29 tilsette har krav på fast stilling
Mellombelse stillingar. 29 mellombels tilsette ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet har krav på fast stilling, og 25 andre arbeidsforhold skal vurderast.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka er oppdatert 25.10 kl 15.38 med kommentarar frå Iselin Nybø)
Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo har tidlegare sagt at han skal gjera heimeleksa si. Beskjeden frå eigar Kunnskapsdepartementet er nemleg klar: Det er for mange tilsette i mellombels stilling i sektoren. No er Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) i gang med den same heimeleksa: Dei har hatt ein gjennomgang og funne ut at 29 forskarar har krav på fast stilling.
Skal sjå nærare på 25
Dette kjem fram i sakspapira til styremøtet ved NMBU, som skal vera neste veke, og det var Forskerforum som først skreiv om saka.
NMBU har 220,6 mellombelse stillingar. 60 prosent av dei som er tilsette i slik stilling er kvinner, kjem det fram i sakspapira.
Personalavdelinga har gått gjennom alle mellombelse arbeidsavtalar, og har så langt funne at det er 29 personar som har krav på fast stilling. 25 andre arbeidsforhold skal undersøkast nærare.
På teppet hos Nybø
«Fast ansettelse skal være hovedregelen i det norske arbeidslivet, og regjeringen fører en politikk basert på dette. Statistikken viser at midlertidigheten ved universiteter og høgskoler fortsatt er for høy ved mange uh-institusjoner, og jeg ønsker en diskusjon om hvordan vi kan redusere midlertidigheten i sektoren.»
Når eksterne prosjekt går ut, er det viktig at arbeidsgivar gjer ein grundig jobb for å sjekka om NMBU har ei anna passande stilling som denne personen har fortrinnsrett til.
Lena Marie Kjøbli
Dette skreiv statsråd Iselin Nybø i eit brev til nokre av rektorane i sektoren i vår. Ho vil ha ned talet på dei som har mellombels stilling. Mange går i årevis utan å få fast stilling. No leiar Universitetet i Bergen ei gruppe som skal sjå på tiltak for å få ned talet på tilsette med mellombels stilling.
— På tide, seier Nybø til Khrono om NMBU sitt tiltak.
— Mellombelse stillingar har vore eit problem lenge, og ein må gjera noko med situasjonen. Men eg har inntrykk av at fleire gjer som NMBU no. Det er bra, så slepp eg å bruka riset bak spegelen.
— Kva er det?
— Det har eg førebels valt å seia lite om, smiler statsråden.
Fagforeninga positiv
Lena Marie Kjøbli er tillitsvalt for Forskerforbundet ved NMBU. Ho seier til Forskerforum at ho er svært positiv til at arbeidsgivar no, på eige initiativ, tilbyr fast stilling til dei som har krav på det.
Mange tilsette, både ved NMBU og andre institusjonar i sektoren, har mellombels stilling knytt til eit prosjekt. Kjøbli er oppteken av kva som skjer når prosjektperioden er over.
— Når eksterne prosjekt går ut, er det viktig at arbeidsgivar gjer ein grundig jobb for å sjekka om NMBU har ei anna passande stilling som denne personen har fortrinnsrett til, seier ho.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!