Statsråd Iselin Nybø slår eit slag for norsk i akademia. Foto: Silje Katrine Robinson

Statsråd Nybø: Ingen vil at norsk berre skal brukast til å bestille øl

Språk. Universitet og høgskular bør jobbe meir aktivt og gjennomtenkt med å legge til rette for norsk og engelsk som parallelle språk, meiner Iselin Nybø.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitet og høgskular bør jobbe meir aktivt og gjennomtenkt med å legge til rette for norsk og engelsk som parallelle språk, meiner Iselin Nybø.

FAKTA

Engelsk i akademia

* 10 prosent av dei 25 000 publikasjonane frå norske forskarar i 2017 vart skrivne på norsk. Nær 90 prosent av den vitskapelege publiseringa frå norske institusjonar er no på engelsk. Andre språk utgjer 1 prosent. På NTNU er 5 prosent på norsk, ved Universitetet i Bergen 7 og ved Universitetet i Oslo 8 prosent.

* Særleg innan humanistiske fag går bruken av norsk som publiseringsspråk markant ned. Den same tendensen gjer seg gjeldande innanfor samfunnsvitskapen. I 2011 vart ein av tre publikasjonar frå humanistiske forskarar i Noreg publisert på norsk – 2017 ein av fire.

* Også i absolutte tal har det vore ein nedgang. I 2011 var det totale talet på norske publikasjonar 2898, i 2017 2437 - ein nedgang på 15 prosent. I humaniora var nedgangen på 22 prosent i same periode, medan samfunnsvitskapen har ein nedgang på 6 prosent.

(Kjelder: NIFU, Cristin, Indikatorrapporten 2018)

– Ingen ønsker at norsk skal bli eit språk vi berre brukar til å bestille øl, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, til På Høyden.

Som eit bidrag til at ikkje så skjer, inviterer ho no saman med kulturminister Trine Skei Grande til konferanse om norsk fagspråk13. november. Der står nettopp forholdet mellom bruk av norsk og engelsk i akademia på dagsorden.

– Eg vil ta opp behovet for at institusjonane jobbar meir aktivt og gjennomtenkt med å legge til rette for norsk og engelsk som parallelle språk, seier Nybø.

– Akademia har viktig rolle

Som På Høyden tidlegare har skrive, er no berre 10 prosent av vitskapelege tidsskriftartiklar og bøker frå forskarar i Noreg på norsk. På dei største universiteta er andelen lågare – på NTNU vart berre 5 prosent publisert på norsk i 2017. Særleg innan humanistiske fag går bruken av norsk som publiseringsspråk ned, ifølgje tal gjengitt i bladet Forskningspolitikk.

Dette gjeld både målt i prosentdel og i absolutte tal, ifølgje tal frå NIFU og Forskningsrådet.

– Akademia har ei viktig rolle i å sørge for at norsk er eit levande språk, og at det er eit språk vi brukar i alle aspekt. Det er eit lovfesta ansvar for universitets- og høgskulesektoren, seier Nybø.

HF-dekan: – Fin ting at vi har engelsk

Norsk har lenge vore nær fråverande som publiseringsspråk i realfag, teknologifag, medisin og helsefag. No peikar også kurvene i humanistiske fag bratt nedover, særleg ved Universitetet i Oslo (UiO) og NTNU. Ved UiO har andelen norsk dalt frå 43 prosent i 2011 til 24 prosent i 2017. Humaniorafaga ved NTNU har gått frå 35 til 21 prosent

UiB held seg derimot meir stabilt med rundt 30 prosent publisering på norsk. Dekan ved Humanistisk fakultet (HF) ved UiB, Jørgen Sejersted, har ikkje noko enkel forklaring på kva dette skuldast.

– Kanskje har ein i Oslo vore raskare med å tilpasse seg forskingspolitiske føringar for internasjonalisering. UiB er dessutan eit nynorskuniversitet. Ein kan spekulere i om det speglar eit generelt språkleg medvit og fører til ei tydelegare språkpolitisk linje her, seier Sejersted, som sjølv er nordist.

Han meiner det er eit naturleg mål at alle på HF publiserer både på norsk og engelsk.

Dekan Jørgen Sejersted. Foto: Hilde Kristin Strand

– Det er ein fin ting at vi har engelsk til å kommunisere med globalt og på tvers av nasjonsgrenser. Då er det viktig at vi utviklar eit høgt nivå på engelsken. Samstundes må ein oppretthalde norsk på alle nivå. Innan humaniora er det gjerne reflekterande argumentasjon der språket er viktig, og det kan gå utover kvaliteten om ikkje språket er godt nok, enten det er engelsk eller norsk, seier Sejersted.

– Samstundes er det forskingspolitiske trykket for meir internasjonalisering ei utfordring for delar av humaniora. Vi merkar at forpliktinga til å ta vare på fag forankra i nasjonal kultur og språk ikkje er like klar som før, seier Sejersted.

Språkpolitikk bak open publisering

Statsråd Nybø viser mellom anna til at «det er språkpolitiske grunnar» til at regjeringa har sett av 16 millionar til å støtte overgangen til open publisering i norske humanistiske og samfunnsvitskapelege tidsskrift.

– Det er viktig å ta vare på tradisjonen for å publisere på norsk i desse faga, blant anna for kompetanseheving, livslang læring og ein opplyst offentleg samtale, seier Nybø.

Når det gjeld humaniora, seier Nybø at ho ikkje er overraska over den markante nedgangen i bruk av norsk.

– Men eg synest det er synd.

– Vi kan gjere meir

Direktør for Språkrådet, Åse Wetås, seier universiteta ikkje gjer nok for å demme opp for presset frå engelsk og styrke norsk språk. Er du einig i det?

– Eg meiner også vi kan gjere meir. Eg forstår dilemmaet, seier statsråden.

– I tillegg til å peike på det lovfesta ansvaret til universitet og høgskular, kva tiltak ser du for deg?

– Lova er jo det sterkaste verkemiddelet vi har, men eg ser problemstillinga, og det er difor vi også har invitert til denne konferansen om norsk som fagspråk saman med kulturministeren.

På språkkonferansen, som går av stabelen 13. november ved UiO, skal mellom anna den amerikanskfødde rektoren ved Oslomet, Curt Rice, debattere med nynorskprofil og dekan ved Høgskulen i Volda, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS