forskingssvindel
Forskarar kjøper falske siteringar. Fryktar svart marknad
Sitering av forskingsartiklar er hard valuta. Nokre forskarar kjøper falske siteringar på «svartebørsen».

Har Juan Manuel Corchado, den nyvalde rektoren ved eit av verdas eldste universitet, Universitetet i Salamanca i Spania, pumpa opp CV-en sin på Google Scholar for å sjå ut som ein av verdas viktigaste forskarar på sitt felt?
Det er i alle fall det den spanske avisa El Pais meiner å kunne dokumentere. Den nasjonale forskingsetiske komiteen i Spania har no kravd at rektoren må granskast.
Falske siteringar er eit aukande problem, ifølge fleire ekspertar forskingstidsskriftet Nature har snakka med. Ein av dei er Yazir Zaki, IT-forskar ved New York University (NYU) Abu Dhabi. Saman med kollegaene sine har han avdekt at også kjøp og sal av falske siteringar har eit stort omfang.

50 siteringar, 300 dollar
— Vi la merke til fleire Google Scholar-profilar med tvilsame siteringar. Når ein artikkel får hundrevis av sitat dei første dagane etter publisering, eller når ein forskar brått får veldig mange sitat, veit du at noko ikkje stemmer, seier Zaki.
For å finne ut om mistanken om svindel kunne stadfestast, oppretta Zaki og temaet hans ein falsk profil på Google Scholar. Den fiktive «forskaren» fekk lagd 20 KI-genererte publikasjonar til lista si. Deretter kjøpe dei 50 sitat frå eit firma som såg ut til å drive med denne typen suspekt business.
Dei betalte 300 amerikanske dollar — godt og vel 3000 norske kroner.
Zaki meiner dei no har stadfesta mistanken om ein betydeleg svart marknad for falske referansar.
40 dagar etter kjøpet dukka dei kjøpte siteringane opp i forskingsartiklar i 22 vitskapelege tidsskrift, og blei lagt til den fiktive forskarens profil på Google Scholar.
14 av desse tidsskrifta er lista i den anerkjende databasen Scopus.
— Ikkje problem i Noreg
«Siteringer er en indikasjon på hvilket gjennomslag og hvilken interesse egen forsking har internasjonalt og gir følgelig en indikasjon på kvalitet», skreiv Dag Rune Olsen i 2019, den gong rektor ved Universitetet i Bergen.
Påstanden vart sett fram i samband med ein debatt om internasjonale universitetsrangeringar. Blant dei som brukar siteringstal som grunnlag, er Times Higher Education si årlege rangering.
For den enkelte forskaren kan det vere prestisjefullt med høge siteringstal, og det kan også vere ein karrierefremjande faktor innanfor ein del fagfelt.

Forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu) og ekspert på bibliometri og vitskapeleg publisering, Gunnar Sivertsen, meiner det likevel ikkje er grunn til å uroe seg for falske siteringar i Noreg.
— Eg trur ikkje problemet med kjøpte siteringar på svartebørsen kjem til å bli eit problem, i alle fall ikkje i Noreg, seier Sivertsen.
— Det har rett nok vore vanleg å vise til talet på siteringar i søknader om eksterne forskingsmidlar, men den praksisen gjeld ikkje lenger i Noreg og er på veg ut i EU, legg han til.
— På veg ut
Sivertsen seier siteringstal er ein del av «kapitalen» i visse samanhengar, men at dei i dei fleste land vi vanlegvis samanliknar oss med, ikkje betyr mykje. Derfor kjem ein heller ikkje særleg langt med «siteringssvindel» her, meiner han.
— For å bli sitert, må ein heil artikkel først sitere deg — som må publiserast i eit anerkjent tidsskrift. Deretter kan dette kome inn i ein siteringsindeks, som må lagast, seier Sivertsen.
Dei fleste forskarar vil spørje om siteringane kjem frå artiklar i anerkjende tidsskrift. Dessutan, på eins eige fagfelt, er kva du faktisk bidrar med i forskinga, kva artiklane inneheld, viktigare enn talet på siteringar, meiner han.
På eit eller anna tidspunkt vil nokon spørje seg kva kjeldene til siteringane til ein artikkel er.
— Siteringar henta frå Scopus eller Web of Science, som dekker utvalde anerkjende tidsskrift, kan seie noko om nytta av funnet i vidare internasjonal forsking, seier han.
Nyeste artikler
Kraftig økning i selvplagiat blant forskere
Helga (88) og Audun (73) produserer studiepoeng som berre det
Sp åpner for treåring lærerutdanning og øker studiestøtten
Norsk mangfoldsopprør sprer seg til hele Norden
Han er studentenes nye leder
Mest lest
Diesen vil bli australsk statsborger. — Eskalering av sverting og hets
116 studenter felt for KI-fusk i fjor. Særlig én ting avslørte dem
Norsk mangfoldsopprør sprer seg til hele Norden
To uker før masteren skulle leveres, fikk hun tilbud om å ta doktorgrad
Frykter at de ikke har råd til å bruke milliardbygg