Ann-Kristin H. Gujord og Anna-Marie Kjøde Olsen er to av forskarane som har undersøkt språksituasjonen for internasjonale ved universitet og høgskular. Dei har funne ut norsk språk ikkje blir rekna som viktig i rekrutteringa. Foto: Njord V. Svendsen

Engelsk i akademia: Møter få eller ingen krav om å lære norsk

Språk. Utlendingar som kjem til Noreg for å jobbe på universitet og høgskular blir fortalt at dei ikkje treng å lære norsk, stikk i strid med språkpolitiske retningslinjer.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Gjennomgåande møter internasjonalt tilsette ei haldning om at det ikkje er så nøye med norsken. Fleirtalet av dei som ikkje kunne norsk då dei kom, rapporterer at språk aldri var tema under jobbintervjuet, seier Ann-Kristin H. Gujord, som er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen (UiB).

FAKTA

Norsk og engelsk i akademia

Prosjektet Norsk i akademia (NINjA) ved Universitetet i Bergen undersøker kva plass det norske språket har blant internasjonalt tilsette ved universitet og høgskular. Det er første gong ei slik kartlegging blir gjort.

Forskarane har undersøkt 12 norske institusjonar, blant desse er Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen (UiB), NTNU, Norges arktiske universitet UiT og OsloMet.

Undersøkinga er gjennomført etter eige initiativ frå forskarane ved UiB, som til dagleg forskar på norsk som andrespråk .

Norsk språk taper terreng på fleire frontar på norske universitet og høgskular. Publiseringa skjer i all hovudsak på engelsk, og stadig meir av undervisninga går på engelsk.

Internasjonaliseringa har ført til at stadig fleire tilsette ikkje har norsk som morsmål. Institusjonane er pålagt ved lov å ta vare på norsk som fagspråk og å halde seg med ein språkstrategi. Ei kartlegging Språkrådet gjorde i 2018 viste at 70 prosent av universitet og høgskular hadde innført språkpolitiske retningslinjer. Kartlegginga viste også at retningslinjene berre unntaksvis vart følgt opp i praksis.

Både Språkrådet og regjeringa har uttrykt uro over den sterkt aukande bruken av engelsk på universitet og høgskular. Forslag til ny språklov skal etter planen presenterast på nyåret og blir truleg vedtatt før sommaren 2020.

Vi ser tendensar til at språkkonfliktane blomstrar

Ann-Kristin H. Gujord

Saman med kollegaer som arbeider med norsk som andrespråk på UiB står ho bak ein ny studie som har undersøkt korleis det står til med det norske språket blant dei internasjonalt tilsette på norske universitet og høgskular. Det er første gong ei slik undersøking er gjort i Noreg.

Motivert — manglar tilbod

Forskarane har i tillegg til ei omfattande spørjeundersøking på 12 norske universitet og høgskular, intervjua internasjonale forskarar frå ulike stillingskategoriar om den språklege praksisen deira.

Undersøkinga viser at mange internasjonale er motiverte for å lære norsk, men opplever at det er lite tilrettelagt på arbeidsplassane for å gjere det – trass i at mange institusjonar har hatt språkpolitiske retningslinjer med krav til norskopplæring.

— Dersom ikkje institusjonane har retningslinjer og implementerer desse, er konsekvensen at ein stor del av dei tilsette i akademia ikkje kan norsk, seier Anna-Marie Kjøde Olsen, universitetslektor og ein av dei andre som har jobba med undersøkinga.

Sjeldan undervisning på norsk

Resultata frå undersøkinga frå forskarane i Bergen underbygger inntrykket av at norsk språk er på veg ut til fordel for engelsk i store delar av forsking og høgare utdanning i Noreg:

* Internasjonalt tilsette kjenner ikkje kva rettar og plikter dei faktisk har til å lære norsk. Retningslinjene er «sovande» og ikkje implementerte.

* Dei intervjua fortel om ekskludering i arbeidsmiljøet på grunn av manglande norskkunnskapar. Det er også rapportert om konfliktar mellom grupper av tilsette: Ved å la vere å lære seg norsk kan ein sleppe unna møter og administrative oppgåver – og dermed skaffe seg meir verdifull forskingstid.

