khrono helg

Å verta professor var ein ting. Men eit verv som prorektor er noko Gunhild Odden er glad for at ho venta med til yngstebarnet var sju.

Bildet viser Gunhild Odden i et arkivrom
Ho hadde vore på utveksling på vidaregåande, men å studera på fransk vart likevel krevjande i starten. — Eg lærte mykje berre av å vera på førelesingar, seier Gunhild Odden. Etter kvart vart fransk òg det akademiske språket hennar, og planen var å verta buande i Frankrike resten av livet. Slik vart det ikkje.

Ho vart professor utan å jobba overtid

— Eg har aldri sett på meg sjølv som uvanleg flink, seier Gunhild Odden.

41-åringen vart prorektor ved VID vitskapelege høgskule då ho var 39. Året før det igjen vart ho professor. Ingenting av dette var ein del av planen.

— Eg visste at eg skulle studera i utlandet. Ein akademisk karriere hadde eg ingen plan om før eg var godt uti stipendiattida i Frankrike, seier Odden.

Når kvinnedagen nærmar seg, kan det vera eit høve til å sjå på korleis det eigentleg står til med likestillinga i akademia. Ein Nifu-rapport frå 2019 viser at talet på kvinnelege forskarar aukar, men at talet på kvinnelege professorar framleis berre var på vel 30 prosent i universitets- og høgskulesektoren.

I 2022 sa Nifu-forskar Dag Aksnes til Khrono at det ikkje er slik at kvinnene fell av karrierekarusellen, på alle nivå. Men kvinnene brukar gjerne litt lenger tid på å bygga vitskapeleg karriere.

— Ein ting er dette med graviditet og foreldrepermisjon. Kvinner har eit høgare yrkesfråver enn menn i denne samanhengen. Det kan få konsekvensar. Nokre studiar har òg vist at kvinner let vera å søkja opprykk til professor. Dei er redde for å verta avviste, og ventar heller lenger. Kvinner publiserer generelt mindre enn menn, noko som òg kan henga saman med meir ansvar for familieliv, sa Aksnes.

— Det er synd at det har oppstått ein idé om at ein må jobba seg i hel for å kunne verta professor, seier Gunhild Odden.

Busette seg der ho fekk jobb

Ho deler kvardagen med sambuar og to barn i barneskulealder. Kvardagen består av både korps, riding og rytmisk sportsgymnastikk i tillegg til jobb og skule, og Odden fortel om klare avtalar i heimen om kva for forelder som har ansvar for kva.

— Sambuaren min er fransk. Ingen av oss hadde vore i Stavanger før då eg fekk jobb her. Han fekk høyra at Stavanger skulle vera det norske svaret på den franske rivieraen. Eg trur han var litt skuffa, seier Odden og ler.

— Men me trivst veldig godt. Me har busett oss i sentrum, noko som gjer at barna kan gå til dei fleste fritidsaktivitetane. Sambuaren min jobba i reklamebransjen i Paris då me budde i Frankrike, det var eit valdsamt køyr.

Bildet viser en familie som går over en fotgjengerovergang i Stavanger
Kanskje ikkje som den franske rivieraen, i alle fall ikkje ein hustrig februardag. Gunhild Odden og Julien Barbier busette seg i Stavanger, ein by dei ikkje hadde vore i før, då ho fekk jobb her. Så kom døtrene Ava (12) og Liv (9) Barbier Odden.

Tok overtid ut i kosedagar

Men kva er så suksessoppskrifta? Odden seier at timelistene hennar viser at ho ikkje jobba overtid i åra då ho kvalifiserte seg til professorat.

Etter å ha søkt forskarstillingar over heile verda, fekk ho stilling ved Senter for interkulturell kommunikasjon. Dette var eit forskingsinstitutt, eigd av den dåverande Misjonshøgskulen i Stavanger. I 2018 vart både høgskulen og senteret ein del av VID.

— Eg vart leiar for senteret i 2015, og same året fekk eg det første større prosjektet mitt som var finansiert av Forskingsrådet, fortel ho.

Som senterleiar hadde ho barn på to og fire år.

— Barnehagen stengjer jo, så i denne fasen av livet MÅ ein gå heim. Då barna var små, var eg dessutan så sliten om kvelden at eg ikkje orka å ta opp igjen arbeid då.

Det Odden lærte seg, var å vera både effektiv og selektiv. I instituttsektoren er det færre råd og utval som stel tid, og heller ikkje undervisning. Det siste har ho likevel gjort ein god del av, ved ulike institusjonar, og ho har skrive ei lærebok i internasjonal migrasjon.

— Då fekk eg eit stipend og hadde permisjon frå den vanlege stillinga mi. Men akkurat då eg skreiv denne boka, vart det litt ekstra jobbing.

Elles viser timerekneskapane at ho gjekk i null. Plusstimar i travle periodar vart tekne ut i avspasering i rolegare periodar.

— Generelt er jo fleksibelt å vera forskar, eg har ofte tenkt på korleis det er å kombinera familieliv med eit arbeidsliv der ein alltid må vera på plass til eit gitt tidspunkt. Då ungane gjekk i barnehagen, tok me av og til ein fridag fordi eg hadde plusstimar. Kosedag, kalla me det. Det snakkar dei om endå, seier Odden.

Bildet viser Gunhild Odden som er med datteren på skolekorpsøving
Familien har busett seg i sentrum, slik at dei kan gå til det meste. Her er Gunhild Odden med på øving med Nylund skolekorps. Erlend Bratlie dirigerer Liv og dei andre musikantane.

