pristildeling

Holbergprisen: — Kjenner ingen som deler komiteens syn

Årets Holbergpris gjekk til ein økonom. Men Holbergkomiteen baserer tildelinga på premiss om økonomifaget som ingen andre deler, meiner professor Steinar Vagstad.

— Ingen kan ha full oversikt over alt som skjer innanfor såpass vide fagområde som Holbergprisen dekker. Men her kan det sjå ut som om Holbergkomiteen heller ikkje har forstått kva prisvinnarens bidrag er, seier økonomiprofessor Steinar Vagstad ved Universitetet i Bergen.
Publisert Oppdatert

Tildelinga av årets Holbergpris har skapt undring mellom ein del samfunnsøkonomar som ikkje heilt kjenner seg igjen i argumentasjonen som Holbergkomiteen har nytta. Årets prisvinnar er Joan Martinez Alier, ein katalansk økonom og tidlegare professor og forskar ved ICTA, det autonome universitetet i Barcelona.

Deler ikkje synet

Nokre undrar seg over at dei ikkje kjente til prisvinnaren frå før. Men det er i hovudsak komiteen si grunngjeving som har fått augnebryna til å løfte seg.

Økonomiprofessor Steinar Vagstad ved Universitetet i Bergen fleskar til på Facebook, der han tek føre seg Holbergkomiteen sine argument. Det første komiteen skriv om prisvinnaren handlar om økonomisk vekst: «Hans klare, analytiske kritikk av rådande økonomisk teori utfordrer den dominerande oppfatninga av økonomisk vekst som det einaste målet på ein god økonomi.»

Her deler ikkje professor Vagstad synet som juryen legg til grunn for å tildele prisen til Martinez Alier.

Vagstad skriv på sin Facebook-profil: «Dette er stråmannsargumentasjon av ypparste klasse. Eg kjenner ingen økonomar som deler det som her blir påstått å vere «den dominerande oppfatningen», og eg kjenner mange økonomar. Kanskje Holbergkomiteen kan gje oss namnet på i det minste ein økonom som har slike oppfatningar?» spør Vagstad.

Har ikkje forstått

Khrono har bede Vagstad om å utdjupe.

— Ingen kan ha full oversikt over alt som skjer innanfor såpass vide fagområde som Holbergprisen dekker. Og eg har ingen problem med at Holbergprisen går til folk eg ikkje kjenner til eller som eg ikkje forstår kva har gjort. Men her kan det sjå ut som om Holbergkomiteen heller ikkje har forstått kva prisvinnarens bidrag er, seier Vagstad.

Joan Martínez-Alier er tildelt årets Holbergpris for sin forskning innen økonomi, politisk økologi og miljørelatert urettferdighet.

Han siktar då til formuleringa frå juryen der dei skriv «den dominerande oppfatningen av økonomisk vekst som det einaste målet på ein god økonomi».

— Dersom juryen verkeleg trur at det er ei dominerande oppfatning mellom økonomar at økonomisk vekst er det einaste målet på ein god økonomi, så fortener dei å bli korrigert. Når dei presenterer prisvinnaren som ein av verdas leiande forskarar innan økonomi, politisk økologi og klimarettferdighet burde dei ha kvalitetssikra grunngjevinga med nokon som er økonomar, seier Vagstad.

Ingen kjente til

Han meiner at dette må vere eit minstekrav til ein jury som tildeler prisar slik som Holberg-prisen. Som samfunnsøkonom med lang fartstid synest han det også er rart at prisvinnaren er så ukjent blant økonomar. Vagstad er tilsett som professor ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen.

— Det var ingen på instituttet vårt som kjente til prisvinnaren. Heller ikkje ein som er frå Barcelona, der prisvinnaren har arbeidd, seier Vagstad.

Han har sett på kva prisvinnaren har publisert.

— Prisvinnaren har ei lang rekkje publikasjonar og er sitert over 44.000 gonger. Det er imponerande. Når vi likevel ikkje har høyrt om han før, skuldast det nok at han har jobba relativt langt frå det som økonomar reknar som økonomi, seier Vagstad.

Imot naturressurs-utvinning

Det andre poenget i Holbergkomiteen si grunngjeving som Vagstad stiller spørsmål ved, handlar om utvinning av naturressursar og økonomiske modellar som baserer seg på slik utvinning.

Komiteen skriv: «Martinez-Aliers tilnærming avviser økonomiske modellar basert på ein utvinning av naturressursar kor formålet er konsum og materiell akkumulasjon.»

Her meiner Steinar Vagstad at enten så er det noko som ikkje stemmer i prisvinnaren sin logikk, eller så må juryen ha mistydd han.

«Her kunne det ha vore interessant å vite om prisvinnaren avviser berre dei økonomiske modellane eller om han avviser sjølve utvinninga av naturressursar?», skriv Vagstad.

Ikkje mykje att

Han meiner det verkar sannsynleg at årets Holbergpris-vinnar — i alle fall slik komiteen tolkar han — avviser all utvinning av naturressursar.

«Problemet med denne avvisinga er at den ser ut til å dekke all utvinning av naturressursar, og ikkje berre bergverk og elektrisitetsproduksjon (som ville vere ille nok å greie seg utan), men også tilarbeida råvarer frå jordbruk og fiske. Eg veit som sagt ikkje om prisvinnaren meiner dette eller om det er Holbergkomiteen som har misforstått han», skriv Vagstad.

