Unviersiteta og høgskulane bør leggje til rette for at det vert laga like gode norskspråklege lærebøker som engelskspråklege, særleg for studentar i byrjinga av utdanninga si, meiner Språkrådet og NSO. Biletet er frå studiestart ved Høgskolen i Innlandet. Arkvifoto: Ketil Blom Haugstulen

Wetås/Mikalsen: Språk + kvalitet = sant

Kvalitet. Universiteta og høgskulane gløymer språk når dei snakkar om kvalitet i utdanninga. Det tapar studentane på, skriv språkdirektør Åse Wetås og studentleiar Håkon R. Mikalsen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universiteta og høgskulane gjer seg lekre for nye studentar før søknadsfristen til høgare utdanning går ut 15. april. Då burde dei snakke meir om språk.

Språk er avgjerande for å lære fag, for å bruke fag og for å uttrykkje kritisk tenking. Språket er arbeidsverktøyet og tankereiskapen i alle fag. Då er det eit paradoks at universiteta og høgskulane i så liten grad vektlegg språk som integrert del av utdanninga dei tilbyr.

Vi meiner at universitets- og høgskulesektoren må få på plass ei stabil insentivordning for å få laga termlister på engelsk og norsk i alle fag. Desse termlistene må helst vere felles nasjonale lister.

Åse Wetås og Håkon R. Mikalsen

Tenk deg at du er fersk student. Du skal til med aller første økt i eit nytt og krevjande fag, til dømes fysikk eller biologi. Du er særs motivert, men når økta startar, merkar du at førelesaren nyttar eit språk du rett og slett ikkje maktar å følgje med på.

Møtet med akademia kan på mange måtar vere tøft for nye studentar. Språket som vert nytta i undervisinga det første året, bør vere ein invitasjon til faget og fagfellesskapen, ikkje ein mur som hindrar god fagleg integrering. Språket bør med andre ord vere ei dør, og ikkje ei ekstra bør.

Universiteta og høgskulane må tenkje på at språk er viktig for kvaliteten i utdanninga frå første dag. Det betyr at dei må tenkje heilskapleg og planleggje undervisinga slik at studentane skal kunne meistre faget sitt på både norsk og engelsk. Då bør dei leggje til rette for at det vert laga like gode norskspråklege lærebøker som engelskspråklege, særleg for studentar i byrjinga av utdanninga si. Vi treng ei betre støtteordning for produksjon av lærebøker på norsk.

Formålet med å gjere språk til ein del av kvalitetsstandarden i høgare utdanning må vere at studentane skal vere i stand å skrive og snakke om eige fag på både norsk og engelsk. Skal ein meistre eit fag, må ein meistre den aktuelle fagterminologien. Universiteta og høgskulane må lage termlister på engelsk, bokmål og nynorsk for studentane. Nokre eldsjeler har allereie teke på seg å lage slike lister, men det blir ikkje gjort noko systematisk arbeid på dette feltet, og det finst ikkje ordningar som kan stimulere til slikt arbeid.

Språk er avgjerande for kvaliteten på undervisinga i heile studieløpet. Det er også ein føresetnad for all fagleg deltaking, anten studenten tek til med innføringsfag eller skal til å diskutere vitskapsteori i fag på masternivå.

Dersom språket ikkje er ein del av faglæringa, kan det få alvorlege konsekvensar både for den enkelte studenten og for AS Noreg. Ingen ønskjer at studentane skal falle ut av studiet.

Mange studentar kjem inn i ein akademisk språkkvardag som er annleis enn den språklege kvardagen dei kjenner frå vidaregåande skule. Det gjeld både sjangerlære og grunnleggjande lesing og skriving. Skal studentane verkeleg utvikle kompetanse i fagleg skriving og formidling, må skriving og formidling integrerast i sjølve undervisinga i faget, og ikkje gjerast i form av separate skrivekurs.

Sidan språk er så avgjerande for kvaliteten på studiet, treng vi å vite meir om korleis den fagkommunikative kompetansen til studentane kan styrkjast. Vi treng òg å vite kva endringar i læringseffektane eit byte frå eit språk til eit anna har. Eit eige forskingssenter for norsk som fagspråk vil kunne gje oss kunnskapen som manglar på feltet.

Evna til å formulere seg og snakke om faget sitt er viktig både undervegs i studieløpet og når studentane skal ut i arbeidslivet. I NHOs kompetansebarometer for 2018 vart medlemsbedriftene spurde om kor viktig språkkompetanse er. Rundt 80 prosent av medlemsbedriftene til NHO svarte at skriftleg formidlingsevne på norsk og munnleg kommunikasjon er viktig. Halvparten av alle bedriftene meiner òg at framandspråk er viktig.

Ei undersøking frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) i 2018 viser at 90 prosent av masterstudentane ved norske utdanningsinstitusjonar skal ut i eit norsk arbeidsliv. Dei skal arbeide i verksemder som ønskjer seg solid kompetanse i norsk. Norske studentar skal sjølvsagt lære engelsk, men for å dekkje behova i arbeidsmarknaden må utdanningsinstitusjonane ikkje gløyme norsk. Det må vere rom for fleire språk. Skal utdanningsinstitusjonane førebu studentane til eit liv utanfor akademia, må undervisinga også omfatte språk og kommunikasjon.

Norsk studentorganisasjon (NSO) og Språkrådet meiner at universitets- og høgskulesektoren må få på plass ei stabil insentivordning for å få laga termlister på engelsk og norsk i alle fag. Desse termlistene må helst vere felles nasjonale lister.

Vi meiner òg at det må lagast lærebøker på norsk i fag der lærebøker i dag berre finst på engelsk. Det gjeld særleg bøker som skal brukast tidleg i studieløpet. Føresetnaden er at støtteordninga frå lærebokutvalet hos Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) blir styrkt.

Vi meiner at institusjonane bør tenkje på kompetanse i fagleg kommunikasjon når dei utarbeider studieprogram, fastset læringsutbyte og legg opp undervisinga.

Vi meiner òg at sektoren treng meir kunnskap om samanhengar mellom utdanningskvalitet og språk. Difor bør det opprettast eit forskingssenter for norsk fagspråk.

Det er gjennom språket studentane skriv seg inn i faget, meistrar det og vert ein del av fagfellesskapen. Dersom dei tiltaka vi har foreslått over, blir sette i verk, meiner vi at universiteta og høgskulane vil bli betre budde til å ta imot dei nye studentane og tilby dei undervising av høg kvalitet, tilpassa den språklege kompetansen dei har når dei tek til å studere, og den kompetansen dei treng når dei skal ut i arbeidslivet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS