Høgskulen i Volda

Difor gjorde departementet om vedtaket om oppseiing

Høgskuledirektøren fekk for lite tid til å svara på skuldingane mot henne, og høgskulestyret har ikkje grunngitt godt nok kva dei meinte direktøren hadde gjort gale. Det er grunnen til at Kunnskapsdepartementet har oppheva vedtaket om oppseiing.

Kunnskapsdepartementet har ikkje gått inn i innhaldet i saka, men konkluderer med at styret ved Høgskulen i Volda ikkje har grunngive oppseiing av høgskuledirektøren godt nok. Difor er vedtaket ugyldig.

«Etter en samlet vurdering har departementet kommet til at det foreligger mangler ved HVOs saksbehandling av oppsigelsen. Feilene ved saksbehandlingen kan ha virket bestemmende på avgjørelsens innhold».

Det heiter det i vedtaket frå Kunnskapsdepartementet, som vart sendt til Høgskulen i Volda torsdag ettermiddag: Departementet kjenner vedtaket om å seia opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem ugyldig.

I det femten sider lange brevet, som Khrono har fått innsyn i, kjem det fram at det er sakshandsamingsfeil som er grunnen til at vedtaket ikkje er gyldig. Departementet går ikkje inn i innhaldet i saka, men legg vekt på to ting: Manglar ved førehandsvarselet om oppseiing og ei mangelfull grunngiving i sjølve oppseiingsvedtaket.

«Kravene til forhåndsvarsel og begrunnelse skal sikre at parten til en viss grad skal få medvirke i beslutningsprosessen. Disse saksbehandlingsfeilene innebærer etter departementets vurdering tilsidesettelse av grunnleggende krav til forsvarlig behandling i en forvaltningssak som er av alvorlig og inngripende karakter for den vedtaket retter seg mot», heiter det.

Fekk for lite tid

Som Khrono har skrive, har det lenge vore konflikter ved Høgskulen i Volda. Johann Roppen, som var rektor i åtte år, nemnde fleire saker i eit notat han sende frå seg dagen før han gjekk av som rektor.

Men det første formelle varselet mot høgskuledirektøren kom i desember 2023. Så gjekk det berre fire månader før ho fekk varsel om oppseiing. Og når varselet kom, fekk ho to veker på seg til å svara på skuldingane. Det er for kort tid i ei så alvorleg sak, meiner departementet.

«Departementet viser til at prosessen frem til vedtaket om oppsigelse har gått relativt fort, og at det er grunn til å stille spørsmål ved om det er gitt tilstrekkelig tid og rom for en forsvarlig avgjørelse. Det er i overkant av 4 måneder fra det første varselet som startet prosessen ble sendt inn, til tidspunktet da Emblem ble sagt opp. Det gikk en måned fra Emblem mottok forhåndsvarsel til styret traff vedtak om oppsigelse», heiter det i vedtaket.

Som Khrono har skrive, meinte Emblem at det var vanskeleg å vita kva klagene mot henne eigentleg handla om

— Høgskulen har eigne rutinar for handsaming av varsel og klage på ulike forhold. Desse rutinane er ikkje følgt i dei ulike sakene mot meg. Mange av klagene og påstandane er svært uklåre, og det har vore vanskeleg både å vita kva som ligg i det og å svara ut, har ho sagt.

Departementet støttar henne i dette, og viser til at dei ved to høve i klagehandsamingsprosessen måtte ta kontakt med høgskulen for å få avklaringar. Dette «underbygger både tvilen rundt om Emblem har hatt tilstrekkelig informasjon i forhåndsvarselet til å svare ut anførslene og at oppsigelsesvedtakets begrunnelse kan anses som mangelfull».

Advokat: Inga overrasking

Ann-Kristin Emblem har ikkje ønskt å uttala seg til Khrono. Advokaten hennar, Andreas Holmes-Ringstad, skriv i ein sms til redaksjonen at følgjande kommentar er den einaste han kjem til å gi:

«Fra vår side kom ikke dette vedtaket som noen overraskelse. Dette er i tråd med vår argumentasjon. Utover det vil vi ikke gi ytterligere kommentarer. Ann-Kristin Emblem har ikke på noe tidspunkt hatt et ønske om å være del i en mediesak. Det gjelder fortsatt, selv om vedtaket gikk i hennes favør.»

Emblem uttaler seg til Møre-Nytt. Der seier ho at det har vore ei krevjande tid, men at ho vert verande i jobben. 

— Først tenkte eg at det var godt at vedtaket kom. Dette har vi venta lenge på. Det var også sjølvsagt godt å lese både konklusjonen og resonnementa til departementet.

På spørsmål om kva ho tenkjer må skje vidare no, svarar ho:

— Akkurat i dag overlet eg det til styret. Det er trass alt styret som er ansvarleg. Det er viktig at dei reflekterer rundt den situasjonen vi no står i.

Vil vurdera konsekvensar

«Krevjande» er også omgrepet Silje Louise Dahl brukar. Sidan rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er inhabil i saka, er det ho som er fungerande styreleiar.

Dahl seier at styret har behov for å vurdera vedtaket frå departementet.

— Det er sakshandsamingsprosessen som er vurdert, ikkje innhaldet i saka, seier ho.

— Kor går vegen vidare no?

— No må me vurdera kva konsekvensar dette vedtaket får og me må vurdera ulike handlingsalternativ, utifrå kva som er best for tilsette og studentar ved høgskulen.

— Har styret vurdert å gå?

— Me har ikkje konkludert i desse vurderingane. Men av omsyn til dei tilsette, studentane og den daglege drifta, vil styret konkludera med vegen vidare så snart som råd, seier Dahl. 

Rektor Tonheim har sagt at han vert sitjande.

Departementet har ikkje svara på spørsmål frå Khrono fredag.

Powered by Labrador CMS