Dobbel-disputas

Far (64) og son (36) tar doktorgrad på same dag

Far Egil Arne og sonen Martin Inge Standal disputerer ved høvesvis Universitetet i Bergen og NTNU 23.april.

Akademisk duo, son Martin Inge og far Egil Arne Standal.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg sukka tungt då vi fekk vite at disputasane hamna på akkurat same dagen.

Det seier far Egil Arne Standal.

— Litt av eit samantreff, seier son Martin Inge Standal.

For tilfeldigheitene skulle ha det til at Egil Arne (64) og sonen Martin Inge (36) no skal disputere på akkurat same dagen, den 23. april.

Dei skulle naturlegvis gjerne ha sett kvarandre sine disputasar, og samla heile familien på ein slik historisk dag.

— Heldigvis blir eg ferdig ein time eller to før Martin Inge, seier far Egil Arne, og får dermed med seg slutten av sonen sin disputas.

Det var avisa Møre-Nytt som først skreiv om denne noko spesielle tilfeldigheita.

Diskusjonar om vitskapsfilosofi og metoder

Alt skal gå føre seg digitalt, med rettleiarar og opponentar både i Bergen, Oslo, Stavanger og Stockholm.

Frå det største auditoriet ved Høgskulen i Volda, med løyve til 34 tilhøyrarar med ein meters avstand, skal far Egil Arne disputere i juss frå Universitetet i Bergen.

Frå eit møterom på Psykologisk institutt ved NTNU i Trondheim, med løyve til tre tilhøyrar, skal sonen Martin Inge disputere nokre timar seinare i psykologi.

Eplet har sanneleg ikkje falle langt frå stammen, vedgår Martin Inge.

— Vi har vel alltid vore ganske nysgjerrige på korleis verda heng saman begge to, skriv Martin Inge i ein e-post.

Far Egil Arne fortel at det har vore morosamt å jobbe med doktorgraden på same tid som sonen.

— Vi har diskutert masse, både vitskapsfilosofi og teori. Ikkje minst at det har vore slitsamt å skrive, seier Egil Arne med eit smil.

Egil Arne Standal er per i dag førstelektor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda.

Også Martin Inge fortel at det har vore lange telefonsamtalar og frukostar når dei har treftest, der dei har diskutert forskinga.

Trass i at dei jobbar med to ulike fagfelt, juss og psykologi, og dei har to ulike avhandlingar (monografi og artikkelsamling), så seier dei begge at dei har hatt stor nytte av kvarandre sine innspel.

— Eg brukar ein del empirisk materiale, og sidan Martin Inge jobbar innanfor eit empirisk felt, har vi diskutert ein del metodiske problemstillingar også, seier Egil Arne.

— Vi har kunna diskutert både vitskapsfilosofi, forskingsmetode, og ikkje minst frustrasjonar og gjennombrot med skriveprosessen og forskinga, supplerer Martin Inge.

Lang veg til avhandling

Det er fleire grunnar til at det tilfeldigvis har blitt slik at far og son no skal disputere på akkurat same dagen.

Egil Arne fortel at han heile livet har hatt ein akademisk draum. Men det skulle likevel fleire år til enn for sonen Martin Inge for å få han oppfylt.

Først skulle han vere gardbrukar i mange år på familiegarden på Ytre-Standal i Ørsta kommune, før han seinare vart utdanna jurist og skipa eit advokatfirma.

Men i 2009 la han advokatkarrieren på hylla, og vart tilsett ved Høgskulen i Volda.

Arbeidet med doktoravhandlinga starta ikkje lenge etter, og han søkte i 2012 opptak ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Temaet på avhandlinga er opplysningsplikta i barnevernet.

Men politiske avgjerder sette kjeppar i hjula for avhandlinga, og er blant årsakene til at ein no skriv året 2021 før Egil Arne kom heilt i mål med si 550 sider lange avhandling.

— I 2014 sette regjeringa ned eit utval som skulle lage ny barnevernslov. Dermed måtte eg utsetje arbeidet, for eg ville ikkje skrive rettshistorie, som er interessant nok, men ei avhandling om situasjonen i dag, seier han til Møre-Nytt.

Det var først i 2018 at det kom nye reglar om opplysningsplikta for barnevernet, basert på utgreiingane frå utvalet i 2014.

— Difor er det meste skrive etter at dei nye reglane kom, fortel Egil Arne Standal til avisa.

Forskar på langtidsfråvær

Martin Inge si avhandling i psykologi handlar om langtidsfråvær i arbeidslivet. Den starta han på i 2017.

På si eiga profil-side på NTNU sine heimesider skriv han dette om prosjektet:

Martin Inge Standal under ein konferanse i Nederland, EUMASS i Maastricht, oktober 2018.

«I doktorgradsprosjektet mitt forsøker jeg å undersøke hvordan de sykmeldte på tidlig tidspunkt i en langtidssykmelding opplever sin arbeidsevne og livskvalitet, og hvordan dette henger sammen med f.eks. symptomtrykk, familiesituasjon, personlige- eller andre faktorer.»

— Det er eit komplisert emne, med store konsekvensar for samfunnet, seier Martin Inge til Møre-Nytt.

Han seier han er biten av psykologifaget, men også forskingsmetodar og korleis skaffe seg kunnskap.

Forsking vil han halde fram med i mange år, fortel Martin Inge til Møre-Nytt.

Men først dobbel-disputas for den akademiske far-son-duoen den 23. april.

Powered by Labrador CMS