statsbudsjettet
I 40 år har norske studentar lært fransk i Caen. No kan det vera slutt
Støtte til det fransk-norske senteret i Caen og til utvekslingsprogam for lærarstudentar kan forsvinna dersom statsbudsjettet vert vedteke.
I 4o år har norske franskstudentar reist på språkkurs til Caen i Frankrike. I dag er det Universitetet i Bergen (UiB), Universitetet i Agder (UiA) og NTNU som sender studentar til OFNEC (Fransk-norsk senter for utveksling og samarbeid i Caen).
OFNEC (Fransk-norsk senter for utveksling og samarbeid i Caen) har hatt ei årleg direkte støtte over statsbudsjettet, dei siste åra først av SIU, deretter Diku og no HK-dir sin pott. Desse pengane er føreslege fjerna i budsjettet for 2023.
I eit debattinnlegg i Khrono reagerer tilsette ved alle dei tre institusjonane på dette:
«Kunnskapsdepartementets budsjettforslag til regjeringen vitner om en nedprioritering av internasjonalt samarbeid som motsier de overordnede mål om kvalitet, konkurransekraft, innovasjonsevne og bærekraft for sektoren. Det er også betimelig å spørre hvilket signal Norge sender når et 40 års vellykket samarbeid legges ned ved et pennestrøk uten en gang å involvere medlemmene i prosessen», skriv dei.
80 prosent reiser
— Me veit ikkje konsekvensane endå. Men det er neppe slik at universiteta utan vidare vil kunne legga desse pengane på bordet, seier Espen Klævik-Pettersen, førsteamanuensis i fransk språk ved UiA.
Studiesenteret i Caen er eitt av fleire norske slike senter, men det einaste som er finansiert via HK-dir. Hit har franskstudentar kome for å få intensiv språktrening frå nokre veker til eit heilt studieår. For dei fleste studentane skjer dette i løpet av det første året dei studerer fransk.
— Dette er eit svært viktig tilbod tidleg i studiet. Studentane reiser saman, og dei bur hos vertsfamiliar medan dei er i Frankrike. Med eit slikt språkbad som del av studiet får mange eit opphald i utlandet, som kanskje elles ikkje vel å søkja seg til utveksling, seier Klævik-Pettersen.
I innlegget skriv han og dei andre forfattarane at ved NTNU tek 80 prosent av dei som tek eit årsstudium i fransk i mot tilbod om kurs i Caen. Og i tillegg til at studentar kan reisa dit, finst det eit eige årsstudium i Caen for dei som vil verta fransklærarar.
Innleggsforfattarane peikar òg på stortingsmeldinga om utveksling frå 2021, der det står at målet er at halvparten av norske studentar skal reisa på utveksling.
— All utveksling er bra. Men for språkstudentar er det heilt avgjerande, seier Klævik-Pettersen.
— Når dei reiser ut får studentane aktivert den teorien me jobbar med heime. Me ser at dei som vegrar seg for å snakka fransk i undervisninga kjem attende frå opphald i Caen og gjer det, og me ser at sterke studentar verkeleg blomstrar.
20 millionar
Men pengar til senteret i Caen er ikkje det einaste internasjonale tiltaket under HK-dir som er føreslege fjerna. I forslaget til statsbudsjettet er det forslag om å kutta i alt 20,4 millionar kroner knytt til ulike tiltak hos direktoratet. Programmet NOTED, som vender seg mot lærarstudentar, er føreslege å ikkje få pengar i det heile.
I tillegg vil løyvingane til to andre program, NORPART og UTFORSK, verta redusert.
I forslaget til statsbudsjett heiter det at «løyvinga til dei to programma bidreg til at Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og forsking, og til at det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet. Begge skal òg medverke til auka kvalitet i høgare utdanning. Det er stor interesse i sektoren for dei to programma».
Likevel: Det er forslag om å kutta, «sett i lys av behovet for å gi rom for andre prioriteringar».
Samarbeid med det globale sør
I fjor henta Høgskulen på Vestlandet (HVL) ut over 4,6 millionar kroner knytt til NOTED-programmet. Dette programmet skal bidra til både utveksling, men òg praksismobilitet.
— Me har den største grunnskulelærarutdanninga i landet, og me er opptekne av å auka mobilitetstala. Det er viktig at så mange som mogeleg av dei framtidige lærarane har internasjonal erfaring med seg ut i arbeidslivet, seier Gro Anita Fonnes Flaten, som er prorektor for forsking, og har òg ansvar for internasjonalisering.
Ho seier at HVL ønskker å nytta NOTED-programmet vidare, fordi dei legg til rette for framtidig utveksling i lærarutdanninga.
Nokre av prosjekta har HVL i samarbeid med land i det globale sør, mellom anna Sør-Afrika.
Flaten er styreleiar for SANORD, som er eit akademisk nettverk som jobbar for utdannings- og forskingssamarbeid mellom universitet i land i Norden og i det sørlege Afrika.
— Det er viktig at det er tilgjengelege midlar for forskings- og utdanningssamarbeid mellom norske universitet og det globale sør. Her treng me ei styrking heller enn ei svekking av allereie avgrensa midlar. Me ser at både EU og våre nordiske naboland har satsingar mot til dømes Afrika, seier Flaten.
Hoel: Må kutta
Under debatten i Bergen denne veka, arrangert av UiB og Khrono, vart internasjonalisering eit tema, særleg knytt til skulepengar for studentar utanfor EU/EØS.
— Det me måtte gjera, som er lenge sidan nokon har gjort, er å få saman eit budsjett med desse premissa. Difor ha me vore nøydde til å gjera nokre prioriteringar, sa statssekretær Løkensgard Hoel.
Då Khrono etter debatten spurde om dei spesifikke kutta, sa statssekretæren at detaljane i kuttforslaget måtte departementet svara på.
I ein e-post skriv kommunikasjonsavdelinga at:
— Regjeringa må prioritera hardare i statsbudsjettet for 2023 og føreslår å redusera løyvingane til programma HK-dir forvaltar med 65 millionar kroner. Nokon program eller ordningar vert redusert, og nokon vert avvikla heilt.
Departementet har vore i dialog med HK-dir om kva program som kan kuttast.