Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Sist gong staten sendte ut anbod på reisebyrå for sine tilsette stod prisen i høgsetet. Denne gongen har for første gong funksjonar for bestilling av tog blitt stilt som eit klart krav for å kunne bli tildelt kontrakten.
Berg-Hansen presenterte det dyraste tilbodet i kroner og øre, men trekte likevel det lengste strået i anbodsrunden og er utpeikt som den beste tilbydaren, med Egencia som nummer to.
Egencia held dermed fram som eitt av statens reisebyrå, med G Travel tapte i denne runden mot Berg-Hansen. Berg-Hansen vil ifølgje Digitaliseringsdirektoratet kunne få opp mot 70 prosent av oppdragskaka.
Statens innkjøpssenter i Digitaliseringsdirektoratet står for tildelinga, som vart offentleggjort tysdag.
Khrono har i fleire saker omtalt mangelen på funksjonalitet for togbestilling i portalane til både G Travel og Egencia, som i dag har kontrakt på å selje reiser til statstilsette. Samstundes har det vore sterke krav i universitets- og høgskulesektoren, ein av dei største arbeidsgivarane i staten, om å redusere talet på klimaforureinande flyreiser.
Om lag 40 prosent av reisene i staten skjer med fly.
Undersøkingar som Difi, no Digitaliseringsdirektoratet gjorde, viser at oppdragsgivarar ville ha valt meir miljøvennlege alternativ dersom dei var tilgjengelege.
Ifølgje tildelingskriteria skulle «anskaffelsen bidra til økt klimafokus og bærekraft». Staten har no stilt spesifikt krav om at «det tydelig informeres om og gis gode muligheter for å ta mer klimavennlige valg når det gjelder reiser, herunder bestille tog istedenfor fly».
— Vi har hatt integrert bestillingsfunksjonalitet for tog lenge, men i førre runde vart det ikkje lagt nemneverdig vekt på. Då var pris avgjerande, seier administrerande direktør i Berg-Hansen, Per Arne Villadsen til Khrono.
Medan det tidlegare ikkje har vore mogleg for statstilsette å bestille tog eller buss direkte gjennom portalane og appane til reisebyrå, skal dette no komme på plass. Det betyr i klartekst funksjonell og integrert direktebestilling av tog som inkluderer både Vy, GoAhead og svenske Statens Järnvegar (SJ).
Ved bestilling av fly skal brukarane av bestillingsportalen bli oppfordra til å velje tog der dette er eit reelt alternativ.
Egencias miljøprofil framstår som meir diffus i Digitaliseringsdirektoratets vurdering. «Kommunikasjon og visualisering i bestillingsportalen vil kunne bidra til økt valg av klima og miljøvennlige reisealternativer», heiter det.
Berg-Hansen slår GTravel med god margin både når det gjeld brukaroppleving og oppdragsforståing, ifølgje Digtitaliseringsdirektoratet. Denne gongen utgjorde pris 25 prosent av vurderingrunnlaget av anbodet. Fem selskap konkurrerte om det lukrative oppdraget:
Statstilsette reiser for om lag 2,4 milliardar kroner i året.
Etter ein såkalla karensperiode fram til 14. februar vil staten signere kontrakt med Berg-Hansen og Egencia.
Nylige artikler
Sidetall — et enkelt grep mot KI-fusk
Ei berg- og dalbane å vera stipendiat, seier Lisa
Forskningsetikk: Dette synes forskere er mest uakseptabelt å gjøre
Rektor Olsen tilbake på viddene
Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Studenter på deltid i et fulltidsstudium
Oppfordrer til sensurnekt
Her er de mest fornøyde lærerstudentene
72 norsk-israelske samarbeid i Horisont Europa. — Det er sjokkerende