Debatt Bjørn Kvalsvik nicolaysen

Forskingsetikk: Spørsmålet er kva tid ei sak vert ein erkjent klage

Alle varsel om uredeleg forsking skal granskast, men ikkje alle varsel er rettkomne. Dermed må også urettmessige varsel takast alvorleg. Spørsmålet er på kva for nivå.

Er det fyrst det nasjonale Granskingsutvalet som kan avgjere om klagen er rettkomen eller ei, spørs professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Universitetet i Stavanger i svar til Ragna Aarli og Anette Birkeland.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Gjennom 35 år i denne bransjen har eg rettleidd mange menneske, og stort sett har folk teke godt imot rettleiing. Oftast med bra resultat. Så når no leiaren og sekretariatsleiaren for Nasjonalt utval for gransking av uredelighet i forskning tek seg tid til å rettleie meg i mi forvirring, er eg takksam for dét og skal ingenlunde setje meg imot, sidan eg ventar at andre skal vise tolmod når eg sjølv prøver.

Dermed tek eg ikkje skrivemåten deira som irettesetjing, som eg ugjerne godtek og ugjerne gjev. Den rettleiande modus kan likevel verte ei form for yrkesskade; ein rettleier jo ikkje sjeldan studentar bort frå det spørsmål som faktisk er stilt, sidan somme spørsmål ikkje kan svarast på anten av ressursomsyn eller av metodologiske, jamvel deontiske og ontologiske omsyn, og rettleiar vil heller stille andre spørsmål. Somtid med rette, andre tider bør ein tenkje seg fleire gonger om.

Såleis skjønar eg at eg ikkje har uttrykt meg klårt nok tidlegare til å få eit klårt svar på mine spørsmål frå Ragna Aarli og Annette Birkeland. Så eg har trong for meir rettleiing, gråskjegga fersk student som eg er i desse materier. Ikkje på noko tidspunkt har eg sagt eller meint at varsel om uredeleg forsking skal oversjåast eller leggjast til side, så det er unaudsynleg å diskutere. Alle eg kjenner, også den som er klaga i saka som her er omtalt, er interessert i at ein utryddar forskingsjuks. Om vi kan vere samde om akkurat dét, sparer vi litt krefter.

Spørsmålet eg gjerne ville diskutere, er kva som skal til for at eit kompetent organ fastset grunnlaget for å vurdere det rettkomne i ein klage.

Lat meg omformulere hovudspørsmålet som tre underspørsmål:

  • 1) Har dette som vi kan kalle Granskingsutvalet mandat og interesse av å gjere slike vurderingar som både må vere prinsipielle og særskilde, dersom saka har versert lokalt i ein institusjon og endeleg er komen til det uavhengige nasjonale utvalet? I så fall, hurra. Då vonar eg dette vert fylgt opp, og at klåre kriterium for å oppfatte noko som ein rettkomen klage vil dukke opp etter kvart.
  • 2) Sjølvsagt lyt kvar sak handsamast for seg; Aarli og Birkeland ser ut til å understreke dette; dermed ser det for meg ut til at vi ikkje utan vidare kan vente eit eige regelverk for kva som skal til for å avvise urettmessige klager, som eg meiner vi talar om i dette tilfellet.
  • 3) Då oppstår der vel eit paradoks: Alle varsel om uredeleg forsking skal granskast, men ikkje alle varsel er rettkomne. Dermed må også urettmessige varsel takast alvorleg. Spørsmålet er då kva for nivå desse skal møtast på. Alle skriv til ein offentleg institusjon skal jo, etter Forvaltningslova, svarast på innafor visse fristar, så då er spørsmålet kva tid ei sak vert ein erkjent klage.

På sin litt omstendelege, men slett ikkje usympatiske juridiske goddag-mann-økseskaft-måte legg Aarli og Birkeland faktisk fram til eit prinsipp eg tykkjer vi må merke oss: «Det første institusjonen må gjøre, er å avklare om varselet kan behandles etter forskningsetikkloven, og eventuelt hvordan. Gjelder varselet forhold utenfor forskningsetikkloven eller lovens uredelighetsbegrep, kan institusjonen avvise saken fra uredelighetsbehandling. Det samme gjelder anklager om uredelighet som åpenbart er grunnløse. Bak en slik avvisning ligger det en vurdering om at klagen ikke hører hjemme i det forskningsetiske kontrollsystemet».

Aha. Det er altså opp til ansvarlege, fortrinnsvis personalansvarlege ved institusjonen der vedkomande er tilsett, å finne ut av om varselet er rettkome! I dette tilfellet såleis dekanen. Og i dette tilfellet har faktisk dekanen henta inn uavhengige fråsegner i to vurderarar, som, sjølv om desse er usamde i metode og kvalitet i enkelte sider ved arbeida – den eine sluttar seg heilt til framgangsmåten og den andre fagfellevurderer den – så er dei heilt ut samde om at det ikkje handlar om «fabrikkering» eller uredeleg forsking.

Kva er naudå då, som dei seier i Rogaland? Då kan vel dekanen avgjere at saka ikkje fell inn under Forskingsetikklova, eller også, at den er openberrt grunnlaus. Ikkje for å berge sin tilsette, skjønt eg ville jo meine at det første ein dekan burde gjort i eit slikt tilfelle var å skaffe seg dei tekstane det er tale om og gjere seg opp si eiga meining om saka, for så å hente inn vurderingar som det altså er blitt gjort. Men merk at Aarli og Birkeland altså skriv: «Gjelder varselet forhold utenfor forskningsetikkloven eller lovens uredelighetsbegrep…»

Denne formuleringa «begs the question», for dersom då klagaren insisterer på at dette skal vere ein klage, slik denne konsulenten med eige firma som jobbar for oljeindustrien har insistert på og tydelegvis har fått rettleiing frå øvste leiing ved UiS til å utforme, og at denne klagen skal handsamast ut frå premiss nemnde i Forskingsetikklova særskilt (såleis «fabrikkering»), må då klagen eo ipso handsamast som om den er rettkomen, eller altså, må ha prosedyre som fylgjer Forskingsetikklova?

