språk

Jublar over språkgåve

Det norske fagspråket får eit løft når regjeringa føreslår å bruka 4 millionar kroner til ein termportal. Språksamling-miljøet i Bergen jublar.

I 2018 kunne dei tilsette ved Språksamlingane ved Universitetet i Bergen jubla over ordboksmillionar. To år seinare er hovudredaktør Margunn Rauset (nummer tre frå venstre) svært glad for julegåva som er komen på forskot: Endå fleire millionar til ordbøkene og utvikling av norsk fagspråk. Peder Gammeltoft, som her styrer kakespaden, er leiar for Språksamlingane.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Språket er den fremste kulturberaren me har. Med språket kan me diskutera og argumentera, men òg samlast og bygga verdifellesskap uavhengig av kven me er, kor me kjem frå og kor me bur i landet, sa kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding då forslaget til statsbudsjett for 2021 vart presentert.

Fakta

Språksamlingane

  • Samlingane er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.
  • Språksamlingane ligg mellom anna til grunn for Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.
  • UiO fekk ansvaret for språksamlingane på 1970-talet. Då fekk dei òg ein øyremerka sum til å drifta samlingane.
  • Hausten 2014 blei det klar at styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet ikkje lenger ville ha råd til å ta ansvaret for språksamlingane.
  • 15. juni 2017 tok UiB formelt over ansvaret for å drifta bokmål- og nynorskordboka på nett. Det er òg utvikla ein app.
  • UiB er òg i gang med å revidera bokmåls- og nynorskordboka.
  • UiB har sjølve òg liknande samlingar som kom over fjellet frå hovudstaden.

I statsbudsjettet ligg det inne over 11 millionar kroner til språkarbeid. Mange av dei hamnar hos Universitetet i Bergen, som overtok ansvaret for Språksamlingane for nokre år sidan.

Oversikt over fagspråk

5,8 av millionane går til revisjonsprosjektet, der både Nynorskordboka og Bokmålsordboka skal oppdaterast. I tillegg får Norsk ordbok, det store ordbokverket som dokumenterer norske dialekter og nynorsk skriftspråk, to millionar kroner. Dei to ordbokprosjekta får dessutan i fellesskap vidareført dei to ekstra millionane som kom inn i budsjettet for 2020.

— Det er me veldig glade for. Men det heilt nye i budsjettframlegget i år er fire millionar til terminologiarbeid ved Universitetet i Bergen, seier Margunn Rauset.

Ho er hovudredaktør for ordbøkene.

Pengane skal gå til å vidareutvikla termportalen, og det er òg planlagt å bruka delar av løyvingane til ei forskarstilling, slik at ein etter kvart kan få på plass eit undervisningstilbod.

Terminologi er ord og uttrykk knytt til eit spesielt område, altså eit fagspråk. Den viktigaste oppgåva når ein skal laga ein termportal, er å ta vare på det norske fagspråket. Språkrådet, som er med på laget, har allereie ein strategi for dette.

— Det finst til dømes samlingar av terminologi for kjemi og for maritime fag. Men målet no er å samla det som finst, seier Rauset.

Ho seier at nokre terminologiar har oversikt over omgrep på engelsk og på bokmål, og nokre også andre språk.

— Det trengs eit løft for nynorsk fagspråk, smiler ho.

NHH er med

Norges Handelshøyskole (NHH) er òg med på laget. Professor Gisle Andersen seier til eigne nettsider at NHH-leiinga har vore ein pådrivar frå starten av for å sikra utviklinga av norsk fagterminologi.

— Høgskulen har eit særskilt ansvar for å utvikla norsk-administrativ fagterminologi, seier Andersen.

Fakta

Språkpengar

  • Språkrådet, 3 millionar kroner
  • Nynorsk pressekontor – «Nynorskroboten», 2 millionar kroner
  • Kainun institutti – Kvensk instutt, 500 000 kroner
  • Norges Døveforbund, 500 000 kroner
  • Det Norske Samlaget, 200 000 kroner
  • Nynorsk avissenter, 200 000 kroner
  • Noregs Mållag, 200 000 kroner
  • Teater Vestland – Nynorskhuset i Førde, 600 000 kroner. Auken kjem i tillegg til 1 million kroner som regjeringa la inn til prosjektet i 2020, og som blir vidareført i 2021.
  • Standard Norge – terminologiarbeid, 2 millionar kroner
  • Universitetet i Bergen – Termportalen, 2 millionar kroner. Midlane blir rammeoverførte til Kunnskapsdepartementets budsjett. Kunnskapsdepartementet går i tillegg inn med 2 millionar kroner til tiltaket.
  • Kjelde: Kulturdepartementet sitt budsjett for 2021

NHH-rektor Øystein Thøgersen har tidlegare sagt at han har vorte meir og meir oppteken av eit norsk fagspråk.

Debatt om norsk fagspråk. Frå venstre Hilde Sandvik (debattleiar), Dag Rune Olsen (rektor, UiB), Liv Reidun Grimstvedt (prorektor HVL), Øystein Thøgersen (rektor NHH) og Åse Wetås (direktør, Språkrådet).

Vil ha samarbeid med bokmålsordbok

Våren 2020 la regjeringa fram forslag til ei språklov. Som Khrono har skrive, var meir ressursar noko av det som vart peika på av fagmiljøa. No ligg det altså inne pengar til fleire tiltak. I tillegg til dei nye tiltaka, vert dei nærare 10 millionane frå 2020-budsjettet vidareført.

Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) får òg to millionar. NAOB er det same for bokmål/riksmål som Norsk ordbok er for nynorsk. NAOB dokumenterer ord og former frå Henrik Wergeland si tid og fram til i dag, og Det Norske Akademi, som står bak ordboka, normerer og godkjenner Riksmålsordlisten.

I forslaget til statsbudsjett vert det vist til språklovsproposisjonen, der Universitetet i Bergen og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur vert bedne om å samarbeida om ein plan for samordning av ordboksprosjekta.

— Me veit ikkje endå kva som er meint med samordning, og er litt spente på det. Saman med Det Norske Akademi ser me på kva som kan vera meiningsfullt å samarbeida om, seier Rauset.

Powered by Labrador CMS