godkjende budsjettpostar ved høgskulen, av dei tilsette på Akademika, gjer den administrative byrden til dei vitskapleg tilsette mykje lettare.

At noko som tilbyr slik verdi til samtlege fagmiljø no skal fjernast på bakgrunn av det som til sjuande og sist er spørsmål om arealeffektivitet fordrar eit nytt spørsmål: Kva meiner dei som står bak denne avgjersla at kan tilby meir verdi på dei få kvadratmeterane som Akademika på Kronstad i dag nyttar? Og vidare: går me verkeleg i retning universitetsstatus medan me samstundes skal kasta ut vår einaste bokhandel, og kven har vorte høyrd og inkludert i prosessen fram til denne slutninga? Ingen av dei mange akademikarane eg har kontakta har visst om at denne filialen skal leggjast ned, men alle eg har snakka med har reagert med vantru på avgjersla.

Året er 2023. Det burde ikkje vera naudsynt å måtta forsvara boka si rolle og eksistens i akademia. Det er ikkje til hjelp at både restriksjonar på bøker i bokhyllene eller fjerning av bokhandelen kjem av arealadministrative vurderingar. Tvert om syner dette at administrative avgjersler som påverkar det faglege vert tekne tilsynelatande utan kjennskap til korleis studenttilvære, forsking og undervisning utspeler seg, og det vitnar om effektivitetslogikkar som går rett i strupen på kjerneverksemda til universitet og høgskular. Høgskulen på Vestlandet – vonleg snart eit universitet – burde kanskje sjå seg sjølv i spegelen og ta ei vurdering på om ei slik krigføring mot boka, sjølve symbolet på kunnskap, er noko dei er tente med. Men kanarifuglen har for lengst segna om i kunnskapsgruva dersom det er slik at me skal effektivisera vekk tilgang på litteratur.

(Khrono sin debattjournalist Glenn Mangerøy er i permisjon frå ei stilling i Vigmostad & Bjørke, som eig Akademika. Mangerøy har difor ikkje vore involvert i arbeidet med dette innlegget.) red.

Powered by Labrador CMS