Rektor Anne Husebekk, UiT Norges arktiske universitet, reiser jorda rundt i 2019. Ho må også reise lange avstandar for å besøke eigne campus i Nord-Noreg. Foto: David Jensen/UiT
Rektor Anne Husebekk, UiT Norges arktiske universitet, reiser jorda rundt i 2019. Ho må også reise lange avstandar for å besøke eigne campus i Nord-Noreg. Foto: David Jensen/UiT

CO2-toppen: UiT-rektor Husebekk har suverent størst klimafotavtrykk

Klima. UiT-rektor Anne Husebekks klimagassutslepp er større enn rektorane ved Universitetet i Oslo og NTNU sine utslepp til saman.

Publisert   Sist oppdatert
Fakta

Klimafotavtrykk

Khrono har brukt klimakalkulatoren til FNs luftfartorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket frå flyreisene til universitetsrektorane.

Denne kalkulatoren inkluderer ikkje andre klimagassar (ekvivalentar) enn CO2, som ved flyreiser utgjer ein vesentleg del av utsleppa som bidrar til global oppvarming.

For å kalkulere meir reelle klimagassutslepp knytt til flytransport (radiative forcing index, RFI), bør det leggast til 80 prosent på utsleppstalet (CICERO). Universitetet i Oslo legg på 90 prosent (Miljørapport 2016). Også UiB brukar ein annan formel, som gir rektor Dag Rune Olsen eit vesentleg høgare enn i Khronos utrekning, på 30 tonn i 2019.

Reiser med bil, tog eller anna i samband med flyreiser er ikkje tatt med.

Alle klimarekneskap er upresise på grunn av dei mange variablane som kan reknast inn og dei ulike måtane dei kan reknast ut på.

Det er langt frå Tromsø til dei fleste i universitets- og høgskulesektoren i Noreg. Men det er utlandsreisene som gjer rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Anne Husebekk, til klimaversting blant rektorane ved dei fire, eldste universiteta: Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU og UiT Norges arktiske universitet.

Alle reisene er nøye vurdert.
Anne Husebekk
Rektor UiT

Khrono har innhenta oversikt over gjennomførte og planlagde jobbreiser med fly for rektorane i 2019 og rekna ut klimafotavtrykket.

Husebekks klimabagasje på jobbrelaterte flyreiser er på nær 32 tonn CO2-ekvivalentar (CO2 og andre klimagassar)

Med det legg ho fjorårets klimaversting, Universitetet i Bergens (UiB) rektor, Dag Rune Olsen, bak seg på karbonlista med god margin.

UiO-rektor klimavinnar

Olsen ligg an til å legge igjen 23,5 tonn klimagassar i år. Om det ikkje dukkar opp mange eller lange reiser utanom programmet siste del av året, kjem han til å nå sitt sjølverklærte mål om å redusere utsleppet sitt med 10 prosent i 2019 i forhold til året før. Olsen hadde i 2018 eit utslepp på 27 tonn CO2-ekvivalentar, ifølgje På Høyden sine utrekningar.

Men om rektorane sitt reiseprogram er ein peikepinn på reiseaktiviteten ved universiteta generelt, er UiB langt unna siger i konkurransen om å flyge minst. Det er nettopp ein slik konkurranse Olsen, i kraft av leiarvervet i Universitets- og høgskolerådet, lanserte saman med statsråd Iselin Nybø tidlegare i år.

Den posisjonen tar i så fall Universitetet i Oslo (UiO).

UiOs rektor, Svein Stølen, er i år som i fjor rektoren med det lågaste utsleppet blant dei fire rektorane Khrono har rekna på. Det er gjerne ikkje unaturleg med tanke på alle osloreisene han slepp unna. Men med sine 10,5 tonn vil han – om reiseprogrammet ikkje endrar seg – redusere utsleppet sitt frå i fjor med nær 30 prosent.

For rektor Husebekk i Tromsø går det motsett veg.

Halifax, Reykjavik, Yerevan ...

I fjor hadde ho eit utslepp på om lag 18 tonn, altså 14 tonn lågare enn det ho mest truleg vil kvittere ut i år. Ho har auka utsleppa sine frå jobbrelaterte flyreiser med nær 80 prosent frå i fjor.

Det er eit omfattande reiseprogram kringom på kloden som i år fører til det heftige karbonhoppet. Tromsø, Tokyo, Halifax, Reykjavik, Yerevan – dette er berre eit knippe av byar i land meir eller mindre langt borte der Husebekk sjekkar inn i 2019.

Ofte må ho innom Oslo for å komme seg ut. Men Tromsøs geografiske fråstand frå hovudstaden er altså ikkje ei tilstrekkeleg forklaring på det høge utsleppet: To tredelar stammar frå utanlandsreisene.

NTNUs rektor Gunnar Bovim, og Anne Borg, som avløyste han i sommar, kjem saman til å legge igjen 16 tonn klimagass i 2019. Rektorane på Noregs største universitet etterlet seg dermed eit klimafotavtrykk berre halvparten så stort som Husebekk i Tromsø, målt i tonn CO2-ekvivalentar.

Det er ikkje lenge sidan Husebekk proklamerte at UiT «tar ansvar for å gå foran» i kampen for å redusere menneskeskapte klimaendringer». Men i 2019 er hennar eige klimagassutslepp frå flyreiser åleine, eit godt hakk høgare enn NTNU-rektorane og UiO-rektorens utslepp – til saman.

