Debatt ● Heming H. Gujord

Ein nobelpris til begjær

Heming H. Gujord melde forfall til møtet om KI i humaniora og sette seg til kakebordet. For sårbare humanistar er dette uvanleg kost. At Jon Fosse fekk nobelprisen i litteratur — det er nesten ikkje mogleg å seie.

Konditoren nok var betre til å bake enn til å lese korrektur, men ingen lèt seg merke med det. For dette var ei storhending: Ein tidlegare student, Jon Fosse, hadde fått nobelprisen i litteratur!
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Fredag 6. desember kansellerte vi alle avtalar på Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Det kom kake på bordet. «Kære LLE», stod det på kaka. «Gratulerer med Nobelprisen». Ingen lèt seg merke av at konditoren nok var betre til å bake enn til å lese korrektur, for dette var ei storhending. Ein tidlegare student, Jon Fosse, hadde fått nobelprisen i litteratur. Sjølv meldte eg forfall til møtet om KI — kunstig intelligens — i humaniora. I staden sette eg meg til kakebordet. Der var det mykje folk og god stemning.

Nei, det var ikkje vi som hadde fått nobelprisen. Prisen gjekk til Jon Fosse som i sin tur sa takk til nynorsken. Men også vi hadde grunn til å vere glade. At Jon Fosse hadde vore student på instituttet og tatt hovudfag i litteraturvitskap, var no ein ting. At han var æresdoktor ved UiB ein annan. 

Men vi hadde også merka oss orda til Mats Malm, sekretæren i Svenska Akademien, som med stø røyst kunngjorde prisen. Jon Fosse fekk Nobelprisen fordi han hadde gitt røyst til det «osägbara». Fosse hadde altså fått prisen fordi han hadde trengt fram til det som ikkje kan seiast, det som ikkje kan målast og det som ikkje kan vegast. Så høg verdi kunne altså dette ha at det kunne nå heilt opp til ein nobelpris.

Det er lite ærefullt å snike seg inn i andre sitt rampelys. Fosse sjølv lèt seg intervjue einsam på ei ferjekai, og stadig er det hans pris aleine. 

Men det er no ein gong slik at vi som har ansvar for dei humanistiske faga har kjent oss litt sårbare. Innovasjon, entreprenørskap og arbeidslivsrelevans er tidas melodi, og vi er ikkje dummare enn at vi forstår at vi må levere på dei bestillingane vi får. Men så finst det dimensjonar som ikkje er så lett å sette på desse formlane. Faga våre strekker seg frå klassisk med latin og gresk, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, språkvitskap, nordisk og heile vegen fram til digital kultur. 

Her har UiB gjort prioriteringar som kostar i augeblikket, men som kan svare seg på sikt. For det er UiB som har tatt på seg ansvaret med å røkte dei norske språka gjennom språksamlingar og ordbøker. Og når kaka for nobelprisen kjem på bordet, kan vi også vere glade for at eit fag som teatervitskap finst på vår meny. Verdien av det «osägbara» finst på mange plan, også på universitetet. 

Innovasjon, entreprenørskap og arbeidslivsrelevans er tidas melodi, og vi er ikkje dummare enn at vi forstår at vi må levere på dei bestillingane vi får. Men så finst det dimensjonar som ikkje er så lett å sette på desse formlane.

Heming H. Gujord

Så Jon Fosse får ha meg unnskyldt om eg no snik til meg ein liten flik av hans rampelys. Men vonleg har vi stelt oss slik at nobelprisvinnaren kjenner seg vel ved å ha studert på ein stad som Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Etter bakardag kjem det snakardag, heiter det med eit gammalt ord. Det vil gå mange år før vi neste gong kan sette oss til bords for å ete nobel marsipankake. Takk til Jon Fosse for sterke bøker. Og takk for at han har vist fram verdien av det som ikkje kan seiast.

Powered by Labrador CMS