Debatt Sveinung rotevatn
Heilskap og samspel i kulturmiljøpolitikken
Koplinga mellom kulturhistorie og miljø, skjer ikkje for å sette andre sider av kulturarv til side, men for å vektlegge heilskapen og samspelet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det kan vere vanskeleg å skilje mellom kva som er arv og kva som er miljø. Båe er avgjerande for kven vi er. Og for kva kulturen er. Når eg i den nye stortingsmeldinga om nye mål i kulturmiljøpolitikken vektlegg koplinga mellom kulturhistorie og miljø, er det ikkje for å sette andre sider av kulturarv til side, men nettopp for å vektlegge heilskapen og samspelet.
I stortingsmeldingen Nye mål i kulturmiljøpolitikken. Engasjement, bærekraft og mangfold er kulturmiljø innført som nytt samleomgrep for «kulturminner, kulturmiljøer og landskap».
I eit debattinnlegg i Khrono gjev Kristin Bakken og Joar Skrede uttrykk for at politikkfeltet med dette beveger seg bort frå folk sitt minnebaserte forhold til kulturminne, og at den nye omgrepsbruken inneber at heilskapsforståinga av kulturminne og kulturarv blir svekka.
Eg vil kort gjere greie for årsaka til omgrepsendringa. Eg vil og presisere at den nye stortingsmeldinga ikkje inneber eit brot med tidlegare politikk. Dreiinga er eit bevisst grep for å tydeleggjere kulturmiljøpolitikken som ein viktig del av klima- og miljøpolitikken.
Sjølv om omgrepsendringa får mykje merksemd, ligg den viktigaste dreiinga av kulturmiljøpolitikken i dei nye nasjonale måla. Det er desse kulturmiljøpolitikken skal styrast etter i dei komande åra.
Måla femner dei aspekta som har lege i kulturminnepolitikken tidlegare, men fremjar i mykje større grad samfunnsbidraget gjennom å vektlegge engasjement, berekraft og mangfald. I motsetnad til dei eksisterande nasjonale måla, som har vore objekt- og tilstandsfokusert, ønskjer regjeringa å synleggjere kulturmiljø si tyding for samfunnet og i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål.
Kulturmiljømeldinga dreier ikkje kulturmiljøpolitikken bort frå minne, kultur og kulturell sjølvforståing. Det er rettare ei erkjenning av at miljøfeltet i høgste grad også er kulturelt.
Sveinung Rotevatn, klima- og miljøminiser (V)
Eitt av FN sine berekraftmål er å gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige. Eitt av delmåla handlar om å styrke innsatsen for å verne og sikre verdas kultur- og naturarv. For at Noreg skal oppnå dette innan 2030, må vi forvalte byar og lokalsamfunn på arealeffektive og miljøvenlege måtar, samstundes som vi sikrar god kvalitet i dei fysiske omgjevnadane våre.
Det inneber mellom anna å ta vare på lokal eigenart, arkitektur og kulturmiljø. Kulturmiljø kan bidra til livskvalitet, gi ei oppleving av å høyre til i eit lokalsamfunn og ei kjensle av å høyre saman på tvers av tid og rom. Det kan òg gi nye perspektiv gjennom undring og refleksjon.
Omgrepet kulturmiljø femner alle fysiske og stadbundne spor etter menneskeleg aktivitet, tro og tradisjon i omgjevnadane våre. Det kan vere naust ved sjøen, arkeologiske spor under bakken, eller jordbrukslandskap forma gjennom mange hundre år.
Kulturmiljø er derfor tett knytt saman med forvaltninga av natur og landskap. Heilt sidan det dåverande Miljøverndepartementet vart etablert i 1972, har ansvaret for lovgjeving og forvaltning på kulturmiljøfeltet vore ein integrert del av klima- og miljøforvaltninga i Noreg. Det kulturhistoriske innhaldet i landskapet har blitt til gjennom menneske si tilpassing til og bruk av naturen, og den organisatoriske tilknytinga til klima- og miljøfeltet gjev oss ei unik moglegheit til å sjå samanhengar mellom klima, natur og det menneskeskapte.
Kristin Bakken og Joar Skrede gjev uttrykk for at omgrepsendringa medfører at «kulturarv» no blir ein underkategori av «kulturmiljø». Slik er det ikkje meint. Kulturarv er eit samleomgrep for både materiell og immateriell kulturarv. Immateriell kulturarv omfattar mellom anna praksisar, framstillingar, uttrykk, kunnskap og ferdigheiter.
Kulturarv femner altså breiare, og kulturmiljø er éin del av dette. I Sverige har dei brukt omgrepa kulturmiljø og kulturarv på denne måten i mange år. Overgangen frå å snakke om kulturminne til å snakke om kulturmiljø er ei tydeleggjering av kva som ligg til Klima- og miljødepartementet sitt ansvarsområde.
Kulturmiljø gjev ei fysisk forankring til kunnskap og sjølvforståing. Eit eksempel på dette er det nyleg freda krigsminnelandskapet i Narvik. Kampane mot tyskarane der våren 1940 står som ei av dei viktigaste krigshandlingane på norsk jord. Når vi snart ikkje har fleire levande tidsvitne igjen frå krigen, vil fredinga av krigslandskapet i Narvik bidra til at vi framleis kan nærme oss ei forståing av hendingane gjennom å oppleve landskapet, omgjevne av dei materielle spora.
Den dreiinga i kulturmiljøpolitikken som ligg i dei nye nasjonale måla, er i stor grad samanfallande med den utviklinga som no skjer, til dømes i EU. I EUs nye handlingsplan for kulturarv vert kulturarven si tyding i for eit inkluderande, berekraftig, tilpassingsdyktig og innovativt Europa og for eit sterkare globalt partnarskap framheva.
Interessa for kulturarvforskning er aukande og har sjeldan vore meir aktuell enn no. Nettopp derfor bidreg Noreg aktivt i arbeidet med å sikre at desse problemstillingane vert sette på dagsorden internasjonale forskingsprogram og finansieringsordningar. Dette gjer vi til dømes i eit felleseuropeisk samarbeid om forsking, Joint Programming Initiatives (JPI) Cultural Heritage and Global Change, og gjennom innspel til EUs arbeid med niande rammeprogram – Horisont Europa.
Kulturmiljømeldinga dreier ikkje kulturmiljøpolitikken bort frå minne, kultur og kulturell sjølvforståing. Det er rettare ei erkjenning av at miljøfeltet i høgste grad også er kulturelt.
Vi skal derfor sjølvsagt ta vare på og utforske dei historiske spora vi omgir oss med. Dei er grunnlaget for å forstå vår tid og er dermed ein del av løysinga på samfunnsutfordringane våre. Dette meiner eg er framtidsretta politikk og heilt i tråd med internasjonale og nasjonale utviklingstrekk.
Nyeste artikler
Audun Øfsti (1938 - 2024)
Forskjellen må utgjøre en forskjell
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024