Universitetet i Bergen

Fakultetet bremsa opprykk i eit halvt år. No blir Dorte Madsen likevel professor

Supplerande komitear, hemmelege notat, varslingssak. Etter eit halvt år i limbo blir Dorte Nørgaard Madsen professor i fysikk. 

Førsteamanuensis Dorte Nørgaard Madsen stod fram i Khrono og fortalde om ein kafkaprosess, der ho opprykket vart halde tilbake utan at ho fekk vite grunnen.
Publisert Sist oppdatert

Dorte Nørgaard Madsen er tildelt opprykk til professor i fysikk. 

Khrono har i fleire saker fortalt om Madsens opprykkssøknad, og behandlinga den — og ho — har fått på fakultetet der ho har vore tilsett som førsteamanuensis sidan 2004. 

Måndag ettermiddag var Khrono i kontakt med dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT) ved Universitetet i Bergen (UiB), Gunn Mangerud, med spørsmål om status i saka. Dekanen hadde ikkje høve til å svare, men lova å kome tilbake tysdag morgon. 

Klokka 17.41, få timar seinare, fekk Madsen brevet i innboksen. 

«Etter en helhetsvurdering gis Dorte Nørgaard Madsen opprykk til professor i fysikk (...)».

«Absurd situasjon»

I tildelingsbrevet er det vist til «bedømmelseskomiteens uttalelse datert 16.12.2024» — med andre ord den nasjonale ekspertkomiteen som konkluderte med at Madsen hadde levert ein søknad som kvalifiserte henne til opprykket. 

Der er ingen referanse til dei tre supplerande komiteane som fakultetet oppretta på eiga hand etter at den nasjonale komiteen si anbefaling vart sett til side, og rapporten halden hemmeleg for Madsen i over ein månad — i strid med regelverket. 

Khrono fortalde første gong om Madsens opprykkssak 1. juni. I saka karakteriserte Madsen dei siste månadene som ein «absurd situasjon å stå» i, og ein svært belastande arbeidsmiljøsituasjon.

Dekan Mangerud svarte ikkje på Khronos spørsmål, utover at ho beklaga at saka hadde tatt lang tid, og at ho forstod at det kan vere krevjande for søkaren. 

Varslingssak

Forskerforbundet leverte i mai eit offisielt varsel til toppleiinga ved Universitetet i Bergen. I det relativt omfattande varselet, som Khrono har sett, blei saka ved NT-fakultetet omtalt som «en negativ særbehandling uten sidestykke i noen opprykkssaker».

Så langt Khrono har funne ut, er det første gong ein lokal institusjon har sett den nasjonale ekspertkomiteen til side, sidan opprykksordninga vart oppretta i 2012. 

NT-fakultetet ved UiB er eitt av fleire ved dei største universiteta i Noreg som har gått saman om å etablere den nasjonale opprykksordninga for å sikre fagleg kvalitet og uavhengig søknadsbehandling. 

Gunn Mangerud, dekan ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Universitetet i Bergen
Gunn Mangerud, dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, Universitetet i Bergen.

I staden for å følgje anbefalinga frå den nasjonale bedømmingskomiteen, nedsette fakultetsleiinga først ein, og sidan to komitear til — etter at den første, til liks med den nasjonale, konkluderte med at Madsen var kvalifisert.

I saka figurerte også eit anonymt notat med negative påstandar om Madsen.

Dekan Gunn Mangerud ville til Khrono ikkje opplyse kven som hadde utarbeidd notatet, men stadfesta at det var gjort på bestilling frå henne — og sa at det var «basert på kunnskap institusjonen har». 

Khrono har måndag kveld prøvd å få kontakt med dekan Mangerud for kommentar, men så langt ikkje lukkast.

Forskerforbundet: — Ikkje ferdig

Leiar for Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad, seier han er glad og letta over at opprykket endeleg er eit faktum. 

— Med tanke på kor lang tid denne saka har tatt, og med ein sommarferie rundt hjørnet, er det bra at avgjersla er tatt. Saka har vore ei stor belastning for Madsen, seier Vagstad. 

Men når det gjeld prosessen, saksbehandlinga og måten fakultetet har handtert opprykksska på, er det fleire spørsmål å stille, meiner fagforeiningsleiaren.  

— Denne saka er ikkje ferdig. Læringspotensialet er stort. Ei ekstern gransking ville vere naturleg å vurdere. 

Dorte Madsen sjølv ønskte ikkje å uttale seg om saka måndag kveld.

— Skandale

Fleire har i Khrono vore sterkt kritiske til fakultetsleiinga si behandling av Madsen, og saksbehandlinga i etterkant av at den nasjonale komiteen anbefalte opprykk. Professor ved UiB, Gisle Selnes, kalla saka for ein skandale og uttrykte bekymring for tilliten til universitetet og prinsippet om likebehandling. 

Biologiprofessor Trond Amundsen ved NTNU «hoppa i stolen» då han las om opprykkssaka. Amundsen, som sjølv har ti års erfaring frå dei nasjonale komitéane som vurderer opprykkssøkander, kalla saka for «alvorleg og uheldig».

 

Powered by Labrador CMS