universitetsdemokrati

Kandidatar nekta å stilla til styreval

Dersom ein vert føreslegen som kandidat til eit val ved eit universitet eller ein høgskule, må ein stilla. Det er det ikkje alle som veit.

Stort sett har nok dei som vert valde inn i eit universitetsstyre sagt ja til å stilla som kandidatar. Men det finst tilfelle der kandidatar ikkje har visst at dei har vore føreslegne, og der dei heller ikkje har hatt noko ønske om å koma inn i noko styre.

21 kandidatar var føreslegne til universitetsstyret ved Universitetet i Oslo denne våren. Men det var berre 15 personar ein litt slutt kunne velja mellom. Dei seks siste nekta å stilla. Dette skriv Uniforum.

Eigentleg kan ein ikkje nekta. I universitets- og høgskulelova heiter det at «En ansatt som blir valgt til styret eller andre tillitsverv ved institusjonen, har plikt til å ta imot vervet». Dette var føreslege endra i Aune-utvalet si innstilling til ny UH-lov, men er uendra etter at Stortinget i vår vedtok lova.

— Departementet kasta bort ei moglegheit, seier Eirik Holmøyvik.

Han er professor i juss ved Universitetet i Bergen (UiB), og leier i tillegg UiB sitt valstyre. Då han hadde ein presentasjon for universitetsstyret ved UiB etter årets val av medlemmer til universitetsstyret, sa Holmøyvik at valstyret ved fleire høve hadde måtta minna om at ein ikkje utan vidare kan velja å ikkje stilla til val.

Må søkja fritak

Universitetet i Oslo (UiO) sitt valreglement seier at ein innan ein gitt frist kan nekta å ta imot kandidatur. Universitetet i Bergen sitt regelverk er strengare.

— I forhold til kor mange det var som stilte til val, fekk me inn ganske mange saker der kandidatar ikkje ønskte å stilla til val. Me gav enkelte fritak, seier Holmøyvik til Khrono.

Det skal vera tungtvegande faglege eller personlege grunnar for at ein skal sleppa å stilla til val dersom ein er føreslegen.

— Men ein kan sjølvsagt lata vera å presentera seg som kandidat, seia til veljarane at ein ikkje ønskjer å verta vald, eller føreslå noko som gjer at ein veit at ein ikkje vil få røyster, seier Holmøyvik.

Tema også i 2017

— Det er ein uting å setja folk på vallister dei ikkje ønskjer å stå på, seier leiar for valstyret ved UiO, jussprofessor Marit Halvorsen, til Uniforum.

Ho seier ho er glad for praksis ved UiO, som opnar for at ein kan trekkja seg, og seier at ein må forstå plikta til å ta på seg tillitsverv som at dette gjeld dei som har sagt ja til å stå på ei liste.

Men plikt til å stilla til val eller ikkje var òg tematisert ved universitetsstyrevalet ved UiO i 2017. Den gong meinte jussprofessor Jan Frithjof Bernt at UiO sin praksis truleg var i strid med UH-lova. UiO kontakt advokatar, som igjen føreslo ei endring av UiO sitt valreglement. Men det er førebels ikkje endra.

Treng ikkje lenger stå på politiske lister

— Hadde ikkje dette lett kunna lete seg løysa ved at ein rett og slett snakka med kandidatane før ein føreslo dei?

— Jo, seier Holmøyvik.

— Men eg trur ein nokre gonger trur at ein gjer kandidaten ei teneste når ein føreslår dei. Andre gongar kan det vera personar med høg tillit i universitetssamfunnet som vert føreslegne — og valde.

Plikta til å stå på ei politisk liste dersom ein er føreslegen, vart fjerna frå Grunnlova i 2020.

— Spørsmålet er om ein ved universiteta skal ha ei strengare ombodsplikt enn ein har ved stortingsval, seier Holmøyvik.

Powered by Labrador CMS