— Trur du komiteen kan ha mistolka kva prisvinnaren forfektar?

— Det er vanskeleg å seie. Men det er iallfall klart at dersom all utvinning av naturressursar kor formålet er konsum og materiell akkumulasjon tek slutt, er det ikkje mykje att å leve av, seier Steinar Vagstad.

Ikkje grunnlag

Michael Hoel er professor emeritus i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo. Han kjenner heller ikkje til prisvinnaren, og vil ikkje meine noko om han.

— Men det var nokre merkelege formuleringar i grunngjevinga, for å seie det mildt, skriv Hoel til Khrono i ein e-post.

— « … økonomisk vekst som det einaste målet på ein god økonomi.» Finst det nokon som meiner dette? spør Hoel.

— Det er i all fall overhovud ikkje noko grunnlag for ei slikt utsegn innanfor rådande økonomisk teori, slår økonomiprofessoren fast.

Svært uklårt

Han meiner også det er uklart kva det blir sikta til når prisvinnaren omtalast ved at hans tilnærming «avviser økonomiske modellar basert på ein utvinning av naturressursar kor formålet er konsum og materiell akkumulasjon».

— Det er svært uklårt kva dei meiner her. Forhåpentleg er det ingen som meiner at vi ikkje skal bruke våre naturressursar (fisk, skog mineralar, olje etc.) til å produsere varer som folk ønskjer å konsumere?, seier Hoel.

Sjølvsagt, seier Hoel at det kan diskuterast når ressursane skal brukast, kor mykje totalt og så vidare. Dette er ifølge Hoel sentrale emne innan standard økonomisk teori. Sjølv skreiv han doktorgrad i 1978 om marknad for ikkje-fornybare ressursar, og i kva grad eit marknadsutfall samsvarer med kva som er samfunnsøkonomisk ønskjeleg.

Han er også undrande til Holbergkomiteens formulering om at prisvinnaren si bok «tilbakeviser antagelsene om at det nødvendigvis må vere ein konflikt mellom å forbetre de fattiges økonomiske levekår og å oppnå miljømessig berekraft».

— Kvar kjem eventuelt slike antakingar frå? I kvart fall ikkje frå standard økonomisk teori, seier Michael Hoel.

Fagfellevurdert

Styreleiar i Holbergstiftelsen, professor Kjersti Fløttum ved Universitetet i Bergen, forklarer at nominasjonane vert gjennomgåtte av Holberg-sekretariatet før dei vert tilgjengelege for Holberg-komiteen, ein internasjonal komité av ekspertar. Der vert nominasjonane behandla i fleire omgangar.

— Det er viktig å peike på at Holbergkomitéen består av fagfolk frå ei brei vifte av disiplinar. I sine vurderingernyttar dei seg i tillegg av fire uavhengige fagfellevurderingar av kvar kandidat som er vortne kortlista, skriv Fløttum i ein e-post til Khrono.

Ho understrekar at innhenting av slike uavhengige fagfellevurderingar er særs viktig for komiteen sitt arbeid.

«Også for å supplere den fagkunnskapen Holbergkomitéen sjølv besitter og for å vurdere de kortlistene på ein best mogeleg måte», skriv Fløttum.

Vil ikkje opplyse

Khrono har bede om å få innsyn i kven fagfellane er, men dette vert avslått frå Bjørn Enge Bertelsen, fagleg leiar i Holbergsekretariatet og professor ved Universitetet i Bergen.

Kjersti Fløttum skriv vidare at etter ein grundig prosess fremmer Holbergkomitéen si anbefaling til Holbergstyret som vurderer anbefalinga.

«Holbergstyret utnemner Holbergprisvinnar og i år vart det, etter ein slik grundig prosess, professor Joan Martinez-Alier, for hans forsking innan økonomi, politisk økologi og miljørelatert urettferd», heiter det i e-posten frå styreleiaren.

Ho skriv at «Holbergstyret merkar seg at utnemninga av årets prisvinnar skaper debatt og engasjement — noko som er svært gledeleg».

— Når det gjeldt dei faglege vurderingane som ligg til grunn for komitéens anbefaling har ikkje styret noko mogelegheit til å gå inn i desse. Men vi vil framheve at under Holberguken 6. — 9. juni i Bergen og Oslo, er det svært mange mogelegheiter til å bli betre kjent med prisvinnarens arbeid, skriv Fløttum.

Særs positiv verdsetjing

Khrono har kontakta prisvinnar Joan Martínez-Allier, og stilt spørsmål om formuleringane til Holberg-komiteen og kva tilhøve hans er til økonomiske modellar som er basert på utvinning av naturressursar.

Han viser i ein e-post til at han gjerne svarer på spørsmål under Holberg-veka i juni.

«I mellomtida anbefalar eg deg å lese fråsegnene då eg fekk Balzan-prisen i 2020. Dei er like, men ikkje identiske med dei frå Holbergkomiteen. Dette er ei objektiv og særs positiv verdsetjing av kvalitetane ved arbeidet mitt, gjeve av to temmeleg ulike sett av personar i juryane til desse prestisjetunge prisane», skriv Martínes-Alier.

Powered by Labrador CMS