Sommar i Khrono

Helge Holden: Manglar ei presis skildring av kva som er gale

Om ein ikkje veit kva som er problemet, nyttar det lite med «ekstrem oppussing», seier professoren i dagens sommarintervju.

Helge Holden, under forskningsopphold i Brescia, Italia, i sommer/2023
Helge Holden, under forskningsopphold i Brescia, Italia, i sommaren 2023.
Publisert Oppdatert
Fakta

Helge Holden

  • Helge Holden er professor ved institutt for matematiske fag ved NTNU.
  • Han gjekk nyss av som generalsekretær for den internasjonale matematikkunionen
  • Han leier priskomiteen for Abelprisen

    Gjennom sommaren vil du bli kjend med folk i og rundt universiteta og høgskulane våre. I dag møter du Helge Holden. Holden er professor ved institutt for matematiske fag ved NTNU.

— Korleis vil du oppsummera arbeidsåret 2022-23?

— Det har vore eit anstrengande arbeidsår sidan eg ved årsskiftet avslutta åtte års arbeid som generalsekretær for den Internasjonale matematikkunionen, og deretter vart leiar for priskomiteen for Abelprisen.

— Kva vert den største utfordringa i året som kjem?

— Eg håpar at Forskingsrådet igjen kan verta ein føreseieleg aktør med gode og transparente saksbehandlingsrutinar. Og meir pengar til Fripro, takk.

— Kva er ditt forhold til sjølvplagiering?

— Med presis oppgjeving av kjelde kan ikkje dette vera eit problem. Men det er tydeleg at det trengst ein gjennomgang av gjeldande retningsliner her.

— Framlegg til ferielektyre?

— Lion Feuchtwangers «The Oppermanns». Romanen vart skriven i 1933, og er fortald gjennom ein jødisk familie i Tyskland. Han viser på ein skremmande måte kor lett eit liberalt demokrati kan forfalla. 

— Kven fortener ei rose, og kven fortener ein kaktus?

— Jens Stoltenberg får rosa – måtte han halda fram som generalsekretær for Nato til krigen er over. Alle tidstjuvane som tek tida ifrå produktivt arbeid i akademia fortener kaktus. Litt meir tillit, takk.

— Kva (er det beste) håpar du skal koma ut av den ekstreme oppussinga Ola Borten Moe har varsla for universiteta og høgskulane?

— Det som manglar, er ei presis skildring av kva som er gale. Når ein har den, kan ein vurdera framlegga til endringar. Utan ei slik skildring er det uråd å ha ei meining.

Powered by Labrador CMS