koronautbrot i bergen

Etterlyser retningslinjer for praksis

Då mutantviruset stengte ned fleire kommunar på Austlandet, kom Kunnskapsdepartementet snøgt med ei praksisavklaring. No ventar rektor Gunnar Yttri på beskjed om kva som skjer med dei 1800 studentane som skal ha praksis i Bergen.

Gunnar Yttri er rektor for Høgskulen på Vestlandet. Etter at studentar no ikkje får ha praksis, er han uroa for læringsutbyttet. Han etterlyser òg tydelege retningslinjer frå departementet.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Altfor mykje er uklårt, seier Gunnar Yttri.

Han er rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Høgskulen har den største campusen i Bergen. Her skulle 1800 studentar hatt praksis no, både i helsevesenet og på skular. Men eit utbrot av mutantvis i Bergen, gjer at praksissituasjonen er uoversikteleg. Bergen kommune er plassert i såkalla ring 1, med strenge tiltak. Kommunane rundt er i ring 2.

— Helsedirektoratet har sendt ut ei melding til Bergen kommune om at dei ikkje treng ta imot studentar i praksis. Me har vore i kontakt med Kunnskapdepartementet sidan søndag kveld, men har ikkje fått noko tilbakemelding, seier Yttri til Khrono midt på dagen tysdag.

Austlandet fekk brev

Då mutantviruset stengde ned ti kommunar på Austlandet, gjekk Kunnskapsdepartementet snøgt ut med ei melding der det heitte at praksis «gjennomføres i tråd med regler og råd om smittevern, og i samråd med praksisfeltet».

Ei slik melding har altså ikkje vorte sendt ut no. Yttri seier at dette mellom anna betyr at sjukepleiarstudentar som skulle hatt praksis i kommunen ikkje får ha praksis, medan dei som har praksis i helseføretaka, får gjennomføra som normalt. Lærarstudentane har praksis i ulike kommunar, som ligg i ulike «smitteringar».

— Me treng tydelege felles retninglinjer. På Austlandet fekk dei tidleg føreseielege vilkår for praksis, seier Yttri.

Uroa for læringsutbytte

I ei melding på høgskulen sine nettsider heiter det at alle studentar må halda seg oppdatert på ein skak møta fysisk i praksis eller delta i alternative praksisaktivitetar.

Bergen kommune har no skular og barnehagar på raudt nivå. Yttri seier i meldinga at styresmaktene heilt sidan i fjor vår har tilrådd at praksis for lærarstudentar vert gjennomført òg når drifta er på raudt nivå.

No må høgskulen gå gjennom staus for alle dei nærare 1800 studentane som skulle hatt praksis.

— Ein ting er at dette gir oss meirarbeid. Men det byrjar å verta veldig kritisk for læringsutbyttet, seier Yttri.

Nokre av studentane som skulle hatt praksis er på første studieår. Andre er i siste år, og har òg tidlegare fått amputert praksis.

— Eg synest dette er famling og viser mangel på samordning frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. No er me på tredje dagen, og vår eigar har så langt ikkje sagt noko som helst, seier Yttri.

Ikkje svar frå KD

Khrono sendte midt på dagen tysdag spørsmål til Kunnskapsdepartementet på epost, og spurde mellom om det vil verta laga felles retninglinjer og om departementet var kjent med Helsedirektoratet si tilråding. Eit døger seinare har det framleis ikkje kome svar.

Nina Sandberg (Ap) har òg teke tak i saka, og stilt eit skriftleg spørsmål i Stortinget til forskings- og høgre utdanningsminister Henrik Asheim.

«Vil statsråden sørge for at det snarest kommer felles retningslinjer for gjennomføring av praksis, som vil gi studentene forutsigbarhet under pandemien?», skriv Sandberg.

Vidare skriv ho at ein kan rekna med utbrot av mutantvirus fleire stader, og at det trengs tydelege, felles retningslinjer for gjennomføring av praksis.

Tiltaka i Bergen og kommuane rundt skal i første omgang vara til 14.februar.

Saka er oppdatert 10.februar kl 12.29 med spørsmål frå Nina Sandberg

Powered by Labrador CMS