Universitetet i Bergen
Ein av fem strauk på eksamen. Ni studentar klagar fakultetet inn for faglege feil
9 av 46 fekk stryk etter snart fem år på profesjonsstudiet i psykologi, og meiner fakultetet har svikta. — Vi følgjer opp saka på vanleg måte, seier dekan.

Ni studentar har signert ein formell klage på eksamen som er sendt til Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Der hevdar studentane at det er gjort ei rekke faglege feil som i sum har ført til at heimeeksamen i «Psykologisk behandling», ikkje kunne gjennomførast på forsvarleg vis.
20 prosent av studentane fekk stryk på eksamenen. Det er eit krav at studentane står på eksamen for å kunne fullføre profesjonsstudiet.
Mellom anna meiner studentane at det er uklart og har skapt forvirring kva «fasit» i fagmiljøa er på diagnosen og problematikken dei fekk presentert i oppgåva. Vidare meiner dei at rettleiingane til sensorane er sprikande, og at dette har fått konsekvensar for resultatet på eksamen for fleire studentar.
Dette går fram av den fem sider lange klagen som Khrono har fått tilgang til.
«Stor påkjenning»

Studentane kritiserer også fakultetsleiinga, som dei meiner har handtert den høge strykprosenten på ein dårleg måte. «Håndteringen fra fakultetets side, vitner om svakheter som har skapt stor usikkerhet og bekymring blant studentene», heiter det i ein e-post frå studentane sendt til leiaren ved Institutt for klinisk psykologi.
Khrono har vore i kontakt med to av studentane, som ønsker å uttale seg skriftleg. I ein sms skriv dei at saka «har vært en stor påkjenning for oss studenter, da vi opplever mangelfull kommunikasjon og en begrenset forståelse frå fakultetets side».
Studentane meiner fakultetsleiinga burde ha reagert då det var klart at ein uvanleg høg andel studentar strauk på eksamen.
Dei meiner det «grunn til å stille spørsmål ved om tilstrekkelig faglig kvalitetssikring har blitt gjennomført i forkant av eksamen».
— Følger opp på vanleg måte
Dekan ved det Psykologiske fakultet, Norman Anderssen, seier han forstår frustrasjonen til studentane, men meiner fakultetet vanskeleg kunne ha følgt opp på annan måte enn dei gjer.
— Vi følgjer opp saka på vanleg måte, med normal saksbehandling. Det betyr at aktuelle fagpersonar vurderer om det har blitt gjort feil frå vår side. Dersom det skulle ende med rett til ny eksamen vil dei normalt få det gjennom ordinær kontinuasjonseksamen til våren, seier han.
Anderssen seier han har forståing for studentane, og at fakultetet står på deira side. Samstundes understrekar han at dei må følgje kvalitetsrutinane.
— Sjølv om det er spesielt at ni studentar klagar i lag, vil det ikkje vere rett å avvike frå vanleg prosedyrar og saksbehandling for klage på eksamen.
Burde fakultetet reagert raskare då den høge strykprosenten kom fram?
— Vi har 2400 studentar og mange emne kvart semester. Sensur blei publisert 6. januar. Ein representant frå studieseksjonen snakka med ein studentrepresentant på telefon 8. januar. Eg har full tillit til at fagpersonar og studieseksjonen vil sjå grundig på saka og rydde opp dersom det har skjedd feil.
Nyeste artikler
«Velg Europa, for vitenskapen»
Disse er ansatt som nye ledere
Akkrediteringskategori er ikke til hinder for kunstnerisk kompetanseprofil
Forskere i Stavanger viser sin støtte til forskere i USA
Fastlåst situasjon på NTNU
Mest lest
Gransking: Norges mest publiserende forsker opptrådte vitenskapelig uredelig
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Da de nektet å forlate rektors kontor ringte NTNU politiet. — En skamplett
Saksøker universitetet etter KI-utestengelse
Mange hundre ansatte melder om uakseptabel oppførsel på universiteter