styremøte

«Hastverksarbeid». Hardt ut mot regjeringas plan for studentbetaling

— Det er svært sjeldan eit departement tar avgjersler utan å ane kva dei driv med.

Jørgen Melve (til høgre) meiner Kunnskapsdepartementet har eit eksepsjonelt dårleg kunnskapsgrunnlag for å innføre studieavgifta for studentar utanfor EU/EØS/Sveits. Bildet er frå eit tidlegare styremøte.
Publisert Oppdatert

Det var styremedlem Jørgen Melve som stod for denne karakteristikken under Universitetet i Bergens styremøte torsdag.

På dagsorden stod spørsmålet om korleis universitetet skal handtere innføringa av studieavgifter for studentar som ikkje kjem frå land i EU/EØS eller Sveits. Regjeringa fekk kraftig motbør i høyringsrunden frå ein bortimot samla universitets- og høgskolesektor, då forslaget vart lagt ut til høyring hausten 2022.

Ordninga kan bli vedtatt av Stortinget før sommaren.

Usikker prislapp

UiB-styret stod samla i synet på at universitetsleiinga bør gjere det ho kan for å stanse studieavgifta, både fordi det meiner ordninga har svært uheldige konsekvensar — og fordi ho manglar kunnskapsgrunnlag.

Hardast i klypa var Jørgen Melve, som representerer dei teknisk/administrativt tilsette i styret.

— Det er svært sjeldan at eit departement fattar avgjersler utan å ane kva dei driv med, sa han, med adresse Kunnskapsdepartementet og statsråd Ola Borten Moe (Sp).

— Dette er realiteten i denne saka. Dei veit ikkje kor mange studentar det gjeld. Dei vet ikkje kva ein studieplass faktisk kostar. Vi kan håpe at vi unngår så dårleg grunnlag for avgjersler i framtida, sa Melve.

Nettopp å finne rett prislapp på studietilboda for dei som ikkje er EU/EØS-borgarar, er blant utfordringane universitetet har fått i fanget. UiB har rekna ut at ein mastergrad vil koste 366 000 kroner. Men summen er høgst usikker.

— Urealistisk

— Vi har prøvd å kome i dialog med Kunnskapsdepartementet. Men eg må vere ærleg å seie at dette er krevjande. Vi opplever ei form for dobbelkommunikasjon frå departementet og politisk leiing si side. Prisar vi for lågt, er signalet at vi kan få ytterlegare kutt. På den andre sida ser vi at andre institusjonar nettopp har prisa lågt, sa assisterande universitetsdirektør, Tore Tungodden.

Universitetet i Stavanger har lagt seg på eit lågare prisnivå enn dei andre universiteta.

— Uansett er det heilt urealistisk å tru at vi skal få studentar tilbake med desse prisane, la Tungodden til.

Ei arbeidsgruppe med deltaking frå UiB, Universitetet i Oslo, NTNU og UiT Noregs arktiske universitetet har tidlegare anbefalt å bygge på Kunnskapsdepartementets finansieringskategoriar for studieplassar. Det same har Universitets- og høgskolerådet tilrådd.

Konklusjonen er at dei dyraste utdanningane kom komme til å koste opp mot ein million kroner.

— Svært bekymra

UiB-rektoren sa at dei etter beste evne har prøvd å halde søkarane oppdaterte, sjølv om det framleis er mykje som er uklart kring innføringa av studieavgift. Så langt har 2500 av 3500 søknadar trekt søknaden for hausten 2023.

UiB rekrutterer årleg om lag 100 studentar frå land utanfor EU/EØS og Sveits til 2-årige masterprogram.

— Vi er svært bekymra, slik resten av sektoren er. Desse studentane har hjelpt oss med å bygge gode nettverk og partnarskap. Men også når det gjeld det praktiske, opplever vi at veldig mykje ikkje er klart for å kunne gjennomføre dette på ein sikker og rettferdig måte, sa prorektor Pinar Heggernes, som la saka fram for styret.

Rektor Margareth Hagen kritiserte regjeringa for «hastverksarbeid». Ho peikte også på at dersom tiltaket hadde blitt innført for litt over eit år sidan, vill det ikkje ha vore ukrainske studentar i Bergen (utanom dei som seinare har fått studierett som flyktningar).

— Vi veit ikkje kor det smell neste gong. Eller kva slags globalt nettverk Noreg treng i framtida. Vi har for eksempel eit nettverk av forskarar i Afrika, som tidlegare har vore studentar ved UiB, og som no sit i maktposisjonar. Det betyr noko for forskinga vår, men også politisk, vil eg tru, sa Hagen.

Powered by Labrador CMS