smitteutbrot i førde

Testar alle studentane som har vore i kommunen

Alle studentar som har vore i Sunnfjord kommune dei siste ti dagane vert no koronatesta. Bakgrunnen er eit smitteutbrot blant studentar i Førde.

Sunnfjord kommune massetestar no studentar. Her ser du teststasjonen ved sjukehuset i Førde.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert)

12 studentar har per onsdag ettermiddag fått påvist koronavirus, 15 er sett i isolasjon og mange fleire i karantene. Det er status i Førde. Her har Høgskulen på Vestlandet (HVL) campus, og både sjukepleiar- og ingeniørutdanning.

— Vi tar høgde for at vi får fleire smittetilfelle framover, seier HVL-rektor Gunnar Yttri i ei melding onsdag ettermiddag, då talet var oppjustert frå 8 til 12 koronasmitta studentar.

Både Sunnfjord kommune og Helse Førde stoppar all praksis inntil vidare, skriv Bergens Tidende. Og no skal alle studentar som har vore i kommunen dei siste ti dagane testast. Det seier kommuneoverlege Øystein Furnes til Khrono.

— Me testar alle, ikkje berre dei som skulle hatt praksis. Når dei har fått negativ test kan dei som skulle hatt praksis, gå tilbake, seier Furnes.

Han seier at testkapasiteten er god, og håpar massetestinga kan starta torsdag.

Innreisesmitte

Først trudde kommuneoverlegen at smitteutbrotet i Førde kunne knytast til eit klatresenter i Førde. Men så fann ein at det kunne knytast til studentmiljøet.

— Me har ganske god oversikt, og knyter utbrotet til innreise frå eit austeeuropeisk land. Me ser at det er smitte i to klyngjer, og det er mogleg at desse to heng saman, seier Furnes.

— Mistenkjer de at det er mutantviruset som er på ferde?

— Ein genetisk analyse vil vise kva variant det er. Men me må agera på same måte uansett.

Digital undervisning

HVL har bestemt at undervisninga for studentane i Førde vert digital ut denne veka, og fredigheitstreening og øvingar avlyst, men campus er framleis open. Det fortel rektor Gunnar Yttri.

Me har lenge hatt særskilte tiltak, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

— Kva konsekvensar får det for studentane at praksisperioden vert kortare?

— HVL må arbeida med tiltak som gjer at studentane likevel får godkjent utdanninga si. Me har god trening i å laga alternative opplegg, seier Yttri.

Han seier høgskulen følgjer tett opp det kommunelegen gjer.

— Me tek vår del av ansvaret og må følgja opp både studentane og den utdanninga dei er ein del av, seier Yttri.

Fleire hundre i karantene

Det er 150 studentar frå Fakultet for helse og sosialvitskap som skulle hatt praksis i Helse Førde frå denne veka. I tillegg skulle nokre hatt praksis i kommunen. Dekan Randi Skår seier til Bergens Tidende at ho er uroa over konsekvensane. Mange studentar jobbar deltid utanom studia.

— Dette vil svekka tenestene både i helseføretakeet og kommunane. Me må i fellesskap prøva å løysa dette best mogleg, seier Skår.

BT skriv at Sunnfjord kommune hadde 13 smittetilfelle tysdag, det er det høgaste talet dei har hatt. Onsdag morgon kom det melding om fem nye smitta.

I tillegg til smitte i studentmiljøet er det både sjuke tilsette og tilsette i karantene ved sjukehuset i Førde, og det er òg ein person ved Førde sjukeheim som har fått påvist smitte. Totalt er fleire hundre personar i Førde no i karantene.

(Saka er oppdatert kl 17.45 med oppjustering av talet koronasmitta studentar)

Powered by Labrador CMS