juss
Krev munnleg forsvar av alle masteroppgåver
Snart må alle masterstudentane i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen forsvare oppgåvene sine munnleg.

— Prinsipielt har vi lenge meint at studentane bør forsvare oppgåvene munnleg. I tillegg er det blitt eit læringsmål i seg sjølv, at studentane skal lære å presentere munnleg med hjelp av digitale verktøy, seier studiedekan Halvard Haukeland Fredriksen ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB).
Og no må alle jusstudentar ved UiB snart forsvara masteroppgåvene sine munnleg. Ordninga med munnleg forsvar av masteroppgåva er allereie prøvd ut i to semester for dei større masteroppgåvene, som blir skrivne over eitt år. Frå 2025 blir dette innført også på dei mindre masteroppgåvene, opplyser Fredriksen til Studvest, som først skreiv om saka.
Det munnlege forsvaret skal føregå digitalt på Teams.
— I etterdønningane etter pandemien ser vi at digitale verkemiddel gjer det mogleg å ha munnleg forsvar av oppgåver på Teams. For oss er dette veldig viktig. Vi har så mange studentar, og så mange sensorar frå heile landet, at det ikkje er økonomisk haldbart å flyge inn folk og gjennomføre fysisk eksamen, seier Fredriksen til Khrono.
Vil legge til rette for KI
Kunstig intelligens, særleg i form av språkroboten ChatGPT, er i ferd med å snu opp ned på eksamenspraksis ved lærestadene. Men Fredriksen understrekar at dette ikkje er hovudmotivasjonen for endringane i Bergen.
— Det er ein del av bakteppet. Vi ønsker samstundes å legge til rette for at studentane kan bruke KI i arbeidet med masteroppgåver. Då treng vi det munnlege forsvaret, slik at studentane kan forklare sensorane korleis kunstig intelligens er brukt, seier han.
Frå jussutdanninga ved UiT Noregs arktiske universitet får Khrono opplyst at det førebels ikkje er aktuelt å innføre munnleg forsvar av masteroppgåvene der.
— Men med den utviklinga som skjer med ChatGPT og kunstig intelligens, kan det bli aktuelt å innføre dette. Det er noko vi har til utgreiing no, seier dekan ved Det juridiske fakultet, Tore Henriksen.
Det har ikkje lukkast Khrono å få kontakt med fakultetsleiinga eller administrasjonen på jussutdanninga ved Universitetet i Oslo. Etter det Khrono forstår har UiO per i dag krav om munnleg forsvar på dei mest omfattande masteroppgåvene.
Håper å kutte klagebunken
Ein tredje motivasjon for eksamensgrepet i Bergen er håp om at klagebunken skal minke.
— Jusstudentar er jo svært opptatt av karakterar. Vi har utfordringar med mange klager, seier Fredriksen.
Når studentar får sjansen til å gjere greie for arbeidet sitt, håper han det kan verke oppklarande og dermed redusere behovet for å klage på karakterar i etterkant.
Det munnlege forsvaret av masteroppgåvene som studentane skal gjennom er tenkt å ta om lag ein time, etterfølgd av ein samtale med sensorane om oppgåva, før endeleg karakter blir sett.
Nyeste artikler
Saksøker universitetet etter KI-utestengelse
Det han såg som lektor vart utgangspunkt for doktorgraden
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Ny studie: Gollum lever — i akademia
Trump fjerner Harvards skattefritak. — De fortjener det
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære
Etikkutvalg: «Stipendiaten er berettiget en unnskyldning fra veileder»