journalistikk

Klarar ikkje å fylla studieplassane i Nord

Berre 21 søkjarar hadde journalistikk ved Nord universitet som førsteval. I Oslo må ein derimot ha 59 poeng for å koma inn.

Journalistar side om side på pressekonferanse - før koronautbrotet. Dei fleste institusjonane som tilbyr utdanning i journalistikk opplever gode søkjartal, men ikkje alle.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nord universitet har ikkje hatt opptak til bachelorstudium i journalistikk på eit par år, og vurderte å erstatta heile programmet av eit masterprogram. Det fekk ikkje akkreditering, og frå august er nye bachelorstudentar i journalistikk attende i Bodø.

Opptaksgrenser journalistikk

Studiestad 2018 2019 2020
Oslo55,154,559,3
Stavanger45,446,048
Volda (avis)37,841,244,9
Volda (TV/radio)50,649,854,0
Bergen55,155,456,2
Nord--Alle
KristiansandAlleAlleAlle

Kjelde: Samordna opptak

Men det er plass til fleire. Berre 21 hadde studiet som førsteval. I tillegg til dei, er det sendt ut tilbod til søkjarar som hadde dette studiet lenger nede på lista si. Det skriv Journalisten. Same avis har tidlegare skrive at det var tilbakemeldingar frå bransjen som gjorde at det igjen vart oppretta eit bachelortilbod i Bodø. Masterprogrammet som var planlagt skulle vera tverrfagleg, der studentar med ulik bakgrunn skulle kunne ta ein praktisk master i journalistikk.

— Me skulle sjølvsagt ønska at fleire søkte seg til oss, men det er ikkje uventa at tala er slik dei er. Me håpar søkinga tek seg opp etter kvart. seier studieprogramansvarleg Birgit Røe Mathisen til Medier24.

Lang venteliste

Også ved NLA i Kristiansand kjem alle studentar inn på journaliststudiet. Men andre stader er det annleis: I fjor var det Universitetet i Bergen som hadde høgast opptakskrav. I år er det igjen vanskelegast å koma inn i hovudstaden, ved OsloMet. Her må ein ha 59,3 poeng for å koma inn, eller 51,3 dersom ein berre søkjer med primærvitnemålet. Totalt står nærare 700 studentar på venteliste for å ta journalistutdanning ved OsloMet.

Det er ikkje enkelt å koma inn i Bergen heller, her må ein ha 56,2 eller 53,1 poeng. Omlag 600 studentar har ikkje fått plass.

Auke i Volda

Det har altså vorte vanskelegare å koma inn både i Oslo og Bergen, og også Universitetet i Stavanger sine krav aukar no.

Det same ser ein i Volda. Etter at ein kunne koma inn med under fire i snitt for nokre år sidan, er no kravet 44,9 poeng for å koma inn på avis og nesten ti poeng høgare for å koma inn på radio/TV-linja. Her er det omlag 400 studentar som ønskjer seg ein plass, men som ikkje har fått det.

Dekan Jan Ytrehorn har ikkje eit godt svar på kvifor det no er fleire som søkjer seg til Volda.

— Søkjartala har gått litt opp og ned dei siste åra. I år har me lurt på om korona har verka inn, og me er spente på kor mange som takkar ja til studieplassen, seier han.

— Er det eit gode for høgskulen at det er vanskeleg å koma inn?

— Det er jo eit gode at det er konkurranse om plassane og at ein slik får godt kvalifiserte søkjarar. Eg synest òg det er bra med ein mix, der nokre studentar kjem rett frå vidaregåande skule og andre har meir røynsle frå studier eller arbeidsliv, seier dekanen.

For mediefag i Volda har to saker vore omtala det siste året: Nytt mediebygg, som skal stå ferdig hausten 2021, og arbeidsmiljøproblem ved avdelinga. Ytrehorn trur ikkje nokon av sakene har særleg innverknad på potensielle søkjarar.

— Nytt mediebygg kan nok kanskje slå ut, men saka om arbeidsmiljø påverkar studntar i lita grad. Eg trur det viktigaste for dei som vurderer å søkja er det dei høyrer frå andre studentar.

Powered by Labrador CMS