Det er ingen motsetnad mellom å stå i ein norsk kultur, og løfta fram alt det positive ved å vera del av det globale akademiske samspelet, skriv Aksel Mjøs. Foto: Tor Farstad

Khrono, dette er respektlaust!

Kritikk. I ein reportasje frå NHH skreiv Khrono innsnevra og respektlaust om den utfordringa språk er for universitets- og høgskulesektoren, meiner Aksel Mjøs.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

De skreiv sist laurdag ein lang, og tilsynelatande morosam, artikkel med tittelen «Welcomen til Norges (hoch)skule of Economics!». Eg opplever den som innsnevra og respektlaus overfor den utfordringa språk er for universitets- og høgskulesektoren.

Eg har mange fantastisk flotte internasjonale kollegaer på NHH og dei skal kjenna seg like viktige og velkomne som norskfødde.

Aksel Mjøs

Samstundes som bruk og utvikling av norsk språk er viktig i sektoren, så er det likevel eit sidetema.

Vi er finansierte av norske skattepengar for å levera utdanning og forsking som er relevant, og av så høg kvalitet som vi med tilgjengelege ressursar på noko vis kan greia. Det betyr i stadig større grad å vera del av eit globalt samspel, både i utdanning og rekruttering av forskarar og lærekrefter, men og i korleis vi førebur våre studentar på eit stadig meir globalt arbeidsliv.

Dette er svært krevjande, for det krev at vi rekrutterar dei aller dyktigaste vi kan få tak i, gitt kva vi kan tilby og t.d. kva vi krev av tilpasning til eit svært lite språkområde i global samanheng. Samstundes er det også viktig å ivareta norsk fagspråk, men dette er eit institusjonsansvar som ikkje må leggjast på den einskilde.

På det personlege planet så er eg godt provosert av at eg som brukar nynorsk og bur på eit småbruk skulle ha mindre uro for kvalitets- og rekrutteringsfokuset i norsk universitets- og høgskulesektor. Det er ingen motsetnad mellom å stå i ein norsk kultur, og løfta fram alt det positive ved å vera del av det globale akademiske samspelet.

Eg har mange fantastisk flotte internasjonale kollegaer på NHH og dei skal kjenna seg like viktige og velkomne som norskfødde.

(I ein tidlegare versjon av dette innlegget hadde avsnitta stokka seg. Vi beklagar, og har retta og oppdatert laurdag 14.12.19 kl. 17.14. Red.mrk.)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS