korona

Fornekta pandemien, fekk kjeft frå universitetsleiinga

Kan ein førelesar seia til studentane at det ikkje finst statistikk på at verda er i ein pandemi? Nei, meiner Uppsala universitet.

Upassande at ein førelesar går ut på denne måten, seier leiinga ved Uppsala universitet etter at ein tilsett sa at han meiner ein ikkje er i ein pandemi.
Upassande at ein førelesar går ut på denne måten, seier leiinga ved Uppsala universitet etter at ein tilsett sa at han meiner ein ikkje er i ein pandemi.
Publisert Oppdatert

Kva kan ein seia og ikkje seia i ein førelesingssal? Khrono har skrive om den såkalla tyskarvitssaka ved Universitetet i Bergen, der ein professor sa at tyskarane har vore her før «and now they sneak back in», og om ei sak frå Sverige, der ein lektor vart klaga inn etter å ha uttalt «n-ordet».

No har ein ny svensk førelesar vorte klaga på av studentar etter noko som har vorte sagt i ein førelesingssal. Under ei førelesing ved Uppsala universitet skal førelesaren ha beklaga at undervisninga måtte skje digitalt.

— Eg har ei personleg meining: Eg synest mykje av det som skjer er overdrive. Me har ingen statistikk som på noko vis støttar at det overhovudet finst nokon epidemi eller pandemi, skal førelesaren ha sagt.

Leiinga: Upassande

Det er Upsala Nya Tidning som skriv om saka. Avisa har vore i kontakt med ein student som følgde førelesinga, og som reagerte sterkt på det som vart sagt.

— Eg synest det er svært alvorleg at ein forskar og lærar på universitetet brukar ei førelesing til å spreia usanningar, sjølv om det er hans private meining, seier studenten, og seier vidare:

— Me er mange som er urolege i haust, og ein håpar alle tek like stort ansvar for dette elendet. Men dersom slike konspirasjonsteoriar til og med kan spreia seg blant personalet på universitetet vert ein riktig redd. Alt som vert sagt på universitetet bør ha utgangspunkt i vitenskap og forsking.

Universitetsleiinga synest heller ikkje det var greitt at førelesaren sa det han sa.

— Det er svært, svært upassande å uttrykka seg slik. Men eg kan konstatera at det er hans personlege meining, seier kommunikasjonsdirektør Pernilla Björk ved Uppsala universitet til Uppsala Nya Tidning.

Ho seier at førelesaren har gjort som han skal: Hatt avstandsundervisning.

Tek avstand

På spørsmål om ein kan seia kva som helst under ei førelesing så lenge ein uttrykkjer at det er eins personlege meining, svarar Björk at ho ikkje vil gå inn i den diskusjonen. Men universitetet har vore i kontakt med førelesaren og sagt at det han sa var upassande. I ei melding til studentane seier universitetsleiinga at dei tek sterk avstand frå det førelesaren seier.

— Det finst ingen tvil om at pandemien som råkar samfunnet og oss alle er høgst reell. Det er å sjå på som upassande at i undervisningssamanheng å velja å legga fram sine eigne meiningar. Det har førelesaren vorte informert om.

Også i dei to andre sakene, om tyskarvitsen og «n-ordet», fekk den universitetstilsette kritikk frå leiinga. Men i begge sakene har det òg vore mykje debatt. Som Khrono har skrive, fekk professoren i tyskarvitssaka nyleg ei orsaking – og ein lønsauke på 70 000 kroner.

Liknande sak i Bergen

Førelesaren seier til Uppsala Nya Tidning at det ikkje døyr fleire av covid-19 enn av ein vanleg influensa, og viser til at det ikkje vart innført liknande tiltak under svineinfluensaen i 2008.

Den svenske universitetstilsette er ikkje den første som har fått kritikk for å ha sagt at pandemien ikkje er reell. For eit par veker sidan gjekk ein overlege ved Haukeland universitetssjukehus ut i Bergens Tidende og sa at tiltaka mot korona er ute av proporsjonar. Han viste mellom anna til at under eit influensautbrot i 2000 vart mellom 15 og 25 personar i døgeret innlagt på sjukehuset der han var overlege. Det talet er langt høgare enn det ein ser under korona-pandemien.

Overlegen fekk svar, først frå ei lang rekkje kollegaer. Dei skriv at utfordringa er låg immunitet blant innbyggjarane. Saman med mangelen på effektiv medisin er potensialet for talet på sjuke svært stort.

Deretter vart overlegen kalla inn på teppet til sjukehusdirektøren. Kritikken handla særleg om at han hadde nytta tittelen sin då han skreiv innlegget.

— Som privatperson må han få meina det han meiner. Det er me sjølvsagt opne for, men signert med Haukeland universitetssjukehus er det ikkje spesielt ønskeleg når synspunktet ikkje er fagleg grunngitt, sa sjukehusdirektør Eivind Hansen til BA.

Han sa at det ikkje var avklart med sjukehusleiinga at overlegen brukte tittelen sin, og at det har vorte teke opp med han.

— Dersom ein har synspunkt som går på tvers av det me på sjukehuset og våre nasjonale fagmiljø står på, skal han ha ei sterk fagleg grunngiving for å signera med tittel, sa Hansen.

Powered by Labrador CMS