Sogndal. Foto: Wikimedia/Jarle Nystuen
Sogndal. Foto: Wikimedia/Jarle Nystuen

Framtida for høgskulene

Studiestedar. Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ingen planar om å leggje ned nokre av dei fem studiestadane våre, skriv rektor og prorektor.

Publisert

Viser til leiaren i Sogn avis 11. januar i år. Under tittelen «Framtida for høgskulane» vert det uttrykt ei bekymring for den desentraliserte modellen for norsk høgare utdanning, framtida for små studiestadar, svekkinga av den regionale rolla grunna jakt på akademisk kvalitet, og det vert uttrykt ei uro for manglande lokal og synleg leiing med makt og ansvar for eigne val ved studiestad Sogndal.

For HVL var det naudsynt å etablere den faglege organiseringa på tvers av geografi for å samordne utdanningane og realisere gevinstane av fusjonen.

Berit Rokne og Bjørg Kristin Selvik

Det er ikkje fyrste gong vi les om uro for Høgskulen på Vestlandet (HVL) og studiestad Sogndal på leiarplass i Sogn avis. Dette har som redaktøren skriv, vore tema i andre leiarartiklar. Og svaret vårt står fast.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ingen planar om å leggje ned nokre av dei fem studiestadane våre. Vi har heller ingen planar om å sentralisere aktiviteten vår. Vi skal styrkje og utvikle campusane våre. HVL er tufta på den regionale krafta langs heile Vestlandet. Det står klart i strategien og fusjonsplattforma vår.

Her i Sogndal har vi gode røter med høgare utdanning tilbake til 1972 og etableringa av Sogndal lærarskule. Rapporten «Om tre små studiestadar i Norge» av kollega Terje Erik Bjelle, som leiarartikkelen viser til, fortel mellom anna om utviklinga av studiestaden Sogndal gjennom 40 år. Det er alltid nyttig å sjå oss tilbake. Det gir innsikt og mange perspektiv. Vi har utan tvil ei stolt historie i Sogndal, og den skal vi sjølvsagt ta vare på og bere med oss inn i framtida. Samstundes krev samfunnsutviklinga at vi også fornyar, utviklar, og tilpassar oss framtida i lag med studentar, tilsette og regionen. Ikkje berre i Sogndal, men ved alle våre fem campus.

Verda utviklar seg i rekordfart. Digitalisering, nyskaping, og berekraft er viktige stikkord som gjer sitt inntog for fullt i alle delar av samfunnet vårt. Parallelt med dette vert det stilt høgare krav frå styresmaktene våre for å kunne drive høgare utdanning. Mellom anna er grunnskulelærarutdanningane no ei femårig integrert masterutdanning. Det krev mykje av oss som høgskule. Utdanningane våre må vere oppdaterte, relevante og halde høgste kvalitet. Dette sikrar vi berre gjennom ei forsking som både er praksisnær og held høgt internasjonalt nivå.

Vi veit at det går fint an å drive både med god fagleg utvikling og å vere tett på regionen og stette lokale behov. Det er ingen motsetnad i dette, som leiaren i Sogn avis antyder. Vår universitetsambisjon står heller ikkje i vegen for dette. Tvert i mot. Målet vårt om å bli eit universitet handlar kort og godt om å ruste oss, løyse samfunnsoppdraget vårt best mogleg - og ta høgskulen og Vestlandet inn i framtida. Som universitet vil vi levere betre utdanningar og forsking i alle regionane våre. Som det nye universitetet på Vestlandet med ein profesjons- og arbeidslivretta profil skal vi framleis vere tett på arbeidslivet og utdanne kandidatar som er etterspurde og oppdaterte. Og grunnutdanningane våre er sjølvsagt fundamentet i det vi driv med. Vi byggjer ikkje eit universitet for oss sjølve. Vi byggjer det for regionane våre. For heile Vestlandsregionen.

Framover vil vi difor jobbe for å styrkje samspelet med omverda. Vi tar mål av oss å lytte endå betre til behova i regionane for å levere den kompetansen og kunnskapen som både næringslivet og offentleg sektor har trong for. Vi skal óg jobbe for å vere godt synlege og til stades med den leiinga vi har på tvers av heile høgskulen vår og på kvar av campusane våre. For HVL var det naudsynt å etablere den faglege organiseringa på tvers av geografi for å samordne utdanningane og realisere gevinstane av fusjonen. Samstundes har vi sett det som svært viktig å sikre ei god utvikling for alle studiestadane våre. Difor har vi ein prorektor for kvar av nærregionane våre, det vil seie for kvart av områda til dei tidlegare høgskulane. Dette har vi gjort for å sjå og møte utdannings- og kompetansebehova i Vestlandsregionen under eitt, vidareutvikle levande campus og ha større kraft i samhandlinga med samfunns-, arbeids- og næringsliv ved alle våre fem campus. Det handlar om å ta HVL inn i framtida.

(Innlegget er først publisert i Sogn Avis)