Debatt ● jenny myklebust
Kan ein fylle distrikta sine behov via nettet?
Mange snakkar varmt om desentralisert utdanning, men kan ein fylle distrikta sine behov for lærarar via kurs på nett? Og korleis skal distrikta få ungdommane til å flytte heim?
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Ei viktig forutsetning for å kunne rekruttere lærarar over heile landet, er at det finns ein desentralisert institusjonsmodell for lærerutdanning. Utdanningsinstitusjonar spelar viktige roller i distriktet. Forsking viser at 70 prosent av studentane blir igjen der dei studerer. Om vi held fram med å sentralisere institusjonane til dei store byane, så blir ungdommen igjen der. Distriktsnæringsutvalget og Demografiutvalget peikar begge på viktigheita av institusjonar i distriktet for å motverke sentralisering.
Dersom all utdanning i Norge skal distribuerast på nett, frå store institusjonar i byane, vil vi miste viktige perspektiv frå distriktet. Skal digitaliseringa verke sentraliserande eller desentraliserande? Det er eit politisk val og inga naturlov. Ein god skulekultur i distriktet, må byggast ut i frå distriktet sjølv.
Utdanningsinstitusjonar har alltid vore ei motvekt i sentrum periferi debatten. Distrikta og verkelegheita i lokalsamfunna må vere representert i kunnskapsutviklinga. Regionane må vere sentrum i si eiga utvikling. Digitaliseringa gjev oss og mulegheiter ikkje berre til å distribuere fra det urbane til det rurale, men også den andre vegen. Med digitalisering får små miljø muligheit til å samarbeide og utfylle kvarandre. Slik kan digitalisering hindre nedlegging av små skular og motverke sentralisering. Men sentralisering skjer ikkje berre ved nedlegging av institusjonar og offentlege verksemder i distrikta. Sentralisering fører og til at kultur skapt i distriktet i stor grad vert usynleg i media og offisiell kulturformidling.
Høgare utdanningsinstitusjonar har ei avgjerande betydning for dokumentasjon og formidling av kulturytringar i Distrikts-Norge. På Helgeland har Høgskulen i Nesna har hatt stor betydning for å synliggjere lokal kultur og vidareformildle denne til studentar, som igjen har brukt den i undervisning i skulane rundt om i distriktet. Etter at studentane har vore i praksis rundt om i distriktskommunane, tek studentane med seg tilbakemeldingar frå praksisfeltet tilbake til institusjonen. Dette fungerer som ein sirkel for kunnskapsutvikling og slik kan institusjonen ta det regionale ansvaret.
Nesnasaka er blitt ei nasjonal prinsippsak som vil få konsekvensar for Norge i framtida.
Jenny Myklebust
Det fins ikkje ein eigen kur for å motverke sentralisering. Men skule og høgare utdanning er nokre av dei viktigste verkemidla vi har i kampen mot sentraliseringa. Vi må ha utdanningsinstitusjonar i distriktet for å få ungdommen til å busetje seg der. Men for at dei skal komme heim til distriktskommunane, må det vere gode lokale skular med kvalifiserte lærarar der. Og for å få kvalifiserte lærarar i distriktet må vi sjå på lærarutdanninga. Slik lærarutdanninga er utforma no, passar ho dårlig til mindre skular i distriktene, særlig fordi lærararne har så få fag og får ein smal kompetanse.
Om du er ein lærar med brei kompetanse, slik at du har fleire fag, betyr det ikkje at du blir ein lærar med dårlegare kvalitet. Det betyr at du er kvalifisert for å undervise i fleire fag. Smal eller brei kompetanse er begge kvalitetar. Dei er berre forskjellige kvalitetar. Vi må sjå på den lærarutdanninga vi har, og sørge for at den vert tilpassa behova i distriktsskulane.
Dei små skulane i distriktet har unike mulegheiter til å trekke lokalsamfunnet, nærmiljøet og næringslivet inn i skulekvardagen og i undervisninga. Dette skapar tilhøyrigheit og lokal identitet, noko som er viktig dersom ungdommane seinare skal velje distriktet, eller flytte heim.
Nesnasaka er blitt ei nasjonal prinsippsak som vil få konsekvensar for Norge i framtida. Skal styrer i universiteta kunne legge ned institusjonar i distriktet? Eller skal politikarane ha det overordna ansvaret for at vi har institusjonar som driv kunnskapsutvikling rundt om i landet?