Etter 9. mars trur eg det skal vere vanskeleg å hevde at desse forskarane har dikta opp dei tolkingskonfliktane dei på eit ærleg og sakleg grunnlag meiner verkeleg finst.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor UiS

Sjå, her kan eg utmerka godt forstå dekanens dilemma: Dekanen har av rektor ved UiS – som ikkje i det heile burde uttala seg om saka – fått i oppgåve å handsame saka som ein klage. Altså kjem vi opp i fleire dilemma.

  • A) Dersom klagaren/varslaren i sitt initiativ eksplisitt nemner forhold knytt til Forskingetikklova, er då institusjonen forplikta til å gå til Forskingsetikkutvalet koste kva det koste vil?
  • B) Her har institusjonen, altså UiS, gjennomført ei gransking alt, og det synest klart at granskarane ikkje meiner at det handlar om «fabrikkering» eller uredeleg framferd. Er denne dekan-initierte granskinga då tilstrekkjeleg som gransking, eller er ein pliktig til å rette seg etter klagarens oppfatning same kva resultat den fyrste undersøkinga har ført til?
  • C) Kva tid blir ei varslingssak eller ei klagesak ei sak? Frå brevet kjem til institusjonen og blir journalført, frå nokon ved institusjonen tek til å handsame saka – slik rektor ved UiS ved ein sakshandsamingsfeil tok opp saka på eiga hand ein søndagskveld, eller blir det fyrst sak når personalansvarlege, her då dekanen, tek opp sak under Forskingsetikklova og altså sender det heile vidare til det lokale forskingsetiske utvalet?

Som svar så langt har eg berre fått: «Oppsummert blir vårt svar til Nicolaysen at alle varsler om uredelighet må undersøkes». Det har seg altså slik at denne saka er undersøkt, men det er gått over fire månader sidan saka kom opp, og det er ikkje særleg «tidseffektivt», som Aarli og Birkeland også meiner det skal vere. Og framleis veit eg ikkje heilt kva som gjeld som ei gransking av saka, altså om eksterne granskingsutval nedsette av ein dekan er godt nok, og at dekanen altså deretter sjølv kan vurdere at dette helst er fagleg usemje som bør takast opp i heilt andre fora, eller om ein klagar ved å påkalle Forskingsetikklova av 2017 automatisk må få saka teken opp i lokalt forskingsetisk utval, eventuelt det nasjonale granskingsutvalet.

Aarli og Birkeland skriv noko som på overflata verkar heilt tydeleg: «På generelt grunnlag vil vi advare mot at ledere, særlig rektor som institusjonens øverste leder, tar stilling til uredelighetsvarselet før saken er ferdig behandlet». Vel, gitt merknadene mine ovanfor melder det seg atter nye spørsmål:

  • x) Når rektor alt har valt å sakshandsame saka og innan dess har rådgjeve klagaren og avgjort at dette er ei klagesak som må handsamast i organisasjonen, har denne sakshandsamingsfeilen då noka betydning?
  • y) Dersom dekanen meiner seg godt nok opplyst om saka, og ønskjer å avgjere at dette er ei sak som kan avsluttast sidan ho ikkje vedkjem Forskingsetikklova, forstår eg det slik at dekanen kan gjere det – men er det likevel slik at Aarli og Birkeland meiner at der finst premiss som gjer at ei slik sak bør gå vidare uavhengig av den gransking som alt er gjort? Eventuelt av di klagaren eksplisitt har meint det handlar om «fabrikkering», medan ingen av dei to granskarane er samd i dette?
  • z) Då står vi eigentleg igjen med spørsmålet: Er det fyrst det nasjonale Granskingsutvalet som kan avgjere om klagen er rettkomen eller ei?

No kjem jo Riksrevisjonens rapport tysdag 9. mars, og det er ikkje tvil i mi sjel om at den vil vise dei same eller tilsvarande diskrepansar og feil og menneskeleg svikt og så vidare som dei som er klaga inn i denne aktuelle saka har lyfta fram som noko som burde undersøkjast. Det ville også forundre meg mykje om ikkje Riksrevisjonen har utnytta det materialet som Marie Smith-Solbakken og medarbeidarane hennar har kvalitetssikra på alle kjende måtar og har lagt fram for ålmenta, i sine diskusjonar. Etter 9. mars trur eg det skal vere vanskeleg å hevde at desse forskarane har dikta opp dei tolkingskonfliktane dei på eit ærleg og sakleg grunnlag meiner verkeleg finst.

I alle høve. Eg er sjølvsagt innforstått med at Aarli og Birkeland ikkje kan kommentere den aktuelle saka ved UiS, og at dette er grunnen til den svarstilen dei valde. Vel. Om no saka vert avvist som ei sak som ikkje høyrer inn under Forskingsetikklova, eller også om ho no går vidare, kan ein uansett skipe til eit stort seminar eller ein konferanse om nye tolkingar av materiale om Kielland-ulukka, ved Oljemuseet i Stavanger. Der kan også klagaren i den saka som gav opphav til denne diskusjonen, Graeme Dick, kome og leggje fram sitt syn, alle moglege partar kan inviterast og det kan verte eit viktig hende i oppklaringa av ei 40-årig uforløyst tolkingskonflikt i norsk historie. Dét ville vere eit forskingsetisk storhende.

Powered by Labrador CMS