Debatt ● Samdal, Kvamstø, Brautaset og Tjølsen
Ei stemme til Team Samdal er ei stemme til Team UiB
Difor bør du stemme på Team Samdal i rektorvalet ved Universitetet i Bergen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Stemmer du Team Samdal, får du eit påliteleg rektorat med integritet, transparens og UiB-lojalitet. Vi vil tale di sak for departement og styresmakter.
Bli varslet om debatt og nyheter
Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktigste debatt og de viktigste nyhetssakene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Stemmer du Team Samdal, får du ein ansvarleg ressursforvaltar, som ser kritisk på behovet for ressursar til UiB-fellesskapet og til fagmiljøa. Vi vil arbeide for å finne den beste balansen for økonomisk og demokratisk handlingsrom på alle nivå i organisasjonen gjennom tett og løpande dialog med fakulteta.
Stemmer du Team Samdal, får du eit respektfullt rektorat som arbeider for fagmiljøa sin eigenart og som vektlegg og anerkjenner at verdiskapinga skjer i fagmiljøa og hos studentane.
Stemmer du Team Samdal, får du eit lyttande leiarskap som vil sørge for at du kan utføre den forskinga du synest er viktigast, og vi vil utnytte heile spekteret av forskingsfinansiering og sikre gode støttestrukturar for søknadsutvikling.
Stemmer du Team Samdal, får du eit oppmuntrande rektorat som set studentane sine vilkår i sentrum. Vi vil sikre pedagogisk kompetanseutvikling blant undervisarar, og at nytilsette førsteamanuensar får tid til å utvikle undervisninga si utan å måtte bruke av forskingstida.
Stemmer du Team Samdal, får du eit imøtekommande rektorat som set samfunnsansvaret høgt. Vi vil vise arbeidslivet at våre utdanningar allereie er arbeidslivsrelevante, men vi vil òg støtte opp om tiltak som gir studentane praktisk erfaring i studiet. Vi vil òg stimulere innovasjon og entreprenørskap på faga sine premiss gjennom samarbeid og samhandling med samfunns- og næringslivet.
Stemmer du Team Samdal, får du eit utadvent UiB som er meir synleg lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Som leiing vil vi delta aktivt i universitetsdemokratisk debatt og sikre tid og kompetanse til formidling av vår kunnskap og kompetanse.
Stemmer du Team Samdal, får du eit etisk UiB som set berekraft i sentrum. Vi vil jobbe for eit klimanøytralt UiB gjennom sirkulær økonomi og CO2-kutt, og vil bidra til eit grønt samfunn gjennom tverrfagleg forsking.
Stemmer du Team Samdal, får du eit solidarisk rektorat som brenn for universitetsdemokratiet, både som ideal og i praksis. I valkampen har vi bore våre eigne argument til torgs og vore opptekne av respekt for våre meiningsmotstandarar. Som leiarskap vil vi ha gjennomsiktig kommunikasjon og opne prosessar som er forankra i fagmiljøa.
Stemmer du Team Samdal, går di stemme til Team UiB.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut