høgskulen i volda

Drøfta vegen vidare bak lukka dører

Kunnskapsdepartementet skal ha endå eit oppfølgingsmøte med Høgskulen i Volda. Men kva styret meiner dei skal snakka om, er hemmeleg.

bildet viser et styremøte, mennesker rundt et bord i hesteskoformasjon
Styret vedtok samrøystes at møtet skulle lukkast når dei skulle drøfta tilbakemelding til Kunnskapsdepartementet. Biletet er frå våren 2024, då Kjell Einar Dagfinrud var vikar for høgskuledirektør-vikar.

Høgskulen i Volda (HVO) har vore kalla inn på teppet hos Kunnskapsdepartementet to gongar det siste året.

Etter møtet i oktober sende departementet eit brev til høgskulen: Dersom høgskulen ikkje klarar å ta vare på den løpande drifta på ein god måte, vil departementet vurdera om det er grunnlag for å endra styreordning- eller styresamansetjing.

I styremøtet 11. desember skulle styret handsama sak om oppfølging av det siste møtet med departementet. Men dette skjedde i lukka møte.

Visste ikkje kva som kunne koma

— Det var uvisse knytt til kva debatten ville handla om, ein ville kunne koma inn på ting som var unnteke offentlegheit. Det var eit samrøystes styre som vedtok lukking, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim føremiddagen etter møtet.

Sakspapira er derimot opne. Der heiter det at departementet legg opp til eit møte med høgskulen i siste halvdel av januar, og at dei ber om ein undervegsrapport innan 15. januar.

— Styret må drøfta innhaldet i svaret til Kunnskapsdepartementet, korleis dette skal ferdigstillast og godkjennast av styret og kven som skal møta departementet i siste halvdel av januar, heiter det i saksframstillinga.

— Kva var det i dette som gjorde at møtet skulle lukkast?

— Det handla om den diskusjonen me rekna med kunne koma. Universitets- og høgskulelova opnar for at ein kan lukka styremøte. Men samstundes skal saker handsamast ope så langt som råd, seier Tonheim.

— Så de lukka utifrå ein «vissomatte dersomatte»-tankegang?

— Det var der me landa i går. Men openheit er veldig viktig for høgskulen.

I brevet frå departementet som ligg ved styrepapira, er det følgjande spørsmål høgskulen er bede om å svara på: «Hvilke konkrete tiltak har styret iverksatt for å møte utfordringene på kort sikt, jf. møtet 9. oktober? — Hvilke resultater forventer styret av de tiltakene som er iverksatt? — Hvilke tiltak mener styret er mest aktuelle å iverksette på kort og mellomlang sikt for å bedre den faglige resultatutviklingen og møte de administrative utfordringene».

— Styret vedtok at rektor skal laga eit utkast til ein rapport, som så skal sendast til styret for godkjenning, seier Tonheim.

Tilsette sende brev

Sidan representantar frå høgskulen møtte Kunnskapsdepartementet i oktober, har mykje skjedd:

  • Kunnskapsdepartementet har oppheva høgskulen sitt vedtak om å seia opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem
  • 170 tilsette signerte eit brev til Kunnskapsdepartementet der dei støtta styret. Etter det Khrono kjenner til, var brevet klart til sending dagen før omgjeringa av vedtaket kom frå departementet. Brevet frå departementet kom ein ettermiddag, og det som var underteikna av mange tilsette vart sendt neste morgon. I brevet heiter det: «Styret har teke ansvar. Eit einstemmig styre har sagt opp høgskuledirektøren. Ingen i styret har tillit til direktøren. Fagforeiningane har ikkje tillit til direktøren. Vi, som har signert dette brevet, støttar styret sitt vedtak i denne saka». Dette brevet har vore omtala i lokalavisa Møre-Nytt.
  • Rektor har bede om hjelp til å handtera saker

Den krevjande situasjonen som har vore ved høgskulen det siste året, starta like før jul i fjor. Då hadde styret fleire ekstraordinære møte, knytt til eit varsel mot høgskuledirektør som handla om at ho hadde gått inn i eit forskingsprosjekt. Gjennom året har konfliktene ved høgskulen vorte tydelege: Rektor har varsla mot direktør, direktør har varsla mot rektor, fagforeiningane ønskjer ikkje å samarbeida med direktør.

Administrativ bistand

No skal Universitetet i Oslo hjelpa høgskulen. I slutten av november sende rektor Odd Helge Mjellem Tonheim eit brev til Kunnskapsdepartementet. Der skriv han at styret i snart eit år handsama saker der høgskuledirektør har vore part. 

— Som følge av dette har administrasjonen ved høgskulen vore inhabil. Dette har ført til svært avgrensa ressursar til å handsama desse sakene. Styret trur det vil kome fleire slike saker framover, og ber difor departementet vurdera om HVO kan få administrativ bistand frå ein annan UH-institusjon. Det vil kunne gi tilstrekkeleg med ressursar til å handtere denne typen saker på ein forsvarleg måte, skreiv Tonheim.

Det er tre typar saker der han meiner høgskulen treng hjelp: Sakshandsaming for styret i saker som administrasjonen er forhindra frå å førebu på ein uavhengig og hensiktsmessig måte, rådgiving til styret og høve til å nytte rammeavtalar som den andre UH-institusjonen allereie har, i tilfelle det er nødvendig å hente inn spesialkompetanse — som den andre UH-institusjonen ikkje har — for å kunne handsame saker eller løyse andre utfordringar HVO står i.

Kunnskapsdepartementet skriv i eit svar til Høgskulen i Volda at dei har teke kontakt med Universitetet i Oslo (UiO), og at dei er positive til å hjelpa HVO. UiO har, som HVO, vald leiing, og HVO bad om at bistanden skulle koma frå ein institusjon med same leiingsmodell.

22 styremøte

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ønskjer ikkje å seia så mykje meir enn det som står i brevet, som han seier han forstår fleire redaksjonar har fått innsyn i frå departementet.

— Konfliktane ved høgskulen har vore tydelege i eit år. Kvifor ber de om hjelp no?

— Eg vil ikkje seia noko meir om dette enn det som står i brevet, seier Tonheim.

Styremøtet onsdag var det 22. i rekka i 2024. Berre seks av dei har vore ordinære. Eitt av dei var styremøtet 11. desember. Undervegs i styret etterlyste høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem både meir strategisk tenking og sa at høgskulen hadde tapt eit år.

— Ligg de eitt år etter når det mellom anna kjem til strategiarbeid?

— Eg opplever at høgskulen har mange svært dyktige leiarar som jobbar strategisk, og som får til mykje. Me har mellom anna fått på plass Høgskulen i Volda sitt første, eigne doktorgradsprogram, der dei første stipendiatane kjem tidleg i 2025, svarar rektor.

Powered by Labrador CMS