Er ein som tar doktorgrad ein PhD-student eller -kandidat, spør seniorrådgjevar ved UiT Noregs arktiske universitet. Her frå doktorgradspromosjon ved NTNU i 2018. Foto: Thor Nielsen

PhD-student eller PhD-kandidat?

Doktorgrad. Eg er heilt einig i at stipendiatar fell mellom to stolar, men ein treng ikkje gjera gapet større enn nødvendig, skriv seniorrådgjevar ved UiT Noregs arktiske universitet, Olaug Husabø.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva skal ein kalla nokon som er tatt opp til PhD-studiet? Etter mi meining er PhD-student den beste nemninga. Ordet er eintydig – det inkluderer alle som har studierett på eit PhD-program.

Det er altså studieretten som er det sentrale og ikkje tilsetjingsforholdet. Så kvifor ikkje kalla ein spade ein spade og bruka nemninga PhD-student?

Olaug Husabø

Når eg tek opp dette, er det fordi mange meiner at desse ikkje er studentar. Seinast såg eg det i Khrono i sommar: «Stipendiater er ikke lenger studenter», stod det i et oppslag 11. juni.

Eg er heilt einig i at stipendiatar fell mellom to stolar, men ein treng ikkje gjera gapet større enn nødvendig. Det går an å minka det litt ved å bruka ein terminologi som er i samsvar med den som vert brukt elles på området.

Grunnen til oppfatninga at stipendiatar ikkje er studentar kan vera at dei normalt ikkje er inkluderte i studentsamskipnadane fordi dei har lønn under utdanning. Men det er ei misforståing at det betyr at dei ikkje er studentar, for det er universitets- og høgskulelova (UH-lova) som gjeld for studieretten. I UH-lova er rettane til studentar på alle nivå regulerte av dei same reglane. Det er med heimel i UH-lova ein har krav på opptak til PhD-studiet viss ein fyller opptakskrava og det er plass, og det er med heimel i UH-lova ein har krav på opplæring og på å få levera avhandling til vurdering for graden PhD.

I gradsforskrifta står PhD-graden i lag med bachelor- og mastergradane, det er ein av tre syklusar i kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning, og relevante forskrifter brukar uttrykket «doktorgradsstudiet». Eit studium utan studentar?

Kandidat eller PhD-kandidat er aktuelle nemningar, for «Europa» har bestemt at dei som er tatt opp til PhD-studiet skal kallast det. Eg har til gode å sjå dokumentet der dette er fastslått, så eg kan ikkje seia noko om tyngda av vedtaket. Men grunnen skal vera skal vera at ordet skal heva statusen til gruppa.

Eit anna argument eg har høyrt til støtte for nemninga kandidat er at sidan dei er tilsette, så er dei ikkje studentar. Men dette argumentet held ikkje, for ikkje alle PhD-studentar er tilsette – nokre har kvotestipend, nokre har vore stipendiatar, men har ikkje finansiering lenger. Andre igjen er stipendiat ved ein institusjon og tatt opp ved ein annan, noko som gjer det tydeleg at det ikkje er tilsetjingsforholdet som gir rett til å ta graden, men studieretten.

Sidan det er «Europa» som har tilrådd ordet kandidat, kan grunnen dessutan ikkje vera dette med tilsetjing. For det er ikkje vanleg alle stader at PhD-studentar får lønn under utdanning. I enkelte land i må ein tvert om betala for utdanninga. Så ein kan få mistanke om at ordet kandidat er ein måte å sukra pillen på: Du må betala for utdanninga di, men vi aukar statusen din ved å kalla deg for kandidat.

Men det er altså studieretten som er det sentrale og ikkje tilsetjingsforholdet. Så kvifor ikkje kalla ein spade ein spade og bruka nemninga PhD-student?

Eit viktig poeng her er at ordet kandidat alt er i bruk på norsk. Det har fleire tydingar, men ingen av dei er «person som er tatt opp til eit studium». Ein definisjon er «person som skal ta eksamen», og det kan henda at det er nettopp denne tydinga som har smitta over på PhD-utdanninga, og som gjer at mange meiner PhD-kandidat er eit gangbart uttrykk. For før i tida – før den organiserte forskarutdanninga – var ein stipendiat til ein leverte avhandlinga og bad om å få framstilla seg for doktorgraden, då vart ein kandidat.

Ordet PhD-student er i samsvar med terminologien i lover og forskrifter. Dette er forresten ei sanning med modifikasjonar, for realiteten er at enkelte stader i UH-lova betyr «student» også PhD-student, og enkelte stader ikkje. Eller som det står i odelstingsproposisjon nr. 71 (2008-2009): Departementet vil for øvrig presisere at der hvor det er brukt begrepet «student» andre steder i universitets- og høyskoleloven, vil også PhD-kandidater kunne omfattes av disse reglene.

Vi får håpa at neste versjon av lova blir tydelegare på dette området, slik at det ikkje blir tvil om kva reglar som gjeld og kva reglar som ikkje gjeld for PhD-studentar.

Konklusjon

Det er føremålstenleg å kalla nokon som er tatt opp til PhD-studiet for PhD-student. Ordet er eintydig og er i samsvar med terminologien i sektoren elles. Det diskriminerer ikkje – det inkluderer alle som har studierett, uavhengig av finansieringa.

Ein bør reservera ordet kandidat til å gjelda for dei som er i gang med eksamen eller har levert oppgåve eller avhandling, altså også PhD-studentar. Slik inkluderer ein alle og ein brukar ordet i samsvar med ei tyding det faktisk har på norsk.

Og ikkje minst: Eintydig terminologi gjer det lettare å laga tydelege lover og forskrifter.

Og forresten

Treng Noreg alltid vera best i Bolognaklassen?

Eit raskt søk på internett viser at dei fleste institusjonane i UH-sektoren i Europa «som vi likar å samanlikna oss med» brukar omgrepet PhD Student. Det ser faktisk ut som PhD student er mest vanleg – den nemninga hadde 48.700.000 treff, medan PhD Candidate hadde 8.790.000 treff.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS