Hein Berdinesen fryktar at kombinasjonen av fleire ulike endringar i sektoren til slutt vil få konsekvensar. Foto: Joar Hystad
Hein Berdinesen fryktar at kombinasjonen av fleire ulike endringar i sektoren til slutt vil få konsekvensar. Foto: Joar Hystad

Fryktar at Stord blir det nye Nesna

Studiestader. Tilsette og studentar ved Høgskulen på Vestlandet Campus Stord fortel at det herskar ei uro for framtida til campusen. Prorektor Liv Reidun Grimstvedt forsikrar at det ikkje er grunn til bekymring.

Publisert   Sist oppdatert

Stord (Khrono): I ein øykommune like sør for Bergen finn ein Noregs eldste noverande utdanningsinstitusjon som tilbyr lærarutdanning. Grunnlaget for det som i dag heiter Høgskulen på Vestlandet Campus Stord blei lagt heilt tilbake i 1838.

Fakta

Høgskulen på Vestlandet Campus Stord

Dagens administrasjonsbygg ved Campus Stord var det første bygget som ble teken i bruk då «Storøens Seminarium» flytta frå Tyse til Rommetveit i 1866. Foto: Joar Hystad

Held til på Rommetveit på Stord, ein øykommune med om lag 20.000 innbyggarar 60 kilometer sør for Bergen.

Noregs eldste noverande institusjon som tilbyr lærarutdanning, og den tredje offentlege lærarutdanningsinstitusjonen som blei starta opp etter Trondenes, Harstad (1826) og Asker (1834).

Er den eldste delen av det som no heiter Høgskulen på Vestlandet, og starta opp som «Storøens Seminarium» i 1838/1839.

Prest, politikar og fanabu Claus Daae var skulen sin første rektor.

I byrjinga heldt skulen til i ein av bygningane på Tyse prestegard, men i 1866 flytta skulen til Rommetveit der han framleis er i dag.

I 1900 skifta seminariumet namn til Stord offentlige lærerskole. Derreter skifta institusjonen namn til Stord lærerskole i 1967 og til Stord lærarhøgskule i 1981.

I 1977 starta det opp sjukepleiarutdanning på Ådland på Stord. I 1994 flytta denne til Rommetveit, og saman med Statens sikkerhetshøgskole og Haugesund sykepleierhøgskole heitte institusjonen no Høgskolen Stord/Haugesund (HSH).

Frå 1. januar 2017 slo HSH seg saman med Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Sogn og Fjordane, og blei til Høgskulen på Vestlandet.

Kjelder: Bergens Tidende, HVL, Idunn, Wikipedia

Historia vil ha det til at lærarutdanninga blei lagt til nettopp Stord fordi innbyggarane i det vesle øysamfunnet var kjende for å vera gudfryktige. Stord-plasseringa skal også ha vore gjort av omsyn til studentane, og målet var at dei ikkje skulle lata seg freista av dei mange tilboda som fanst i dei større byane, i dette tilfellet Bergen, og heller ha fullt fokus på sjølve utdanninga.

Nesten 180 år seinare, 1. januar 2017, blei Campus Stord ein del av Høgskulen på Vestlandet (HVL), ein høgskule som har ambisjonar om å bli universitet i 2023.

Leiinga har forståing

På Stord har ein sett ei aukande uro blant dei tilsette når det gjeld campusen sin framtidige eksistens. Mange fryktar eit nytt Nesna-scenario, der Nord universitet sjølv valde å legga ned studiestaden på Nesna.

Det handlar om økonomien sin nådelause logikk. Krava om intensivert forsking og auka tal artiklar kjem frå styresmaktene, og har etter kvart forplanta seg i universitets- og høgskulestyra.
Hein Berdinesen
Førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, HVL Campus Stord

Leiinga ved HVL har forståing for at folk er urolege.

— Slik som debattane har vore dei siste åra – og framleis er – er det ikkje vanskeleg å forstå at folk er urolege, seier prorektor for samhandling ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Liv Reidun Grimstvedt.

Ho er snar med å understreka at ho sjølv ikkje er bekymra, men at ho forstår at dei tilsette ved Campus Stord kan kjenna på ein uro når det gjeld framtida. Debattane ho siktar til er mange og ikkje minst kompliserte. Fleire av dei mindre studiestadene i Noreg er under press.

— Eg har stor tru på at prosjektet vårt, som handlar om at me skal tilby utdanning over heile Vestlandet, poengterer prorektoren.

Også HVL-rektor Berit Rokne er tydeleg på at det ikkje føreligg planar om å legga ned nokre av dei fem studiestadene på Vestlandet. I eit lesarinnlegg i Khrono tidlegare denne veka, som i hovudsak er eit svar til ein leiarartikkel i Sogn avis om framtida til høgskulane, skriv Rokne følgjande:

— Me har ingen planar om å sentralisere aktiviteten vår. Me skal styrka og utvikla campusane våre. HVL er tufta på den regionale krafta langs heile Vestlandet. Det står klart i strategien og fusjonsplattforma vår, skriv Rokne.

Fryktar nytt Nesna

I 1994 blei Stord lærarhøgskule og Stord sjukepleiarhøgskule slått saman med to institusjonar i Haugesund, og gjort om til Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). 1. januar 2017 blei HSH ein del av Høgskulen på Vestlandet.

I 2023 har Høgskulen i Vestlandet som mål å bli universitet, og etter fusjonen i 2017 er dette blant årsakene til at både tilsette og studentar ved Campus Stord er uroa for framtida.

Campus Stord, Høgskulen på Vestlandet. Foto: Joar Hystad
Campus Stord, Høgskulen på Vestlandet. Foto: Joar Hystad

Samstundes har dei tilsette på Stord sjølvsagt merkt seg kva som har skjedd ved Nord universitet, der effektivisering og stadig meir svekte økonomiske rammer til slutt førte til at studiestaden på Nesna blei lagt ned.

Førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Campus Stord, Hein Berdinesen, har mange tankar kring både fortida, notida og framtida til Noreg sin eldste noverande institusjon for lærarutdanning. Aller mest er han uroa over korleis det han kallar «effektiv drift-tenkinga» har etablert seg som ein standard i sektoren, heilt sidan tellekantsystemet tredde i kraft i 2006.

— Når forskarar i utdanningssektoren treff på kvarandre i dag, handlar det ikkje lenger om innhaldet i faget, men om korleis ein skal laga strategiar for å få midlar til forskinga, seier Berdinesen.

«Økonomien sin nådelause logikk»

Teljekantsystemet er i grove trekk ein publiseringsindikator for universitets- og høgskulesektoren, der hensikta er å gjera forskinga målbar for å kunna tildele midlar til forsking på grunnlag av vitskapleg produksjon. Systemet har vore gjenstand for kritikk, då mange meiner at det i for stor grad vektlegg kvantitet føre kvalitet, men ein rapport frå 2014 konkluderte med at systemet også har sine positive sider.

Hein Berdinesen fryktar at kombinasjonen av fleire ulike endringar i sektoren til slutt vil få konsekvensar. Foto: Joar Hystad
Hein Berdinesen fryktar at kombinasjonen av fleire ulike endringar i sektoren til slutt vil få konsekvensar. Foto: Joar Hystad

— Teljekantsystemet har slik eg ser det ført til eit større press på dei ulike institusjonane og sjølvsagt også på forskingssektoren. Ein blir målt på kor mange publikasjonar ein har per forskarhovud. Det er talet på publikasjonar som er viktig for dei einskilde fakulteta. Eit høgt tal genererer pengar og status. Det heile blir ein konkurranse om å produsera mest mogleg. «Mål-mentaliteten» har fått sett seg i veggane og institusjonane er blitt bedrifter, seier Berdinesen.

Dersom ein høgskule skal bli akkreditert som universitet, er det mange krav som må oppfyllast. Mellom anna må institusjonane kunna tilby fire doktorgradsprogram, dei må kunna dokumentera at dei tek opp minst 15 doktorgradsstudentar per program over tid, dei må uteksaminera i snitt minst fem kandidatar i året over ein treårsperiode og doktorgradsprogramma skal vera godt dekkande for institusjonen sin faglege profil.

For å få til dette vil det vera naudsynt å tilsetta fleire professorar og førsteamanuensisar. Hein Berdinesen understrekar at det ikkje er nokon konkret samanheng mellom teljekantsystemet – og den utviklinga det har ført med seg – og krava ein må innfri for å bli universitet, men at det i grove trekk handlar om den same tankegangen.

— Det handlar om økonomien sin nådelause logikk. Krava om intensivert forsking og auka tal artiklar kjem frå styresmaktene, og har etter kvart forplanta seg i universitets- og høgskulestyra. Når det gjeld krava ein høgskule må innfri for å få universitetsstatus, så er dette noko som kostar mykje pengar. Det er dyrt å tilsetta professorar og førsteamanuensisar. Og kva er løysinga? spør Berdinesen, før han svarar seg sjølv:

Fakta

Årsverk Campus Stord

2010: 137
2011: 136
2012: 140
2013: 147
2014: 154
2015: 157
2016: 165
2017: 167
2018:*
2019:*
2020: 169

*HR-avdelinga ved HVL presiserer at det ikkje er mogleg å henta fram årsverk-tal for berre Campus Stord i 2018 og 2019.

Det blir også understreka at tala frå 2010 til 2017 er cirka-tal, då det er gjort ei avrekning i forhold til det samla tallet fro studiestadene på Stord og i Haugesund.

— Effektivisering.

Han held fram:

— Tendensen er skummel. Dersom ein på sikt ser at det blir for dyrt å drifta dei ulike campusane, kan ein bli tvinga til å legga ned fag.

Heitt tema på Stord

Berdinesen fortel at nedlegging av enkelte fag er eit heitt tema i gangane på Rommetveit. På Stord har til dømes tilboda om årsstudium i fleire ulike fag, som til dømes engelsk, idrett, kunst og handverk og musikk vore ekstremt viktige for å tiltrekka seg søkarar. Søkartala har i vore stabilt høge i fleire tiår, men generer ikkje pengar på same måte som det eit bachelor- eller masterprogram gjer.

— Dersom krav og økonomi fører til at eitt eller fleire av årsstudia eller andre fagtilbod blir lagde ned, vil det gå ut over tilbodet til studentane. Eit dårlegare tilbod vil føra til lågare studenttal, som igjen vil ha innverknadar på det som står att. For å seia det rett ut så er det slik at dersom ein først byrjar å legga ned fag på Stord, så vil ein på eitt eller anna tidpunkt risikera nedlegging av campusen, seier Berdinesen.

HVL-styret har tidlegare vedteke at dei ulike campusane som er knytte til høgskulen skal styrkast – også i samband med universitetssøknaden. Sjølv om det, blant dei tilsette, herskar ei uro for framtida til Campus Stord, understrekar Berdinesen at han ikkje trur det er akutt fare for at aktiviteten på Rommetveit skal minka.

Når eg er ute og reiser, treffer eg ofte folk som fortel meg kor viktig Stord har vore – og framleis er – for utdanningssektoren her i vest. Målet vårt er å styrka heile Vestlandet, også regionane.
Liv Reidun Grimstvedt
Prorektor for samhandling, HVL

— Men «effektiv drift-tenkinga» er veldig problematisk. Den høyrer ikkje heime i denne sektoren, og det er ikkje slikt me skala halda på med. I det lange løp kan denne tankegangen få konsekvensar, særleg for økonomien til dei mindre campusane og studiestadene, seier Berdinesen.

Grimstvedt: — Har ikkje råd til å mista Stord

Søkartala er stabile, tal årsverk stig i takt med studenttalet, studentane stortrivst og HVL-leiinga har bestemt at Campus Stord skal satsast på. Likevel er det mange som urolege. Prorektor Liv Reidun Grimstvedt, som var den siste rektoren ved Høgskolen Stord/Haugesund før fusjonen i 2017, seier at ho har forståing for at fleire tilsette ved Campus Stord er bekymra for framtida.

Prorektor Liv Reidun Grimstvedt var Høgskulen Stord/Haugesund sin siste rektor før fusjonen i 2017. No er ho prorektor for samhandling ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Joar Hystad
Prorektor Liv Reidun Grimstvedt var Høgskulen Stord/Haugesund sin siste rektor før fusjonen i 2017. No er ho prorektor for samhandling ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Joar Hystad

— Som i andre sektorar, er det tidvis også i utdanningssektoren debatt om sentralisering, så det er naturleg at tilsette ved dei mindre studiestadene av og til kan kjenna på ein uro når dei tenkjer på framtida, seier Grimstvedt til Khrono.

Grimstvedt var svært delaktig og hadde ei viktig rolle i forhandlings- og forarbeidet før fusjonen i 2017, og er også sentral når HVL no ynskjer å bli universitet. På spørsmål om det er grunn til å frykta for framtida til Campus Stord, er prorektoren klar i svaret:

— Eg er i alle fall ikkje bekymra. Me har eit klart mål om å lukkast med fem campusar. Det er inngangen vår til heile prosjektet, forsikrar Grimstvedt, og legg til:

— Mister me ein av campusane, vil det oppstå hol i utdanningsstrukturen på Vestlandet. Det har me ikkje råd til.

Grimstvedt understrekar at ho er klar over at det vil koma utfordringar i samband med universitetssøknaden til HVL. Samstundes føler ho seg veldig trygg på at utfordringane skal vera mogleg å hanskast med.

— Du seier at Campus Stord skal satsast på. Kva ligg det eigentleg i det?

Utvikling på Stord 2010-2019

Årstal Søkarar Studentar møtt Planlagde studieplassar
20102217306356
20112120277326
2012222306322
20132187316323
20142267324322
20152496324327
20163102312336
20173308312370
20183216282377
20192947309377

Dette er HVL sine eigne tal. Studenttalet på Stord har dei siste ti åra variert mellom litt over 1000 til 1300. Dei siste åra har ein sett ein tendens til auke i studenttalet.

— For det første er det eit nedfelt mål i strategien med å bli universitet. Utanom det openberre, som er at Campus Stord og Campus Haugesund er dei næraste campusane til om lag 150.000 menneske, så finst det også andre grunnar til at denne campusen er såpass viktig for HVL.

— Som til dømes?

— Posisjonen institusjonen har. Når eg er ute og reiser, treffer eg ofte folk som fortel meg kor viktig Stord har vore – og framleis er – for utdanningssektoren her i vest. Målet vårt er å styrka heile Vestlandet, også regionane. Men me må ha litt is i magen, og festa blikket litt høgare. Utdanning kjem til å bli enno viktigare i åra som kjem, svarar Grimstvedt.

Førstelektor: — Ein vond spiral

Trond Egil Arnesen er førstelektor ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Campus Stord. Saman med blant andre førstelektor ved Institutt for kunstfag, Kjetil Sømoe, har Arnesen engasjert seg sterkt, særleg når det gjeld å ta vare på årsstudia ved Campus Stord.

— Me har merka at til dømes kombinasjonen av femårig lærarutdanning og fusjonen i 2017 har fått konsekvensar. Samstundes kan ein ikkje seia at desse omleggingane har fått tid nok til å verka skikkeleg, seier Arnesen, og held fram:

— Det me ser er at 1-7- og 5-10-utdanningane er meir krevjande for dei små studiestadene enn for dei store. Viss ein då byrjar å ta bort årsstudium fordi ein helst vil ha studentane inn på lengre studieløp, fører det til eit dårlegare studietilbod, som igjen vil få konsekvensar for studenttalet. Då er ein inne i ein vond spiral, slik eg ser det.

Det er vanskeleg å tolka dette som anna enn eit uttrykk for at det har gått prestisje i å få sett årsstudia på sidelinja.
Kjetil Sømoe
Førstelektor ved Institutt for kunstfag, HVL Campus Stord

— Eg meiner at ein i mykje større grad må sjå etter gode lokale løysingar for å tilføra lærarutdanninga større breidde. Hos oss vil ein måte å gjera det på vera å ta vare på årsstudia. Det er ikkje til å legga skjul på at det har vore usemje mellom fakultetsleiinga sentralt og miljøet på Stord når det gjeld å få gjennomslag for denne tankegangen, fortel Arnesen.

Komplisert

Kjetil Sømoe støttar i stor grad tankane til Arnesen, og stadfestar at det herskar ei frykt – særleg blant dei tilsette som jobbar mykje med årsstudia – når det gjeld framtida til Campus Stord.

— Dette er komplisert materie, men poenget er at studietilbodet til lærarstudentar har blitt kraftig redusert. Allereie no står me i ein situasjon der studentane som vel 5-10 må velja mellom matte og norsk. Viss ein kan unngå det med å flytta til ein annan stad å studera, vil nok mange gjera det. Det me er redde for er at dette berre er starten, seier Sømoe.

Både Arnesen og Sømoe fortel at slik det ser ut per dags dato, vil fagtilbodet ved Campus Stord vera ytterlegare redusert allereie frå hausten av. Dette vil ifølgje dei to gå ut over skulane i distriktet som vil få vanskar med å rekruttera lærarar i full fagbreidde.

— Det som er fortvilande er at dette kunne vore unngått med meir fleksible lokale ordningar, fullfører seier Trond Egil Arnesen.

Kjetil Sømoe er mellom dei som har engasjert seg ekstra når det gjeld framtidsutsiktene til Campus Stord. Foto: Joar Hystad
Kjetil Sømoe er mellom dei som har engasjert seg ekstra når det gjeld framtidsutsiktene til Campus Stord. Foto: Joar Hystad

Kjetil Sømoe forklarar:

— Det handlar om kva valmoglegheiter studentane får. Det som ser ut til å bli situasjonen frå hausten av er at både 1-7- og 5-10-studentane må velja mellom samfunnsfag, kroppsøving og kunst og handverk som inntaksfag. Faget dei vel, vil dei halda fram med i det tredje studieåret slik at dei ender opp med 60 studiepoeng. For dei som vel 5-10 er valet i fag 2, som er det andre faget dei skal ha 60 studiepoeng i, avgrensa til matte og norsk. For til dømes engelskfaget sin del, betyr det at det i realiteten ikkje vil vera eit alternativt for dei som vel 5-10 ettersom ein må ha 60 studiepoeng i det for å undervisa i faget på ungdomsskulen, forklarer Sømoe, og held fram:

Dagens administrasjonsbygg ved Campus Stord var det første bygget som vart teke i bruk då «Storøens Seminarium» flytta frå Tyse til Rommetveit i 1866. Foto: Joar Hystad
Dagens administrasjonsbygg ved Campus Stord var det første bygget som vart teke i bruk då «Storøens Seminarium» flytta frå Tyse til Rommetveit i 1866. Foto: Joar Hystad

— Det totalt absurde i dette er at årsstudiet i engelsk, som uansett vil vera tilgjengeleg på Campus Stord det neste skuleåret, er tufta på rammeplan for grunnskulelærarutdanninga. Lærarstudentane våre kunne med andre ord fått tilbod om å ta 60 studiepoeng i engelsk i sitt tredje skuleår utan at det ville fått økonomiske konsekvensar.

— Det er fortvilande at lærarstudentane ikkje få moglegheita til å velja engelsk når undervisninga uansett skal vera på Stord. Det er vanskeleg å tolka dette som anna enn eit uttrykk for at det har gått prestisje i å få sett årsstudia på sidelinja, sluttar Sømoe.

Tryggare på helsefagutdanninga

Leif Steinar Alfsvåg er fagseksjonsleiar for Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved HVL Campus Stord.

Han understrekar at han snakkar på vegner av helsefagseksjonen ved campusen i denne saka, og at han veit for lite om detaljane kring lærarutdanninga til å meina for mykje om korleis stoda er der.

— Når det gjeld helsefagutdanninga, så er eg veldig trygg på at me kjem til å kunna tilby denne på Stord i lang, lang tid framover, seier Alfsvåg til Khrono.

Når det gjeld framtida til Campus Stord, må me stola på at fusjonsplattforma framleis skal vera gjeldande. Me som jobbar på Stord må ha tillit til styret og leiinga.
Leif Steinar Alfsvåg
Fagseksjonsleiar for Institutt for helse- og omsorgsvitskap, HVL Campus Stord

— Samstundes er det ikkje til å legga skjul på at me er avhengige av arbeidslivet. Dersom det skulle koma endringar i til dømes strukturen til spesialhelsetenestene i nærregionen, vil nok stoda endra seg også for oss, seier Alfsvåg, og held fram:

— Eg tenkjer at me som utdanningsinstitusjon må gjera det me kan for å dyrka dei positive sidene ved denne campusen. Førebels meiner eg at me gjer ein god jobb når det gjeld akkurat det, og at me dei seinare åra har styrkt posisjonen vår i regionen.

Alfsvåg minner om at ein i deler av helsesektoren slit med å rekruttera nok folk til å ivareta behovet for arbeidskraft, og prognosar frå Statistisk sentralbyrå viser at dersom utviklinga held fram, så vil Noreg mangla opp mot 28.000 sjukepleiarar i 2035.

Les også: 114 tomme studieplasser for sykepleiere: — Vi føler at ingen vil ta ansvar

Leif Steinar Alfsvåg ser relativt lyst på framtida til helsefagutdanninga på Stord. Foto: Joar Hystad
Leif Steinar Alfsvåg ser relativt lyst på framtida til helsefagutdanninga på Stord. Foto: Joar Hystad

— Men behovet er stort også innanfor andre deler av sektoren, som til dømes barnevern, og kanskje er det noko som me her på Stord bør sjå nærare på etter kvart. Å tilby barnevernsutdanning på Campus Stord, er eitt døme på korleis me kan bli meir attraktive som studiestad, seier Alfsvåg.

— Kva tenkjer du om universitetsplanane til HVL?

— Eg føler meg ikkje utrygg av den grunn. Blir me universitet, er det noko me må forhalda oss til. Samstundes er det viktig at me skal vera eit profesjonsuniversitet, der me skal halda fram med å vera tett på arbeidslivet. Hugs på at 50 prosent av sjukepleiarutdanninga er praksis. Den delen av utdanninga må ikkje få drukna i universitetsambisjonane, seier Alfsvåg engasjert.

— Når det gjeld framtida til Campus Stord, må me stola på at fusjonsplattforma framleis skal vera gjeldande. Me som jobbar på Stord må ha tillit til styret og leiinga, og tru på lovnadane om at campusane skal satsast på, sluttar studieleiaren.

Jamn auke i søkartal

Khrono besøkte Campus Stord under Samtidsdagane førre veke, og prata med eit tosifra tal tilsette og studentar om stoda ved studiestaden. Alle Khrono var i kontakt med, både i intervjusituasjon og gjennom uformelle samtalar, verkar å vera like på spesielt eitt punkt; dei brenn alle sterkt for sjølve studiestaden og er stolte av å halda til på Campus Stord.

Draumen er å busetta seg på Stord. Det er Noregs vakraste øy, og eg har hatt snart fem fantastiske år her.
Fanny Edner Sand
Student, HVL Campus Stord

Samstundes var veldig mange klare på at den generelle stemninga ved campusen har dalt, spesielt etter avgjerda om nedlegginga av studiestaden på Nesna ved Nord universitet. Mange fryktar eit «nytt Nesna».

Ser ein på søkartala ved Campus Stord, har det vore ein jamn auke frå 2010 til 2019, sett bort ifrå ein liten nedgang dei siste to åra. Avdelingsleiar for kommunikasjon og samfunnskontakt ved HVL, Svein Ove Eikenes, som har hjelpt Khrono med å henta fram ulike tal og statistikkar frå Campus Stord, presiserer følgjande:

— Søkartala er rimeleg nøyaktige, men avgrensa til studium utlyste gjennom Samordna opptak. Som følgje av fusjonen i 2017, har me ikkje lenger direkte tilgang til dei historiske søkartala for lokalopptak ved Campus Stord. Studiar som PPU og IKT i læring er difor ikkje med i oversikta. Det same gjeld etter- og vidareutdanning. Tala gjeld altså grunnutdanningane ved institusjonen.

Talet på studentar har dei siste åra variert frå litt over 1000 til om lag 1300. Når det gjeld årsverk har talet stige jamt og trutt frå 137 i 20109 til 169 i 2020. Leiar for HR-avdelinga ved HVL, Wenche Fjørtoft, understrekar at tala frå 2010 til 2017 er cirka-tal, då det er gjort ei avrekning i forhold til det samla talet for studiestadene på Stord og i Haugesund.

Mange byrjar med årsstudium

Ei av studentane som stortrivst på Campus Stord er 24 år gamle Fanny Edner Sand, som har gjorde det veldig mange vel å gjera når dei flyttar til Stord for å ta fatt på høgare utdanning – nemleg å byrja med eit årsstudium – for så å bygga vidare på det.

Fanny Edner Sand (til venstre) frå Rælingen, Tanita Ådland Blokhus frå Kvinnherad og Anja Førde Velure (med ryggen til) frå Sørfjorden S som studentar ved årsstudium i kunst og handverk. Foto: Joar Hystad
Fanny Edner Sand (til venstre) frå Rælingen, Tanita Ådland Blokhus frå Kvinnherad og Anja Førde Velure (med ryggen til) frå Sørfjorden S som studentar ved årsstudium i kunst og handverk. Foto: Joar Hystad

— Eg tok først eit årsstudium i musikk, før eg gjekk laus på ein bachelorgrad som faglærar i musikk. Då eg var ferdig med den, starta eg på årsstudium i kunst og handverk. Matte og norsk passar ikkje så godt for meg, så difor er eg veldig glad for at det finst gode alternativ, fortel Sand ivrig.

Ho er opphavleg frå Rælingen, men etter fem år på Stord, legg ho ikkje skjul på kva den store draumen er.

— Det er sjølvsagt å busetta seg på Stord. Det er Noregs vakraste øy, og eg har hatt snart fem fantastiske år her, smiler 24-åringen.

Ordføraren tør knapt tenka tanken

Ein som ikkje har problem med å vera samd med Grimstvedt sine utspel kring viktigheita av å satsa på dei små studiestadene, er stordordførar Gaute Epland (Ap).

Arbeidarpartimannen, som sjølv har ei fortid som student på Rommetveit, meiner at det er heilt avgjerande for Stord-samfunnet og resten av sunnhordlandsregionen at ein har eit høgare utdanningstilbod i nærleiken.

— Det er viktig av fleire grunnar. For det første gir det oss naudsynt arbeidskraft i form av lærarar og helsefagarbeidarar. For det andre så gjer høgskulen at fleire av dei som veks opp på Stord vel å bli på øya, seier Epland.

Han trekk også fram samarbeidet mellom høgskulen og næringslivet som særs viktig, i tillegg til sjølve mangfaldet i yrkessektoren.

Stord-ordførar Gaute Epland fortel at det blir jobba politisk med å finna tiltak som på sikt kan bidra til å gjera Campus Stord meir attraktivt. Foto: Joar Hystad
Stord-ordførar Gaute Epland fortel at det blir jobba politisk med å finna tiltak som på sikt kan bidra til å gjera Campus Stord meir attraktivt. Foto: Joar Hystad

— Me er ein industrikommune, men det er viktig at me har arbeidsplassar til alle. Og me treng fleire lærarar og sjukepleiarar, fastslår Epland.

Han er klar over at det er visse utfordringar knytt til deler av utdanningstilbodet ved Campus Stord, og dreg – som mange andre — fram 1-7-utdanninga som ein av mest sentrale faktorane. Han fortel at dette er noko det politiske miljøet på Stord allereie har løfta fram i Stortinget.

— Reint konkret så har me løfta eit forslag som går ut på at alle som vel å ta fatt på lærarutdanninga gjerne startar med eit fellesløp før ein tek valet om 1-7 og 5-10 på eit seinare tidspunkt i utdanningsløpet. Om me ein gong får gjennomslag for eit slikt forslag, står att å sjå, men me har i alle fall sagt oss villige til å ta del i ei eventuell prøveordning, seier Epland engasjert.

Han tør knapt tenka tanken på kva konsekvensar det ville fått dersom det ein gong i framtida ikkje vil vera tilbod om lærar- og helsefagutdanning på Stord.

— Me ville fått store problem med å rekruttera naudsynt kompetanse til dei ulike sektorane. Stord ville på sikt bli veldig mykje mindre attraktivt og konsekvensane hadde blitt store, kjem det frå ordføraren.