Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Debatt ● Knut Børve
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Er du uheldig og snublar innom ein fersk «Heime hos Olav Kvalheim»-reportasje i Khrono, kan du fort få eit misleiande inntrykk av det vitskaplege fokuset og nivået ved Kjemisk institutt ved UiB. Eg er glad for høvet til å fortelje kort om kva vi forskar på.
Forskinga ved Kjemisk institutt er hovudsakleg retta langs to tematiske retningar: berekraftig energi og kjemi, og molekylær livsvitskap. Omlag halvparten av det vitskaplege personalet vårt arbeider med å skape eit kunnskapsgrunnlag for skiftet frå eit fossilt ressursgrunnlag til ressursar som kan fornyast. Døme på ei aktuell problemstilling innan energiområdet er korleis vi kan produsere biodrivstoff med utgangspunkt i biologisk avfall. Vi er også i ferd med å bygge opp forskningsaktivitet innan berekraftig produksjon av energiberaren ammoniakk på basis av variable, men fornybare energikjelder. I tillegg til energi, er samfunnet vårt heilt avhengig av moderne material og kjemiske byggeklossar for industriell produksjon. Også her er det i aukande grad bruk for å byte ut fossile hydrokarbon med bio- og resirkulerte ressursar som råmaterial.
Vi på Kjemisk institutt er ivrige deltakarar i den langsiktige vitskaplege dugnaden med å utvikle dei mange nye, effektive og energisparande kjemiske katalysatorane og prosessane som trengs for å få dette til. For å følgje den fargerike stilen i Khrono: prosessar som kan starte med algesuppe og gi astmamedisin som resultat. Og dette tek oss til det andre hovudtemaet ved Kjemisk institutt: å identifisere, designe, utvikle og produsere bioaktive molekyl for bruk i diagnostikk eller som farmasøytiske preparat, eller som verktøy for å kartlegge biokjemiske mekanismar, til dømes for betennelsestilstandar. Naturlegvis utviklar vi også nye metodar og teknikkar som blir brukt i den tematiske forskinga, og vi bidrar til den marine forskinga ved UiB.
Kjemisk institutt er opptekne av å bidra med kjemiske løysingar på globale problem, og det er brei vitskapleg semje om at menneskeskapte klimaendringar er mellom dei vanskelegaste utfordringane som møter oss og komande generasjonar. Kjemi er eit essensielt fagfelt for berekraftig energi og berekraftig industriell produksjon. Sjølv om det inngår mange kjemiske prosessar i det komplekse og dynamiske samspelet som bestem klimaet vårt, er det andre fagfelt som er meir sentrale når det gjeld å predikere fart og omfang av klimaendringar. Ved Kjemisk institutt er det ingen som har klimaendringar som forskningsfelt eller som er aktive i det vitskaplege ordskiftet om dette. Synse, derimot, kan alle gjere og gjerne under open himmel. Vi treng ikkje Khrono til dét.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Nylige artikler
OsloMet vil i gang med å utdanne jurister
Universiteter stenger ned og legger om undervisningen
Når studenter blir straffet for å være syke
De kniver om å bli Norges mektigste student
Storbritannia stanser studentvisum fra fire land
Mest leste artikler
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Betalte ut over 34 millioner i styrehonorarer i 2025
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat