Karakterrot
IB-elev Venus Khop Chon:
— Politikarane vil la saka dø ut
Kunnskapsdepartementet vil ikkje gripe inn i saka til IB-elevane. Dei peiker heller mot klageretten.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Venus Khop Chon frå Froland i Agder er ein av fleire hundre norske elevar som har fullført International Baccalaureate (IB) denne våren og fått livet snudd på hovudet.
Studiedraumen om bioteknologi ved NTNU brast etter at International Baccalaureate Organization (IBO) i år har nytta seg av ei spesiell metode for å rekne ut karaktersnitt.
Venus gjekk frå eit førespegla karaktersnitt på 60,4 til eit endeleg resultat på 54,4 med IBO si metode.
— Eg forventa aldri at dette skulle skje. Eg har vore oppgitt, frustrert og lei meg. Eg hadde stor tru på at eg skulle kome inn på det eg ønskte. Eg hadde håpt at Kunnskapsdepartementet hadde sett på saka og tatt eit val om å la oss søke med våre førespegla karakterar, som liknar mest på den norske standpunktkarakteren. Men ettersom tida har gått har eg mista håpet, seier Chon til Khrono.
— Veldig lyst å studere i Noreg
Difor søkte ho etterkvart på same studium i England, ved University of Manchester. Der har ho kome inn. Ho forklarer både at ho og andre ho kjenner har fått spesiell behandling av universiteta i England.
— Dei var klar over det som hadde skjedd med IB-elevane i år. Dei tok ei «case-by-case»-vurdering av meg. Dei snakka med meg og sjekka karakterane mine, og ville ta meg inn trass i at eg ikkje hadde gode nok karakterar i eit par av faga, seier Chon.
Universitetet i Manchester har gitt ho frist den 6. august til å melde frå om ho ønskjer både plassen og studentbustad. Likevel er det helst i Noreg ho ønskjer å studere.
— Eg har veldig lyst til å studere i Noreg, men viss ikkje det går, så er eg nødt til å takke ja til tilbodet i England. Eg ønskjer ikkje å vente eitt år med å byrje å studere, seier Chon.
Viser til klageretten
Kunnskapsdepartementet og Datatilsynet har bede IBO om ei utgreiing. Men både foreldre, advokatar og politikarar har meint at KD burde få på plass ei løysing for elevane i mellomtida.
No har svaret kome:
Kunnskapsdepartementet vil ikkje gripe inn spesielt, men viser til at alle har høve til å klage på Samordna opptak sine vedtak.
Altså kan ein IB-elev som har mista studieplassar i årets opptak klage på dette til ei nasjonal klagenemnd.
Det skriv departementet i eit brev sendt til advokatfirmaet Lund og Co DA, som fleire av IB-elevane har engasjert i saka.
«Har ikke myndighet til å instruere»
— Departementet kan ikkje gå inn og meine noko om desse enkeltsakene. Det er IBO som har fastsett karakterane og som er utferdar av dokumentasjonen til IB-elevar, og det er til IBO at elevane har klageåtgang på sine karakterar, opplyser departementet i ein e-post til Khrono. Og legg til:
— Men som du ser viser vi til at søkarar har klagerett til nasjonal klagenemnd på enkeltvedtak i opptak til høgare utdanning, skriver departementet.
Ettersom både opptaket og suppleringsopptaket allereie er gjennomført, har advokatfirmaet bede Kunnskapsdepartementet om at elevane kan få ei særskilt vurdering etter paragraf 7-13 i forskrift om opptak til høgare utdanning, og at elevane der kan bli vurdert etter skulearbeid som har blitt vurdert eksternt og dei såkalla førespegla karakterane sett av lærarane.
Kunnskapsdepartementet ønskjer ikkje å gjere noka avklaring kring dette og gir kvar enkelt klagenemnd ansvar for korleis dei eventuelt vil behandle ein klage frå ein IB-elev.
«Departementet har ikke myndighet til å instruere klagenemnden om behandlingen av enkeltsaker. Departementet legger til grunn at klagenemnden selv, i forbindelse med behandling av individuelle klager, må gjøre en vurdering av de forslag og anførsler som dere kommer med i henvendelsen til departementet», står det i brevet, signert ekspedisjonssjef Anne Line Wold og avdelingsdirektør Lars Vassbotn.
Chon er svært usikker på om det vil løyse seg på denne måten.
— Eg les dette som at politikarane vil la saka dø ut, for klagenemndene skal ikkje møtast før i september. Det synst eg er synd for alle dei hundrevis av elevane som ventar på å kome inn på studia dei kunne ha komt inn på om dei vart vurdert annleis, seier Chon.
— Statsråden må på bana
Solveig Helljesen er mor til ein annan IB-elev som er råka av karakterrotet.
— Tida lauper ut for desse elevane no. Kunnskapsdepartementet har lagt seg på ein utmattelsesstrategi der dei har brukt lang tid på å ikkje gjere nokon ting, seier Helljesen og legg til:
— Det som må til no er at statsråden sjølv kjem på bana og skjer igjennom.
Trond Lossius, som er far til IB-elev Alexander Linde Lossius, er forvirra over korleis klagegangen skal gå føre seg.
Han er også uroa for kor lang tid klagebehandlinga vil ta.
Lossius fortel at han har foreslått for dei andre foreldra at dei bør sende eit samla brev til Samordna opptak og dei ulike utdanningsinstitusjonane, og gjere dei merksame på at det vil kome inn fleire klager frå IB-elevane.
— Vi håper dei kan skunde på og rigge seg for å behandle desse sakene så raskt som råd. Vi skulle veldig gjerne ønskje at departementet ville instruere eller varsle Samordna opptak om dette, seier Lossius til Khrono.
Klager går rett til klagenemnda
Khrono har bede Kunnskapsdepartementet om å klargjere saksgangen.
Dei opplyser at IB-elevane som ønskjer å klage, må sende klagen til den saksbehandlande institusjonen dei har fått.
Det er for dei fleste eit universitet eller ein høgskule, i nokre tilfelle Samordna opptak.
Saksbehandlaren vil deretter på automatikk sende klagen vidare til den nasjonale klagenemnda, opplyser Kunnskapsdepartementet.
Meiner svaret er ullent
Utdanningspolitisk talsperson for Arbeiderpartiet, Torstein Tvedt Solberg, er ikkje overbevist om svaret departementet har gitt foreldra og advokatfirmaet.
— Det som står att er ein tydeleg beskjed om at ein no opnar for klager og nye vurderingar gjennom nemnda. Eg meiner dei er nødt til å instruere eller varsle nemnda om at desse elevane skal få ei skikkeleg vurdering når dei eventuelt klagar, seier Tvedt Solberg til Khrono.
Han meiner svaret frå departementet er ullent og er redd for at elevane må gjennom nye runder med usikkerheit og byråkrati.
— Det siste vi treng no er usikkerheit. Vindauget for at desse elevane kan starte på eit studium er no og neste veke. Det er no dei har høve til å halde på ein eventuell hybel og andre planar dei hadde gjort seg. Den moglegheita vil forsvinne, seier Tvedt Solberg og legg til:
— No må statsråden kome ut av sommardvalen sin og gjere noko med dette.
Kunnskapsdepartementet svarer at dei ikkje har høve til å instruere klagenemnda om når eller korleis dei skal behandle desse klagene. Det blir vanleg saksgang, opplyser departementet til Khrono.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut