Debatt Klaus Mohn

Husebekk teiknar skremmebilete

Medisinutdanning til Universitetet i Stavanger vil gagne helsesektoren, legestudentane, pasientane og medisinutdanninga i nord og sør. At UiT-rektor Anne Husebekk ser det annleis er ikkje så overraskande.

Med den sterke støtta til gradsforskrifta er UiT-rektor Anne Husebekk del av ei konserverande kraft i det norske utdanningssystemet, som er moden for oppløysing, skriv Klaus Mohn.
Med den sterke støtta til gradsforskrifta er UiT-rektor Anne Husebekk del av ei konserverande kraft i det norske utdanningssystemet, som er moden for oppløysing, skriv Klaus Mohn.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Husebekk representerer eitt av dei universiteta som i dag er privilegerte med gradsrett for medisinstudium. Saman med UiO, UiB og NTNU vil UiT naturleg nok argumentere for at «superligaen» ikkje er for kven som helst.

Husebekk sitt skremmebilete om planane ved Universitetet i Stavanger som eit dyrt og skadeleg prosjekt fortener uansett svar på tiltale.

Utgangspunktet er at Noreg treng fleire legar, og vårt universitet er klare til å levere. Ved Universitetet i Stavanger har me hatt ambisjonar om medisinstudium gjennom meir enn ti år. Saka er aktualisert gjennom Grimstad-utvalet si utgreiing, og ikkje minst gjennom regjeringa si revurdering av gradsforskrifta i høve styringsmeldinga for UH-sektoren denne våren.

Vår studiemodell er rask, rimeleg og treffsikker. Med opptak av studentar som har tre års studietid frå utlandet, kan me forsyne helsesektoren i Noreg med nyutdanna legar allereie etter tre år. Tre år med studiar kostar mindre enn seks år. Det viktigaste er likevel at innhaldet i vår studiemodell treff godt på dei spesifikke behova i helsevesenet.

Ved UiS er me overtydde om at eit bidrag frå vår kant til medisinutdanninga i Noreg ikkje vil skade nokon, heller ikkje Husebekk og hennar universitet, og ikkje Nord-Noreg som landsdel.

Klaus Mohn, rektor Universitetet i Stavanger

Ved UiS og ved Stavanger Universitetssjukehus er det allereie ledig kapasitet for utdanning og rettleiing. Alt me ber om er løyve til å sette i gang med utdanning av legar med ressursar som allereie er på plass i regionen vår. Med tilgjengeleg kapasitet og kompetanse vil me gjerne få høve til å ta del i auken i utdanningskapasitet som alle er einige om. Husebekk treng verkeleg ikkje å engste seg, for våre planar vil ikkje føre med seg eit tap av studieplassar for andre universitet, og heller ikkje ei utarming av fagmiljøet i Tromsø.

Med den sterke støtta til gradsforskrifta er Husebekk del av ei konserverande kraft i det norske utdanningssystemet, som er moden for oppløysing. For juss og psykologi er barrikadane i ferd med å breste, og medisinstudiet står att som ein siste skanse.

Ved UiS er me klare for å gå i gang med medisinstudium så snart me får politisk klarsignal. Våre kort er gode. Me har ein akkreditert studieplan, med gode fagfellevurderingar. Me har eit nytt og moderne universitetssjukehus, som flyttar inn på campus om eit par år. Ved UiS, og i primær- og spesialisthelsetenesta, har me vidare ledig medisinsk kompetanse til undervisning og rettleiing, og Husebekk si uro for fagmiljøet i Tromsø er dermed grunnlaus. Ved UiS har me i dag eit veletablert Helsevitskapleg fakultet, med ei rekke utdanningsprogram av høg kvalitet, samt doktorgradsprogram i helse og medisin.

I tillegg har me eit Teknisk-naturvitskapleg fakultet med fleire utdanningar og doktorgradsprogram knytt til medisin og helseteknologi. Sist men ikkje minst har me infrastruktur, pågangsmot og ein region som sluttar tydeleg opp om ambisjonane våre, med nærmare 100 millionar kroner i startfinansiering frå regionale aktørar. Med eit slikt utgangspunkt skal det ikkje så mykje til for å kome i gang med eit studietilbod i medisin som Husebekk vil ha det til.

Ved UiS er me overtydde om at eit bidrag frå vår kant til medisinutdanninga i Noreg ikkje vil skade nokon, heller ikkje Husebekk og hennar universitet, og ikkje Nord-Noreg som landsdel. Snarare vil me by på eit nyskapande og framtidsretta tilbod, prega av høg kompetanse og låge kostnadar, mykje teknologi og lite byråkrati, til inspirasjon for gamle og nye lærestadar i nord og sør – og til beste for legestudentane, for Helse-Noreg og for pasientane.

At dei privilegerte slår kringvern om særrettane sine er ikkje eit nytt fenomen. Difor kan ein ikkje la seg overraske over at Husebekk og dei tre andre BOTT (Bergen, Oslo, Trondheim, Tromsø red.mrk)-rektorane kjempar for monopolretten til medisinutdanning. Heldigvis har regjeringa kome til at tida er moden for fornying, og Stortinget skal no ta stilling til omfanget av justeringar av historiske gradsrettar blant norske universitet.

Saman med ei rekke nye universitet ber UiS difor Stortinget om å endre gradsforskrifta, slik at kapasitet, kompetanse og kvalitet blir styrande for utviklinga av høgare utdanning, og ikkje historiske rettar. Vår felles overtyding er at dette er det beste for universiteta, for studentane, og for nasjonen.

@Mohnitor

(les videre under AnnonseN)

Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-

Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.Last ned til iPhone - Last ned til Android-
Powered by Labrador CMS