Totalt sett vil Husebekks personlege klimafotavtrykk vere minst fem gongar større enn gjennomsnittsnordmannens. Det er rundt 25 gonger større enn det årlege avtrykket til ein innbyggar i Armenia, eitt av landa ho besøker i år.

Husebekk: — Ikkje god kjensle

— Det er ikkje noko god kjensle å vere på topp på denne lista, det innrømmer eg gjerne, seier Husebekk då Khrono legg fram tala for henne.

Men ho lovar på tru og ære: Dette året er og blir eit unntak.

— Det har vore ei opphoping av reiser akkurat no i haust knytt til samarbeid som vi alt har eller som vi ønskjer å få til. Alle reisene er nøye vurdert. I eit treårsperspektiv ville dette sett annleis ut, seier Husebekk.

— Noko reising er heilt nødvendig. Men å reise til Sør-Korea og Japan ville eg ikkje gjort med mindre det var ministeren som inviterte, seier Husebekk, og refererer til delegasjonsreisa som Kunnskapsdepartementet arrangerer i haust.

UiT-rektoren slår fast at dei med sitt geografiske utgangspunkt aldri vil kunne vinne ein konkurranse om å flyge minst, slik Universitets- og høgskolerådet og statsråd Iselin Nybø legg opp til. Å vinne ein videokonferansekonkurranse er derimot realistisk.

— Vi jobbar med å utvikle betre system for videokonferansar, og det er også noko vi har oppmoda Forskingsrådet og andre samarbeidspartnarar i Oslo om å ta i bruk.

Husebekk seier ho på møter i Canada har tatt initiativ blant arktiske partnarar til å redusere flyreiser. I Tromsø er åtte studentar tilsett som berekraftpilotar og tiltak for klima og berekraft er trappa opp.

Olsen: Håper å redusere meir

UiB-rektor Dag Rune Olsen har klart å redusere flyreisene sine, men har fortsatt vesentleg tyngre klimafotavtrykk enn rektorane ved NTNU og UiO. Foto: Njord V. Svendsen
UiB-rektor Dag Rune Olsen har klart å redusere flyreisene sine, men har fortsatt vesentleg tyngre klimafotavtrykk enn rektorane ved NTNU og UiO. Foto: Njord V. Svendsen

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, legg ikkje skjul på at han er fornøgd med å gi frå seg posisjonen som klimaversting og at han no ser ut til å nå målet sitt om å redusere avtrykket sitt med ti prosent.

— Ja, det er eg godt fornøgd med, men det er også viktig med tanke på den policyen vi prøver å få til. Det er viktig at rektor går føre, sjølv om det er ein del av jobben som rektor på eit internasjonalt universitetet å vere til stades og representere, seier Olsen.

Neste år har han ikkje tenkt så mykje på enno, men å reduserer like mykje eller helst meir enn i år, bør vere eit mål, ifølge Olsen.

Om UiOs rektor Svein Stølen kan kutte reisinga vesentleg også neste år, er kanskje meir tvilsamt. Utanom delegasjonsreisa til Japan og Sør-Korea reiser han berre i Europa, til stader som Berlin og Bologna, og berre av to grunnar: Samarbeidet i The Guild, eit europeisk samarbeid for forskingsintensive universitet, der han sit i styret, og møter i universitetsalliansen Circle U.

— Eg synest eg reiser meir enn nok, seier Stølen til Khrono.

Skal bremse reising

Klimasaka har klatra stadig høgare på dagsorden i universitets- og høgskulesektoren siste året, etter at FNs klimapanel i fjor la fram sin førebels siste rapport. Der blir det slått fast at dersom den globale oppvarminga skal avgrensast til 1,5 gradar samanlikna med før-industriell tid, slik Paris-avtalen legg opp til, må utsleppa reduserast med 40 til 50 prosent innan 2030. Sjølv med dette nær uoppnåelege målet vil konsekvensane av oppvarminga vere svært alvorlege.

I Noreg auka utsleppa av klimagassar i 2018.

Flyreiser utgjer kring 20 prosent av universiteta sine indirekte klimagassutslepp. Det er dei internasjonale reisene som set det største avtrykket. Både NTNU, UiO, UiB og UiT har innført eller arbeider med å innføre reguleringar for å redusere reisene hos sine tilsette.

— Vi har ein veldig ambisiøs plan for miljøtiltak som vi vil vedta til våren, seier UiT-rektor Husebekk.

Rektor Anne Husebekk under lansering av klimaopprop mot seg sjølv og andre universitetsleiarar i Arendal i august. Foto: Marit Hansen, UiT
Rektor Anne Husebekk under lansering av klimaopprop mot seg sjølv og andre universitetsleiarar i Arendal i august. Foto: Marit Hansen, UiT

Opprop mot seg sjølve

Under Arendalsveka i år var rektorane Anne Husebekk, Dag Rune Olsen og dåverande rektor ved NTNU, Gunnar Bovim blant dei første til å signere eit klimaopprop mot seg sjølve.

I eit ope brev krev professorar, forskarar og studentar - og rektorar - at universiteta tar klimaopprøret på alvor og legg om undervisning, forsking og si eiga drift.

Oppropet har no 445 underskrifter.

(kl. 11.14, 4.okt 2019: Saka er oppdatert med presisering av at vi berre har sett på fire rektorea i denne saka).