økonomi
Havforskingsinstituttet varslar nedbemanning
Havforskningsinstituttet risikerer store underskot og har varsla tilsette om at det kan gå mot nedbemanning.
NTNU har innvilga dei første sluttpakkane, og ved NMBU har tilsette vore innkalla til møte med nedbemanningsspøkelset lurande bak gardina.
No er det Havforskingsinstituttet (HI) som varslar at det kan gå mot reduksjon i talet på tilsette. Ifølgje NRK har dei tilsette fått beskjed om at lønskostnadane må kuttast med om lag ti prosent over dei neste tre åra.
— Viss me ikkje gjer tiltak i det heile dei neste tre-fire åra, kan me risikera å enda opp med underskot på 50 til 100 millionar til saman, seier Nils Gunnar Kvamstø, direktør for Havforskingsinstituttet til statskanalen.
Vil gjennomføra på seinhausten
Kvamstø seier at dei enno ikkje veit kor mange tilsette og kva avdelingar som vil verta råka av kutta.
— Vårt mål er å ha planane klare i løpet av eit par månader og at me kan begynna på gjennomføringa seint i haust.
Allereie i 2022 skreiv Khrono om dårlegare økonomi ved HI. Då var det forskingsskipet Kristine Bonnevie som vart teke ut av drift for å spara pengar, og det vart nedbemanning.
— Dei siste ti-femten åra, har Havforskingsinstituttet hatt vekst i aktivitet og etterspurnad etter tenester. Tildelingar av pengar har vekse proporsjonalt med aktiviteten. Over tid resulterer dette i eit tankesett og ei leiing som ikkje nødvendigvis riggar seg for at inntektene får seg ein knekk, sa Kvamstø for knappe to år sidan.
Har tilsettingsstopp
Berre nokre månader seinare kunne Khrono melda at det ikkje berre var HI sitt reiarlag som måtte spara pengar. Då vart det innført kutt for heile organisasjonen, som no har vel tusen tilsette.
Blant tiltaka var at tilsette som sluttar ved naturleg avgang ikkje vert erstatta og at mellombelse kontraktar ikkje vert forlenga.
— Me er jo allereie inne i ei nedbemanning, i den forstand at me det siste halvåret har hatt ein tilsettingsstopp og ikkje fylt ledige stillingar, seier Kvamstø til NRK no.
Terje van der Meeren, nestleiar i Forskerforbundet ved HI, seier til NRK at det vil vera ganske dramatisk dersom ti prosent av dei tilsette vert nedbemanna.
— Det store spørsmålet er i kva grad dette vil gå utover vår evne til å gi råd til forvaltninga, seier han.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Ansettelsessaken i Bergen: En faglig tautrekking
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet