Kina

Kommunist­partiet strammar grepet om kinesiske toppuniversitet

Etter inspeksjon på 31 institusjonar har universitetsleiarane fått instruks om å skjerpe partidisiplinen.

Den gong rektor ved Universitetet i Bergen (no UiT), Dag Rune Olsen, signerte i 2019 samarbeidsavtale med Peking universitet, ein av dei 31 institusjonane som no blir underlagt strengare ideologisk kustus.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ifølgje den Hongkong-baserte avisa South China Morning Post fekk ei rad av dei mest prominente universiteta i Kina beskjeden sist veke, etter månader med undersøkingar utført av inspektørarar frå det kinesiske kommunistpartiets sentralkomite:

Få fart på den ideologisk funderte undervisninga, og sørg for sterkare partidisiplin på campus.

Ifølgje avisa var leiande representantar frå utdanningsdepartementet og toppleiarar frå 31 universitet, som står under direkte kontroll frå sentralkomiten, med på møtet.

Fudan, igjen

Blant institusjonane som er blitt granska er Peking universitet og Tsinghua universitet i Beijing og Fudan i Shanghai.

Fudan-universitet har nære band til fleire norske universitet og har sidan 1995 husa Nordisk senter. Universitetet kom også i 2019 i kritisk søkelys, etter at styresmaktene fjerna omgrepet «tankefridom» frå dei erklærte kjerneverdiane til lærestaden.

Universitetet i Oslo (UiO) tok i år på seg vertskapet for Fudans europiske senter. Kinaforskaren Harald Bøckmann kritiserte UiO for å gjere seg til «brohode for kinesisk propaganda», ei skulding som vart blankt avvist av rektor Svein Stølen.

Tsinghua-universitetet i Beijing utnemnde i 2018 biologiprofessor ved UiO, Nils Chr. Stenseth til æresdoktor.

Ifølgje South China Morning Post har inspeksjonar med sikte på undersøke ideologisk status gått føre seg sidan 2017. Dette blir av kritikarane sett som eit teikn på stadige avgrensingar av akademisk fridom og ytringsfridom i landet.

Blant kritikarane er visedirektør ved tenketanken Tianda Institute i Hongkong, Wu Junfei.

Ryddar før partikongressen

— Dei idelogiske ryddeaksjonane i massemedia, TV og film dei siste månadene har gitt resultat. Men universiteta er fortsatt ei bekymring (for styresmaktene, red.merkn.), fordi dei tidlegare ofte har spela nøkkelroller i sosiale politiske rørsler, seier han til South China Morning Post.

Junfei meiner søkelyset på universiteta er ledd i intensiverte forsøk på å sikre stabilitet før partikongressen i november, der tema skal vere partiets sigrar i løpet av dei siste 100 åra.

Etter at president Xi Jinping kom til makta i 2012, har professorar ved universitet i Kina blitt instruert til å halde seg unna sensitive tema i undervisninga, særleg dei som handlar om universelle verdiar, pressefridom og sivile rettar, skriv avisa.

I 2019 uttrykte Stein Kuhnle, pensjonert professor ved Universitetet i Bergen og æresprofessor ved Fudan, uro over utviklinga. Mellom anna registrerte han at kollegaer i Kina i større grad måtte rapportere inn detaljar i pensum.

— Under president Xi Jinpings regime er det blitt stadig meir politisk og partipolitisk kontroll med universiteta, det gir grunn til bekymring, sa Kunhle til Khrono den gongen.

Powered by Labrador CMS