Har eigen professorklasse

Forskingsresultata frå Nifu passar godt på Gunhild Odden: Ho trengde ein dytt før ho søkte om opprykk til professor.

— Det var andre rundt meg som motiverte meg til det, og eg hadde ein leiar som tok tak og spurde kva eg mangla før eg kunne søka.

I 2020 vart ho prorektor ved VID. Sjølv om ho til dagleg har kontor i Stavanger, er dette ei stilling med fleire møte og meir reising enn ho har vore van med tidlegare.

— Eg har jo vore leiar før, men det er ganske stor skilnad mellom å vera prorektor og å ha ei leiarstilling på eit lågare nivå. Dette er ei stilling der eg tenkjer at barna må ha nådd ein viss alder før ein tek ho på seg. Den yngste dottera mi begynte i andre klasse, og eg hugsar eg tenkte at eg var glad for at eg ikkje hadde ein fersk førsteklassing, seier Odden.

VID har 604 tilsette. 192 av desse er tilsett i førstestilling, og 145 av dei er kvinner. Og når ein ser på talet på professorar ligg VID over snittet: 36 av dei 54 professorane ved den vitskapelege høgskulen er kvinner.

— Kva gjer du som prorektor for å legga til rette for at andre unge kvinner kan gjera det same som deg?

— Eg er oppteken av at me skal ha gode karriereløp. Ved VID har me ein professorklasse, der ein skal kunne koma inn etter disputas, seier Odden, men legg til at det ikkje er forventa at alle med doktorgrad skal ønska å verta professor.

VID utdannar til fleire profesjonsfag, som vernepleiarar, sjukepleiarar og barnevernspedagogar og tilbyr mange fag innan samfunnsfag og teologi. Det betyr at mange av dei vitskapeleg tilsette har mykje undervisning. Eit av tiltaka for at fleire skal kunne kvalifisera seg for dei vitskapelege toppstillingane, er meir samanhengande tid til forsking.

— Me har ordningar med kvalifiseringsstipend der ein er kjøpt fri frå undervisning, og me kan gi opprykksstipend til tilsette i dei delane av organisasjonen der det er låg førstekompetanse, seier Odden.

Bildet viser Gunhild Odden og Silje Dragsund Aase
I Stavanger hadde ein Misjonshøgskulen fram til 2018, då gjekk denne inn i VID vitskapelege høgskule. No er det VID som har ansvar for det rikhaldige misjonsarkivet. Her er prorektor Gunhild Odden saman med arkivleiar Silje Dragsund Aase.

Gir støtte for å få inn eksterne midlar

Nålauga inn til ekstern finansiering, både i Forskingsrådet og i EU-systemet, er svært trongt. Ser ein på kven som når opp, er det ofte forskarar frå dei største institusjonane. Henriette Hafsaas, forskingsdirektør ved Høgskulen i Volda, har tidlegare sagt til Khrono at det er krevjande for dei små institusjonane å konkurrera om midla. Ikkje fordi dei ikkje har flinke forskarar, men fordi dei store institusjonane har eit heilt anna støtteapparat.

Gunhild Odden fortel at for hennar eigen del tok det ei stund før ho knekt søknads«koden». Ho hadde budd ti år i Frankrike då ho fekk stilling i Stavanger, så å kunne forska og skriva eit anna språk enn fransk var uvant.

— Eg brenn for eksternfinansiering, og ved VID har me no eit eige prosjektstøtteteam. Eg vart både rørt og glad då ein av forskarane våre sa at ho hadde fått god støtte frå dette teamet då han jobba med ein stor søknad. Eg ønskjer at me skal få til eit akademi for forskarar i starten av karrieren, men fokus på midlar både frå Forskingsrådet og EU, seier ho.

I dag har VID eitt pågåande prosjekt finansiert av Forskingrådet, og har hatt seks sidan høgskulen vart etablert i noverande form i 2016.

Bildet viser prorektor Gunhild Odden og døtrene som gjør lekser
Arbeidsliv og mammaliv. Gunhild Odden gjer lekser med eldstedotra Ava (12). Tobarnsmora gjekk inn i rektoratet då yngstedotra Liv (bak) gjekk i andre klasse. Så store barn bør ein minst ha før ein tek på seg ei slik stilling, meiner Odden. Ho startar gjerne arbeidsdagen svært tidleg for å få ettermiddag og kveld med familien.

Ikkje fått det til i Frankrike

Med både arbeidsstad og bustad i Stavanger sentrum er det sparkesykkel som er framkomstmiddelet heim frå jobb. Prorektoren seier at VID har opna for heimekontor i inntil to dagar i veka. Det nyttar ho òg når ho kan. I tillegg står ho heller veldig tidleg opp og tek så mykje reising som mogleg i form av dagsreiser. Slik får ho kveldane saman med familien.

— Men for å ha ei stilling som eg har no, er ein avhengig av å ha ein partnar som er innstilt på å ta mest på heimebane i ein periode. Så no er det far som tek mest av både køyring og middagslaging.

— Kunne du kombinert ei vitskapeleg karriere og familieliv dersom du hadde vorte verande i Frankrike?

— Noreg er heilt annleis på dette punktet. Her er det aksept for at ein går frå jobb klokka 16. Eg kjenner forskarar i Frankrike som jobbar 80 prosent stilling for å kunne gå heim på det tidspunktet, for der strekkjer arbeidsdagen seg til klokka 18, seier Odden.

I tillegg er fødselspermisjonen mykje kortare i Frankrike. 16 veker til mor, var det i 2020, i tillegg kunne far då få 11 dagar.

— Eg var oppteken av at eg ville ha så lang permisjon som mogleg, seier Gunhild Odden.

Powered by Labrador CMS