* To av tre av dei som underviser og rettleier rapporterer at dei sjeldan eller aldri gjer det på norsk. Internasjonalt tilsette fortel også om tilfelle der dei og kollegaer har halde forelesingar på engelsk sjølv om det er bestemt at kurset skal gå på norsk.

— Vi ser tendensar til at språkkonfliktane blomstrar både mellom grupper av tilsette og mellom studentar og tilsette i mangelen på ein klar og gjennomført språkpolitikk, seier Gujord.

Kjenner seg lurt

Det kan sjå ut til at dei internasjonale blir gjort ei bjørneteneste når dei blir fortalt at dei ikkje treng å lære norsk: For å kunne ta på seg verv og administrative oppgåver, få leiarposisjonar og ta del i universitetsdemokratiet viser det seg etter kvart nødvendig med gode norskkunnskapar.

Etter kvart opplever mange at det blir ei ulempe å ikkje ha lært språket. Mange seier dei skulle ønskje at nokon hadde fortalt dei om krava til norsklæring tidlegare.

Dette bildet samsvarar med resultata frå ei enno ikkje publisert undersøking frå Center for Internasjonalisering og Parallelsproglighed ved Universitetet i København. I studien som ber tittelen «Don’t bother learning Danish» kjem det fram at internasjonalt tilsette føler dei blir lurte.

— Dei blir foralt «don’t bother», det er ikkje nødvendig å lære dansk. På eit tidspunkt oppdagar dei at det er ei stor løgn, at det blir ei hindring for karriereutviklinga å ikkje kunne dansk, seier leiar for senteret i København, Anne Holmen.

I undersøkinga frå UiB er det tydeleg at dei internasjonale i administrative stillingar er langt betre i norsk enn dei vitskapelege. Blant dei administrative seier 60 prosent at dei er flytande eller svært gode i norsk. For dei vitskapelege seier 34 prosent det same.

Engelsk på frammarsj

Presset frå engelsk er blitt eit heitt tema i akademia, ettersom norsk er blitt stadig meir marginalisert, også på fagområde det er det tradisjonelt har hatt ein sterk posisjon. Ifølgje statistikk frå Nifu er engelsk på frammarsj også på felt der norsk har stått relativt sterkt, som i humaniora og samfunnsvitskap.

Rekrutteringa til stillingar i sektoren er også stadig meir internasjonal.

I ein reportasje i Khrono frå Norges handelshøyskole (NHH) kom det fram at tre av fire nytilsette i dag kjem frå utlandet. På doktorgradsnivå er norsk ikkje i bruk, og på masternivå er 75 prosent av kursa på engelsk, trass i at meir enn 8 av 10 studentar er norske. NHH har nyleg vedteke nye språkpolitiske retningslinjer etter ein hard dragkamp der den eine sida ønskte mellom anna å kutte ut norsk heilt på masternivå. I Noreg er talet på internasjonale doktorgradskandidatar dobla på ti år.

Ifølgje Språkrådets rapport om norsk fagspråk frå 2018, vart talet på emnekurs på engelsk dobla frå 9 til 20 prosent frå 2007 til 2016.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø har fleire gonger mint universitets- og høgskulerektorar om det lovpålagte kravet dei har om å ta vare på norsk fagspråk. Det er no eit krav at alle skal utarbeide språkpolitiske retningslinjer med norskopplæring som ein del av dette.

Skal følgje opp

Undersøkinga om språkbruken blant dei internasjonalt tilsette er gjennomført etter eige initiativ frå forskarane ved UiB, som til dagleg forskar på norsk som andrespråk. Tre av forskarane, Anna-Marie Kjøde Olsen, Else Berit Molde og Ilka Wunderlich underviser også internasjonalt tilsette i norsk.

Studien frå forskarane i Bergen skal no følgjast opp med fleire intervju og utvidast med ei undersøking blant mellomleiarar i akademia.

— Mange har meiningar, og det har vore mykje synsing i språkdebatten, men empirien har mangla. Derfor har vi ønskt å finne ut meir kva som faktisk er situasjonen, seier Gujord.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS