«Krigen» om krigen

Meiner historikar tyr til usanne påstandar for å vinne debatten

— Eg hadde venta meir av ein historikar som representerer ein statsfinansiert institusjon, seier «Frontkjempere»-regissør, Alexander Kristiansen.

— Det er interessant å høyre om kvifor nordmenn trekte i tysk uniform. Men dei gjer det ikkje uimotsagt, som enkelte feilaktig hevdar, seier regissør og produsent av «Frontkjempere», Aleksander Kristiansen.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Regissøren av den svært omdiskuterte dokumentaren «Frontkjempere», som blir sendt på NRK, har ingenting å innrømme historikarane som har kritisert serien. Dokumentarserien handlar om norske soldatar på tysk side på austfronten under andre verdskrigen.

— Det er svært overraskande at ein erfaren historikar må ty til usanningar i eit forsøk på å vinne ein debatt. Det er trist for historiedebatten, og eg hadde venta meir av historikarar som representerer statsfinansierte institusjonar, seier Alexander Kristiansen til Khrono.

Kritikken mot «Frontkjempere» er prega av sterke overdrivingar og halvsanningar, meiner regissør Alexander Kristiansen

Historikaren han refererer til er Terje Emberland, forskar ved Holocaust-senteret, som meiner dokumentaren endar som mikrofonstativ for gamle nazistar. Han har vore fagleg bidragsytarar til serien, men har sidan tatt avstand frå filmen. Fleire historikarar har gitt uttrykk for at dei er blitt uforsvarleg redigerte og dermed misbrukt av regissøren og utsett for løftebrot av NRK, som dei meiner ikkje har lytta til innvendingar.

Kritisert for «kvitvasking»

Fakta

Krig og kritikk

  • Ei lang rekke filmar og bøker dei siste åra er blitt utsette for hard kritikk og skuldingar om historieforfalsking frå krigshistorikarar, seinast Frontkjempere som nå går på NRK.
  • Boka Hva visste Hjemmefronten? av Marte Michelet er truga av søksmål frå etterkomarane av krigsheltane i Heimefronten.
  • Filmane Den 12. mann og Max Manus, og serien Atlantic Crossing har alle blitt skulda for historieforfalsking av faghistorikarar.
  • Det er laga ca. 30 norske filmar om andre verdskrigen. Etter at Max Manus kom i 2008, har det blitt gjort ei rad store produksjonar for eit stort publikum.

— Som følgje av manglande kontekstualisering og kjeldekritikk formidlar serien SS-mennenes revisjonistiske kvitvasking, knytt til det største brotsverket i moderne tid, uttalte Emberland til Khrono.

Allereie før serien kom på lufta og vart lagt ut på NRKs nettsider, gjekk Emberland ut på sine eigne Facebook-sider med skuldingar om kvitvasking og karakteristikkar som «apologetisk».

Programskaparane har «mye kunnskap om våpentyper og frontavsnitt, men ikke peiling på nazismen», skreiv Emberland mellom anna.

Kritikken har sidan blitt gjentatt i fleire intervju, blant anna på Dagsrevyen påskeaftan. I ein kronikk i VG utdjupar Emberland kritikken saman med tre andre krigshistorikarar, som alle tar del i serien.

Også fleire andre har kritisert serien, mellom andre journalist og forfattar Bjørn Westlie, som i Khrono seier at «viktige faktum blir borte». Han meiner dette er særleg problematisk i ei tid då høgreradikale krefter er på frammarsj. Westlie er sjølv son av ein frontkjempar, og fekk i 2008 Bragprisen for ei bok om faren.

Regissøren Alexander Kristiansen ikkje berre avviser kritikken mot serien – no rettar han kraftige skuldingar tilbake mot Emberland og Sigurd Sørlie, ein av dei andre historikarane som har målbore kritikken. Sørlie er også ein av ekspertane i dokumentarserien.

— Ikkje mikrofonstativ

— Retorikken frå Emberland og Sigurd Sørlie har vore prega av sterke overdrivingar og halvsanningar, mellom annan når dei går ut i Noregs største avis og skuldar NRK for å drive med historieforfalsking, seier Kristiansen.

Regissøren, som saman med produksjonsselskapet Filmavdelingen har produsert dokumentaren, seier det ikkje stemmer at historikarane ikkje er blitt lytta til.

— Eg ser at Emberland på sin Facebook-vegg skriv at sitatet hans om «blodsporet gjennom Ukraina» blei klipt bort, og at det blei tatt inn igjen etter hans protestar. Dett er ikkje riktig, og eg synest det er alvorleg av ein seniorhistorikar å ty til usanningar, seier Kristiansen.

Slik Kristiansen ser det, forvekslar Emberland og Sørlie det at frontkjemparane får fortelje si historie med å vere «mikrofonstativ».

— Det er interessant å høyre om kvifor nordmenn trekte i tysk uniform. Det er berikande for historia vår å høyre dei fortelje kvifor dei verva seg. Men dei gjer det ikkje uimotsagt, som enkelte feilaktig hevdar, seier Kristiansen.

Han viser til at sju historikarar bidrar med synspunkt og kontekst gjennom episodane i serien.

— Ein må også hugse at ein faghistorikar sine ord veg veldig tungt, seier regissøren.

Kristiansen har tidlegare vist til at den faghistoriske kunnskapen om frontkjemparane er mindre eintydig enn Emberland og dei som står på hans side har gitt uttrykk for. Særleg er militærhistorikar og forfattar Knut Flovik Thoresen blitt trekt fram. Han bidrar også i serien. Khrono har gjort fleire forsøk på å nå Flovik for ein kommentar, men har ikkje lykkast.

Tru mot kjeldene

Khrono har i ein lengre artikkel sett søkelys på konflikten mellom forfattarar og filmskaparar og krigshistorikarane. Ei lang rekke filmar og bøker dei siste åra er blitt utsett for hard kritikk og skuldingar om historieforfalsking frå krigshistorikarar.

I «Frontkjempere» blir skodespelarar brukte innimellom intervjua med frontkjemparane for å dramatisere forteljingane. På spørsmål om kor stor fridom ein filmskapar og dokumentarist kan ta seg for å levandegjere stoffet, svarar Kristiansen slik:

— Svært få, og det har vi heller ikkje gjort. Det ligg ei antyding i spørsmålet ditt om at vi har tatt oss kunstnariske fridomar. Alle dramatiseringane er laga så tett opp til kjeldene som overhovudet mogleg. Alle dramatiseringane er baserte på intervju med frontkjemparar, og i nokre tilfelle har vi brukt skriftlege kjelder i tillegg. Eit eksempel på dette er slaget i Karelen, der Stein Ugelvik Larsen har skrive ei omfattande bok om stridshandlingane. Nokre detaljar må vi fylle ut, men aldri noko som endrar intensjonen til kjelda.

Endringslogg: Artikkelen er endra kl. 22.34, 10.4.: Alexander Kristiansen presiserer at utsegner om "usanningar" var retta mot Terje Emberland, ikkje andre historikarar, som ein tidlegare versjon av saka kunne gi inntrykk av.

Powered by Labrador CMS