lærebøker

Studentar vil framleis ha pensum på papir

Læreboka var ikkje død. Nær halvparten av studentane i ei ny undersøking svarar at dei lærer best dersom mesteparten av pensum er i papirformat.

Nokon med papir og nokon med skjem. Eit klart fleirtal av studentane seier at dei vil ha begge deler, men framleis er det slik at mange meiner dei lærer best av å lesa på papir.
Nokon med papir og nokon med skjem. Eit klart fleirtal av studentane seier at dei vil ha begge deler, men framleis er det slik at mange meiner dei lærer best av å lesa på papir.
Publisert

I 2017 svara eit klart fleirtal av studentane at dei vil ha mesteparten av pensum på papir. I 2020 svarar dei det same. Ei fersk undersøking, gjennomført i juni, viser at 30 prosent av dei 1700 studentane som svara meiner dei lærer best med ei 50-50-deling mellom pensum på papir eller skjerm. 45 prosent svara at dei ønskjer seg 75 prosent av pensum i papirformat.

Undersøkinga er gjennomført av Kantar på vegne av bokhandlarkjeden Akademika, som har butikk på mange universitet og høgskular.

— Me er overraska over at det er såpass likt. Det er tre år sidan førre undersøking, og sidan den gong har presset på digitalisering auka, seier prosjektleiar Vemund Barstad Bermingrud i Akademika.

Lærer mindre på skjerm

Studentane er mellom anna spurt om korleis dei vurderer sin eigen læringssituasjon dei siste månadane, med berre digital undervisning og utan tilgang til bibliotek. Eit klart fleirtal av studentane seier at dei lærer dårlegare når dei berre les pensum på skjerm.

Ei undersøking frå Høgskolen i Østfold seier noko av det same. Meir enn seksti prosent av studentane som har svara meiner at læringsutbyttet frå undervisninga er blitt dårlegare eller svært mykje dårlegare, samanlikna med undervisninga før stenginga. Tilsvarande meiner berre 14 prosent av studentane at den digitale undervisninga er blitt betre enn den tradisjonelle.

Påtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Andreas Trohjell, sa til Khrono at han ikkje er overraska over resultata.

— Det blir viktig at universitet og høgskular legg til rette for gode møteplassar til hausten. Resultata i undersøkinga underbygger det vi veit, at studentar har godt av å vera saman i ulike læringssituasjonar.

Den same tilbakemeldinga gir studentane i Akademika si undersøking.

— I eit tekstfelt kunne dei svara på kva dei sakna. Då skreiv dei bibliotek, bokhandel, lesesal — altså dei sosiale møtestadane, seier Bermingrud.

Kombinasjon

— Er det ein skilnad mellom studentar som kjem frå ulike fag når det kjem til kva type pensum ein helst vil ha?

— Det er interessant, men me har ikkje spurt om det. Men eg trur det finst ein skilnad, seier Bermingrud, og legg til at dei studentane som har delteke i undersøkinga har ein kome i kontakt med gjennom Akademika sine kanalar.

Prosjektleiaren trur at ulike format fyller ulike behov, og at for dei fleste er ein kombinasjon det beste.

— Når det gjeld djupnelesing, er det få ting som slår papir, seier han.

— Det handlar òg om korleis ein jobbar. Nokre gongar har ein tre-fire bøker framme samstundes. Kor mange skjermar skal ein ha oppe?

I 2017 vart studentane spurt om fordelar med papirpensum og digitalt pensum. For papir vart det mellom anna sagt moglegheita til å markera og notera i margen, samt at det er betre for auga å lesa, medan det for det digitale formatet vart trekt fram at det er søkbart, miljøvennleg og ikkje tek plass.

Ikkje berre papir

Det er altså ein butikkjede som lever av å selja bøker som står bak undersøkinga. Men Akademika-sjef Arnstein Bjørke sa til Khrono i 2017 at bokhandelen ikkje meiner at alt skal vera papir.

— Vårt mål er å tilby det pensumet studentane treng og spør etter, i det rette formatet. For nokre læremiddel fungerer papir best, for andre er digitale ressursar det beste formatet.