Studieavgift

Kan koste opp mot ein million å ta utdanning i Noreg: — Ein hån, seier instituttleiar

Prisen kan krype opp mot ein million for utanlandske studentar som tar heile utdanninga i Noreg. Institutteleiar fryktar kroken på døra for klimamaster.

— Det er nettopp no viktigare enn noko gong at studentar frå ulike verdsdelar kan møtast og bygge relasjonar seg i mellom, seier Tarald Seldal ved Høgskulen på Vestlandet.
Publisert Oppdatert

— Vi håvar inn på høge energiprisar. At vi samstundes ikkje tar oss råd til å invitere ungdom frå andre verdsdelar til å ta utdanning er ein hån og strid mot det eg trudde var grunnleggande verdiar, i alle fall i Arbeidarpartiet.

Det seier leiar for Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Tarald Seldal.

Han reagerer sterkt på det mykje omtalte forslaget i statsbudsjettet om å innføre studieavgift for utanlandske studentar som ikkje har pass frå Europa, nærare bestemt land innanfor for EØS-avtalen eller Sveits.

Kunnskapsdepartementet har rekna ut at dette vil gi inntekter på 1,2 milliardar kroner. Til grunn for reknestykket ligg ei årleg studieavgift på om lag 135 000 kroner. Studentar som kjem til Noreg for å ta femårig mastergrad må dermed ut med 675 000 kroner i reine studieavgifter. For å i det heile få visum, må utanlandske studentar dokumentere at dei har minst 120 000 kroner på bok.

For dei som tar ei heil utdanning fram til og med mastergrad i Noreg, kan kostnaden dermed krype opp mot millionen.

— Spenner bein på festtalar

Innføringa av studieavgift kan få alvorlege konsekvensar, meiner instituttleiar Tarald Seldal. Instituttet hentar årleg inn cirka 100 utanlandske studentar, om lag ein tredel er frå land utanfor EU/EØS.

Seldal peikar særskilt på masterprogrammet Climate Change Management i Sogndal, det einaste i sitt slag i Norden. Ifølgje Seldal har programmet årleg hatt 600-700 søkarar får heile verda. I dag er halvparten av dei totalt 50 masterstudentane i kategorien som vil måtte betale studieavgift i framtida.

Det vil i praksis bety at mange ikkje vil ha råd til den attraktive klimamasteren, meiner Seldal.

— Eg er redd at heile grunnlaget for programmet kan forsvinne om studieavgifta blir innført. Dette har vore eit velfungerande program i fleire år, seier han.

— Det er nettopp no viktigare enn noko gong at studentar frå ulike verdsdelar kan møtast og bygge relasjonar seg i mellom på vegen vidare for å kunne løyse dei globale utfordringane vi har. Regjeringa spenner med dette bein på det dei hyller i festtalane, legg han til.

Statsråd Ola Borten Moe meiner innføringa av studieavgift for utanlandske studentar er nødvendig for å frigjere pengar til studentar frå Noreg og EU/EØS.

Fram til no har offentlege universitet og høgskular i Noreg ikkje tatt betalt frå nokon studentar, uansett kva verdsdel dei kjem ifrå, i tråd med det såkalla gratisprinsippet. Dette ønskjer regjeringa å endre på, og foreslår å setje prislapp på utdanninga for studentar som kjem frå Asia, Australia, Afrika, Latin-Amerika og Nord-Amerika.

I 2022 var det om lag 10 000 studentar frå andre verdsdelar enn Europa i Noreg, dei fleste ved offentlege institusjonar.

Seldal meiner Noreg i tillegg til å svikte moralsk, også gjer vår eiga økonomiske framtid og innovasjon ei bjørneteneste med tiltaket.

— Øydelegg for Noreg

— Noreg lever av eksport. Og som eit lite land er vi heilt avhengig av hjernekrafta desse studentane representerer, for å kunne få til nødvendig omstilling og nyskaping. Ved å stenge desse ungdommane ute, øydelegg vi også for Noreg på lengre sikt. Du kan berre ta ein kikk på kven som står på laboratoria kringom i Europa og utviklar vaksiner og andre ting. Det er nettopp i stor grad unge menneske frå utviklingsland som har fått ein sjanse, og som stiller med ekstraordinær motivasjon og innsats, seier Seldal.

På klimastudiet i Sogndal er i dag 15 nasjonalitetar frå fleire kontinent representert.

— Vi har satsa målretta på å bygge relasjonar med forskingsmiljø over heile verda. Det er viktig for forskinga, men også for å kunne konkurrere internasjonalt om forskingsmidlar, seier Seldal.

Seldal er ikkje åleine om kritikken mot forslaget til regjeringa.

Norsk studentorganisasjon (NSO) har kalla det «løftebrot», og peikt på at forslaget er i strid med regjeringa si eiga plattform, Hurdalserklæringa. I eit lesarinnlegg i Khrono omtalte helseforskarar forslaget som «utrolig pinlig».

Forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe, har forsvart innføring av studieavgifta med at opp mot 70 prosent færre utanlandske studentar vil komme til Noreg, og at desse studieplassane dermed kan stillast til disposisjon for studentar frå Noreg og andre EØS-land.

Regjeringa har ifølgje Aftenposten vurdert at det kan dreie seg om 2600 studieplassar med ein samla verdi på 900 millionar kroner når studieavgifta er planlagt fullt innført frå 2025.

Regjeringa argumenterer også med at både Danmark og Sverige alt har innført studieavgift for studentar utanfrå EU og EØS.

Då Sverige innførte skulepengar får utanlandske studentar, forsvann fire av fem studentar frå land utanfor EU og EØS.

Stortinget: Uvisst utfall

På Stortinget har både SV og Venstre flagga at dei er negative til innføringa av studieavgift. Det er derimot ikkje klart om SV vil stemme imot forslaget.

— Det er 100 prosent deira (regjeringas, red.merkn.) ansvar å ikkje bryte eigne løfter, så dette er dei nøydde til å rydde opp i sjølv, sa SVs utdanningspolitiske talsmann, Freddy André Øvstegård til Khrono etter at meldinga om studieavgifta kom.

I Sogndal ristar Tarald Seldal på hovudet.

— Dette er ei form for isolasjonisme som vil skade eit lite land som Noreg. Eg skjønar ikkje logikken til regjeringa. Å stenge ute dei som har dei dårlegaste økonomiske føresetnadene er feil. Det er dessutan ei dårleg investering i både Noregs og den globale framtida.

Powered by Labrador CMS